30 juni, 2007

Sør-amerikanarar (stort sett)

Eg skal no ta føre meg laurdagskvelden ved studentboligen Ederle i Padova:

Etter ein litt døll laurdag, med Formel 1-kvalifisering (åleine) i kinosalen og ein telefonsamtale litt seinare på dagen som høgdepunkt, hadde eg sett meg ned for å lesa i ei bok eg kjøpte etter siste eksamen, ein slags premie. Den heiter Coraggio del pettirosso og er god men litt tunglest. Det skal eg ikkje gå nærmare inn på no. Eg vart avbroten av særdeles høg søramerikansk musikk og lukta av grillmat, og det var altså ein skokk (bokstavleg tala, ein skokk angjev ein mengde på 40, faktisk) søramerikanarar som festa noko eg ikkje har forstått kva er. Ein slags konfirmasjona, er det vel. Det er mykje rart som luskar rundt med kjeften full av filtersigarettar og ølboksar, ringar og smykker og pastellfargar og slikt. Ein gjeng sicilianarar har slege seg saman med dei, kanskje mest for å snylta øl, kva veit eg. På terassen utanfor, der me vanlegvis heng og drikk automatkaffi, satt ein liten gjeng bebuarar frå nord-Italia og rista på hovudet: musikken var i høgsaste laget og litt masande, og ingen var i stand til å studere i dette bråket. Og det er eit godt poeng: kvifor vert det arrangert slike ting på sein kveldstid midt i tjukkaste eksamensperioden?! Desse italienarane fortalte meg forøvrig om at alt nedan for elva Po er utmark, ifølge dei som bur nordanfor, bebuarane kallar dei for terroni, eit slags semi-skjellsord. Det er vel litt som Finnmark er i Noreg, berre at området nedanfor Po utgjer over 50% av Italia. Eg har vore utanfor og prøvd å halda gåande ein samtale, men sambaen er for høglytt. Blir mykje diskant med alle desse trompetane... Eg har heller observert dei som går fram og tilbake og det er mykje 5 dagars-skjegg, kvite skjorter som er oppknappa ned til navlen og gestikuleringa held høgt nivå. Det er mogeleg at dei faktisk må ty til teiknspråk med den høge musikken.

No skal eg okkupera meg på rommet til sambaen og heiaropa har roa seg, og snakka litt i telefon. Kven veit. I mellomtida kan eg nytta høve til å minna om at det ikkje berre er her nede det er ordensforstyrring på høgt nivå: http://www.ba.no/nyheter/article2856924.ece

29 juni, 2007

Tigermyggen og sikadane

For ei knusande kjekk overskrift, det høyrest ut som tittelen på ei barnebok. Diverre er det ikkje slik, det er harde fakta og det er langt mindre kosleg enn barnebøker (for dei som likar slikt). Ein liten digresjon: akkurat når eg hadde sett meg ned framfor pc-en for å skriva kom ein bøling spanjolar inn, 6-7 personar, for å surfa litt på internett og slikt. Desse held eit lydnivå som er alldeles ugudeleg, dei slår faktisk italienarane, som ikkje akkurat brukar innestemma ofte. Absolutt alle snakkar samtidig og høgt, og nokon tullar og ropar. Og no går dei sin veg. Passar bra, eg har hovudverk så det held i dag. Eg meiner det er på grunn av litt for lite inntak av væske, litt dårleg søvn (trass i uthaldelege temperaturar) og eit trugande tordenvêr. Blir det ikkje torden i dag blir det aldri torden! Eg ser eg har mista tråden litt angåande overskrifta... I går kveld etter eksamen (men før bloggen eg skreiv) sat eg utanfor her med ein kompis frå Torino som i likheit med meg lid under mangelen på høge fjell her. Me hadde kjøpt oss kvar sin pizza som me sat og åt og etterpå kom eit par andre personar som me prata med og hadde det kjekt og så vidare. Når eg skulle gå la eg merke til at sjølvaste Tigermyggen, den stripete myggen som stikk opptil fleire gonger på same person og som lagar stikk av ei anna verd, hadde vore og forsynt seg grovt av blodet mitt, A+ for dei som lurer. Resultatet var åpenbart mange nye plassar å klø på, men verst av alt var at dævelen hadde stukke meg i øyret. Ikkje inni øyregangen, men litt over øyreflippen, der det stort sett er brusk. Noko så utgjort har eg aldri vore borti. Sjølvsagt har eg eit par stikk på underarmen og overarmen og litt på halsen og, berre for å vera sikker. Kva sikadane gjeld er dei noko av det mest irriterande eg har vore borti, det er berre han tjukke portvakten med berre eitt øyre og ansiktet fult av vorter som er meir irriterande (spør Henriette for meir informasjon om han). I dag vart eg faktisk vekt av desse sikadane, det verkar som dei nærmar seg vindauget mitt for kvar dag, for lyden blir utan tvil sterkare. Eg vil nødig gjenta meg sjølv, men eg gjer det lell: at insekt kan bråka så infernalskt hadde eg aldri trudd. Og italienarane seier at dei knapt leggjer merke til det -> kjøss meg i få'n!

Eg har tidlegare nevnt at ein annan som bur her var uheldig og braut begge underarmane og måtte gå med gips frå under skuldrene og ned til fingrane. Det er no 70 dagar sidan. Han heiter Salvatore og er ingeniørstudent. Gipsen på høgrehanda forsvann etter 40 dagar, og i går var han på eit sjukehus eit par timar nord for Padova for å ta gipsen av venstrearmen og, altså over 2 mnd sidan han braut armen under ein fotballkamp (han ramla bakover og tok seg for). Dette hadde han gleda seg til som den ungen han er. Når eg i går kom midlertidig tilbake til Ederle, eg måtte jo komma tilbake etter lunsj for å gjera min eksamen som de jo kan lesa om nedanfor, var Salvatore nett attendekomen og han var ikkje blid. Han må gå med gips på venstrearmen i 20 dagar til, og det var han ikkje førebudd på. Han gjekk rundt i sirkel utanfor og røykte filtersigarettar og banna skikkeleg høgt på siciliansk. Det var nesten så eg tykte synd i han, men eg hadde eksamen å tenkja på. No er han derimot i godt humør att.

Avslutningsvis vil eg komma med ei oppmoding til folk som les dette og som jobbar med telefonsalg og liknande (sjølv om det kanskje er usannsynleg): venlegast gi faen i å ringja meg, iallefall med hensikt å selgja meg ting eller for å få meg til å bytta abbonnement eller faen veit. Eg gløymer ofte at mobilen med norsk mob.nr ligg her og tek imot samtalar, eg har nemleg skrudd av lyden ettersom det kostar meg 8 kroner berre å ta telefonen. Denne var tom for batteri førre veke og då lada eg den opp. I løpet av ei knapp veke har folk frå telefonsalg av diverse art (eg har sjekka nummera på internett) ring omtrent 10 gonger, minst 5 forskjellige nummer. Samt ein privatperson som har ringt feil (eg kjenner ingen på Lillehammer).

28 juni, 2007

Ferie!

No er det endeleg ferie for meg og, det var på høg tid og særdeles fortent. I dag hadde eg siste eksamen, C-modulen i moderne litteratur. Professoren var særdeles rundhanda, men eg trur han var litt beæra over at nokon frå utlandet ville studere ein sær italiensk poet som døydde allereie i 1907. Når eg valde faget var eg ikkje klar over at det skulle innebære så mykje turr diktanalyse, men eg rodde det heile mesterleg i land med karakteren 26. Gjennomføringa av eksamen ligg derimot nærmare strykkarakter frå mi side: eg kom klokka 9.30 som eg skulle og så gjekk han gjennom lista over frammøtte. Eg var nr. 23 og måtte gå heimatt for så å returnera etter lunsj, som varte frå 13 til 15. Trass i at det var ein eksamen verd 3 fattige studiepoeng tok professoren, som er ganske sympatisk, seg tid til å eksaminera kvar enkelt student i 20-30 minutt. Eg tykte det var litt i overkant men han får vel timebetalt og ein treng vel alle timane ein kan få når lønna er litt under halvparten av kva ein tener i Noreg. Kva skal eg gjere no, tru? Jau, eg skal reisa litt omkring både på eigahand og med min innfødde guide Mattia. Og eg skal lesa bøker i eit forrykande tempo.

Det er litt mindre varmt no, det gjer meg ikkje noko som helst og ingen andre klagar i overkant mykje heller. Skjønt, ein eg tok eksamen med i dag fortalte at han vakna opp med ei lett forkjøling i dag tidleg. Dei er meg nokre skjøre blomar desse søreuropearane. Ein ting som kom saman med varmen og som ikkje har forsvunne er sikadane. Desse bedritne skapningane held på å drive meg til vannvidd med den ubeskrivelege lyden sin. Det er heilt utruleg at insekt er i stand til å bråka så ille! Dei innfødde seier at ein blir vand med det men eg har langt igjen trur eg. No har eg heldigvis ikkje eksamenar å plagast med så det skal gå.

Ellers er det ikkje noko nytt å melda. Dei finske snøballane reiste heimatt i dag, om eg skal tru på rykta. Det var dett. Nok ei gong god bedring til ho tante: God bedring.

Ikkjeekstraordinær oppdatering:
Eg tok eit snikfoto under eksamen i går som eg prøvde å senda til meg sjølv på epost, men Italia og mobiltelefonar er ikkje stort å skryta av. No har eg fått ordna det, og slik ser det altså ut under ein muntleg eksamen ved universitetet i Padova. Merk dei dekorerte veggane, ikkje noko tull altså. Den vetle mannen med kvitt hår og usedvanleg runde briller er professoren. Biletet kan klikkast på, då vert det større.



26 juni, 2007

Ven kar!

No har eg vore flink og gjort unna enno ein eksamen, denne gongen var det Eldre italiensk litteratur (12-1500 + analyse av Canzoniere). Eg har studert dette faget ganske hardt og i preme fekk eg 27. Det er eg nøgd med. Eg fekk og skrive karakter og signatur på at eg har teke Italiensk språk, men her vart karakteren berre 23. Det drit eg i, så lenge eg står. I overimorgon har eg ein liten eksamen og så er det sumar (obs: ikkje i Lærdal). Då skal eg råna omkring med Mattia og ta bilete og eta ugudelege mengder is.

Nokre lurer nok på korleis vêret er her nede, og det er ikkje så rart når ein les aftenposten i dag. Eg må faktisk sei at det er ikkje så hakkande gale her for augneblinken, det er litt under 30 grader og luftfukigheita er nesten til å halde ut. Ein eg kjenner frå Napoli fortalte at det var over 40 grader der i helga og tilstanden var ikkje til å halde ut.

Nok for no. Pc-en er så ræv dårleg at eg held ikkje ut å skriva meir.

23 juni, 2007

Hæt, hæt, hæt!

Varmen, eller luftfuktigheita, er i ferd med å knekkje meg her nede, så eg har byrja å hengje der det er air condition: datarommet og biblioteket, samt kinosalen når den er tilgjengeleg. I gårkveld kraup faktisk alkoholen i gradestokken eg har på rommet under 30 grader for første gong på ei god veke, og slo seg til ro på 27 grader - ei gledens stund! Apropos kinosal, eg og nokre andre såg Full Metal Jacket i forigårs natt, sjølvsagt med italiensk lyd. Det var ikkje heilt det same, men eg lærte meg iallefall eindel fine gloser i første halvdel av filmen.

Heldigvis, mtp. temperaturen, slepp eg å studere så voldsomt hard no. Eg hadde skriftlig eksamen i italiensk språk på tirsdag og muntleg i grammatikk på onsdag. Grammatikken fekk eg 28 på og språk-eksamen fekk eg foreløpig 25 på. Eg seier foreløpig fordi eg har fått karakteren på kun den eine halvdelen, den andre karakteren får eg måndag og den er neppe betre. Så lenge eg ikkje stryk kan det vera nett det same for meg, ho øgla som er professor i faget vil eg berre sjå til å unngå. Ho stryk folk over ein lav sko, og ho går ikkje akkurat med høghælte sko, for å sei det slik. Ho er i så måte unnataket her i Italia, sånn generelt. Korleis ein klarar å kombinera 20 cm høge og spisse hælar med brustein er eit mysterium, eg hugsar Henriette klødde seg i hovudet meir enn ein gong. No har eg spora av att... No for tida les eg eldre litteratur, men det har eg lese så mykje frå før at det knapt er anna å gjera enn å friska opp litt detaljar. Professoren i faget er som tidlegare fortalt ung og sympatisk (i motsetning til ho nevnt ovanfor), så det er ikkje noko å stressa med. Dette er ein større eksamen: 9 studiepoeng. Torsdag skal eg gjera 3 studiepoeng i moderne litteratur om ein poet som er like spennande som prøvebildet på tv. Eg trur eg har denne inne og, det er berre å lesa litt i ei bok. Dermed skal eg etter planen vera ferdig og då er det berre å springa rundt og ta bilete og kjøpa nips før eg reiser. No må eg ut og kjøpa kontantkort og ein liter juice.
Og eg lyt sjølvsagt ynskja god betring til ho tante: God betring!

19 juni, 2007

Hæt!

Jau, i dag hadde eg eksamen i italiensk språk, og det gjekk eigentleg heilt greitt. Iallefall første delen. Eg hadde blitt advart av andre som bur her om at det var ein vanskeleg eksamen, og det var delvis korrekt. Men no er det gjort og eg har ikkje behov for betre enn ståkarakter, så då er det eigentleg det same. I gårkveld lada eg opp med å sitja utanfor her med ein heil gjeng medbebuarar og prata, eller i hovedsak høyra på, pisspreik av variert slag. Ganske kjekt, men det er også slik at det ein ikkje har lært dagen før eksamen det lærer ein ikkje til eksamen uansett, så då var det berre å ta det med ro. Ikkje gadd eg lesa heller. Dessuten har grammatikk-eksamen, som eg og skulle ha i dag, blitt utsett til i morgon. Det passar meg utmerket, då kan eg lesa på det mest umogelege i dag som eg har fått unna den fordømrade språkeksamen. Grammatikken er ganske komplisert og grusom, men med sognamål kjem ein heilt til Istanbul (om ein i det heile tatt vil dit).

Eg har skamma meg litt over å ha forsømt fotografering av byen så langt, alt eg har er nokre små bilete frå Venezia og noko anna skrap. Men no har eg skjerpa meg og faktisk putta kameraet i sekken når eg har gått på forelesning og eksamen, sånn i tilfelle. Problemet har og vore at minnekortet mitt ikkje er så stort: det er 128 mb, eg kjøpte det saman med kameraet. No har teknologien gått framover også dei siste fire åra, og i dag kjøpte eg eit minnekort på 1024 mb til 200kr. Det skal eg fylla med bilete. Når eg er ferdig med eksamenane, forhåpentlegvis torsdag neste veke, skal eg på bilturar med Mattia og ta bilete av alt eg kjem over. På max-kvalitet har minnekortet plass til over 600 bilete. Fantastisk.

Og bra var det at eg hadde med meg kameraet i dag. Frida frå Sverige var ferdig med eksamen kl. 10, eg var ferdig kl. 11 (eg tok begge modulane, ho tok berre ein), så etterpå stakk eg ned til ho på besøk. Ho fortalte at ho hadde truffe på ein annan student som budde i samme bygning som ho, nærmare bestemt i 11. etasje. Frida sjølv bur i 1. etasje. Han hadde hatt eksamen han også, og hadde fått toppkarakter. I sin gledesrus sa han at ho måte ta seg ein tur opp og ta ein etter-eksamen-øl og sjå utsikta derfrå. No skal det seiast at Frida er i likheit med meg avholds, men før me gjekk ut tok me ein tur innom hjå han. Det var leiligheita si, det. Utsikta var forbanna bra, og sjølve boarealet var fint (men dei kunne ha teke oppvasken...). Eg tok bilete som ein annan turist og slo av ein kort prat. Artig nok traff eg ei som budde der som tok litteraturkurset med meg. Etterpå gjekk me til byen og eg kjøpte meg ein slags omelett-pai med skinke. Ja, det var godt.

No får eg det til å høyrast ut som om alt er tipp topp her, men det er ikkje heilt sant. Eg er særs plaga av myggen, og den er ikkje nådig her. Det er ein mygg som heiter Tigermygg (fordi den er stripete) og den stikk skikkeleg. Og ikkje berre det, den er så frekk at den kan stikka 5-6 gonger, den er ikkje nøgd med berre ein. Eg trur det er den som har vore på lekamen min i det siste, og eg er eit lett bytte når eg ligg utildekka i 30 varmegrader og søv. I dag fann eg eit stikk heilt ytterst på peikefingeren, eit på handbaken, mange på ryggen og skuldrane, eitt i tinningen, og trur de forsyne meg ikkje eg har eit stikk på hælen og. Det var nytt for meg, og heilt utruleg plagsomt.

15 juni, 2007

Meir om vêr

Det er vêr kvar dag her nede, og det er ustabilt ifølgje eit slags skjema. Varmt og lummert først, dernest regn og uvêr, deretter enda varmare pga. luftfuktigheita som kjem i etterkant av regnet. I dag var det verkeleg uuthaldeleg å gå utandørs, men eg måtte på forelesning uansett sidan det var siste forelesning og då får ein verdigfull informasjon. Det var faktisk siste forelesning her nede for semesteret for min del, og det er eg glad for ettersom det ikkje er aircondition på auditoria ("betingelses-luft" som ein italienar sa etter å ha brukt den tilårskomne ordboka si). Men no sporar eg av. I dag var det så grusomt og fuktig i lufta at eg skjønte at når denne fuktigheita kjem i retur blir det eit helvete, og det fekk eg rett i. Det buldra langt borte/oppe i fleire timar før det drog seg til, og då hadde eg heldigvis komme meg i hus. Eg hadde teke ein runde i byen for å ta bilete, noko eg i liten grad har gjort her nede, og når eg kom heim var eg så klam at eg nærmast sleit sund tskjorta i eit forsøk på å få den av. Eg letta antrekket ganske betydeleg og sette meg framfor vifta. Det var då uvêret kom sigande og det var lett å sjå at det ikkje kom til å bli pent. Det vart ikkje så mykje torden og lyn og sånt, men nedbørsmengden var Bergen verdig. Dette kom med eit par gode vindkast rett mot vindauget mitt, og heldigvis hadde eg hatt vet nok til å late det att når regnet byrja å bli skrått. Ein stakkar på korridoren min derimot, ein sympatisk statsvitskapsstudent frå Belgia, hadde derimot ikkje late att vindauget sitt og han var ikkje på rommet når det hølja ned, og dermed var golvet bokstavleg tala dekka med vatn. Også naboen min opplevde dette, i mindre grad likevel, men det var mest hovudlausheita som var årsaka: han stod på gangen og såg på regnet og tykte det var skikkeleg ille, men vindauget hadde han gløymt å lukka. No står eindel ting ute i korridoren og turkar, blandt anna hovudputa hans.

Ellers er det lite å fortelje. Eg traff på ei på eldre litteratur-kurset mitt etter forelesning, ho sat og snakka med ei blond kjerring som visst og studerte eldre litteratur, berre at det var eit parallelt kurs. Etter litt spurde ho meg kvar eg var frå, og eg er jo frå Noreg. Ho var faktisk frå Sverige. Svenskane slepp ein aldri unna. Finskar finst det eit par av, blandt anna Mummitrolla som bur her. Danskar har eg sett lite til.

Eg har ikkje meget at bestille no, så det er lite å tilføye. Eg les så godt eg kan på grammatikken, men det er turt og grusomt. Kan forresten tilføye at eg trur det er mygg-år her i år. Folk verkar å vere særs plaga med myggstikk, og det inkluderar sjølvsagt meg. Verse myggstikk-plass så langt: mellom knokane på hendene!

14 juni, 2007

Alle snakkar om vêret...

Og om eg hadde hatt mogelegheita til å gjera noko med det hadde eg hive meg rundt. Det er ikkje tilfellet, og dermed fortset det slik som det visst alltid gjer her nede på sumaren: varmt og uuthaldeleg lummert om dagen og torevêr om kvelden. I dag har det ikkje vore torevêr faktisk, og det er litt guffent for det blir friskare og kaldare når det slår til. Eg sit oppe og les på nokre grammatikk-greier som er så tørt som det nesten går an å få det. Eg har muntleg eksamen i dette faget på tysdag. Professoren er travel og konstant umogeleg å få tak i, eg har tidlegare sendt epost til han og svar har eg berre fått ei gong. Ein kan treffa han kvar torsdag mellom 16 og 17, då har han besøkstid eller ricevimento som det heiter, med forbehold om at han kan finna på å avlysa det om han finn det for godt. Eg skal ikkje sei noko på fyren, han er ingen tosk men han er ganske travel og forskar på ord og gudane veit kva. Eg merkar at professorane generelt har ein tendens til å prioritera svært mykje foran studentane sine, og faktisk trur eg at eg har vore heldig med mine for eg har høyrd historiar om professorar som ser på undervisning som eit onde og som noko som ein berre må få unnagjort. Kan henda eg har vorte bortskjemt i Bergen.

I går etter middag (etter min middag, før italienarane og spanjolane hadde spist sin) sat eg utanfor her og nippa til ein automat-kaffi. Samtalen dreide seg om jobbing og eg var eigentleg berre passiv deltakar. Det var i utgangspunktet slik at det er ein belgiar her som eg kjenner som fortalte ei lita gruppe italienarar om sommarjobben han hadde i Belgia, der han jobba i firmaet til faren. Det var altså eit ingeniørfirma som tok på seg oppgåver med å rekna ut t.d. kostnadsnivået og andre løysingar som hadde med urban planleggjing å gjere, som til dømes etablering av trikkelinjer i byar (som jo var tilfellet her i Padova for nokre månader sidan). Han fortalte om jobben som gjekk ut på å gå over samtalelistene til firma-mobiltelefonane til dei ansatte, som ikkje hadde lov til å ringja utanfor arbeidstida og til private og utanlandske nummer. Det er mange forretningshemmelegheitar der. Ein ting var at me konkluderte med at sommarjobben hans var å vere tystar, men han nevnte at til trass for ok betaling var det så kjedeleg at han ikkje ville ha jobben lenger. Kor mykje tente han? Cirka 8 euro i timen. Om ein gongar det med kursen på euro som er 8,12 kjem me fram til ei timelønn på omtrent 64 NOK. Alle gispa, men ikkje av same grunn. Eg tykte det var knapt med peng. Italienarane tykte det var riktig godt betalt, og ein fortalte at han hadde ein sommarjobb i fjor med timelønn på 4,5 euro. Ufaglærte har visst lønn på omtrent det nivået. Oftast svart betaling og, forresten. Eg drakk resten av krut-kaffien i ein god sup og fortalte om at når EG jobba på eit frukt- og grønsakslager før eg byrja å studera, tente eg 14-15 euro i timen, og overtidsbetaling var det vitterligen og. Då var det tendensar til banning hjå enkelte, dog ikkje aggresivt. Ein parerte, på rett og rimelig vis, med at ein jo trass alt betalar 5 euro for ein øl på byen. Eg korrigerte prisen til 6-8 euro og fortalte kor mykje husleiga mi er (eller var) i Bergen - altså det dobbelte av det ein betalar for studentbolig her nede. Eg rakk å skyta inn at trass dette kostar bruk av mobiltelefon tre gonger så mykje her, og batteria eg kjøpte til kameraet mitt, 4 stk. AA-batteri, faktisk kosta meg over 40 kroner i daglegvarebutikken. Meir fekk eg ikkje sagt før ei helsikes torebyge kom og spylte utearealet med styrtregnet sitt. Det spruta så jævlig at sjølv om me sat under tak var det vel fuktig, og eg gjekk opp på rommet mitt for å sjå på lyn.

10 juni, 2007

Brillefine opplysningar

Eg har ikkje så mykje fantastisk å skriva om no for tida, det har de sikkert forstått, så eg tenkte at eg kunne by på litt kjekk informasjon om området eg bur i.

Sjølve byen Padova (ca. 210.000 inbyggjarar) ligg i provinsen Padova (882.000 innb.), saman med Abano, Monselice, Piove di Sacco, Este, Arquà Petrarca (landsbyen der Petrarca budde) og ganske mange andre kommunar. Provinsen Padova ligg i regionen Veneto (4.759.000 innb.) saman med t.d. Verona og Venezia. Dette området i nord-aust held mykje historie, universitetet i Padova er til dømes Italias nest eldste (sidan 1222) og har husa mange kulturelle viktigheiter, inkludert Oddbjørn Wendelbo som kom hit i 2007 og sette kraftige kulturelle avtrykk med sitt vidd og sin systematiske veremåte. Regionen er mest kjend for turisme og industri, og er rekna som eit av dei rikaste områda i Italia.

Klimaet er det nærmaste ein kjem Dantes Inferno i Italia, og slik sett passar det bra at Dante budde her ein periode etter å ha rømt frå Firenze grunna politiske tumultar som han var involvert i. Særleg i innlandet, som husar store flater (pianure) er det særs varmt og fuktig med stilleståande luft, noko som gjer det uuthaldeleg for skandinavar å opphalde seg der i juli og august, ja til og med områdets eigne innbyggjarar klagar over varmen, og Padova har ord på seg for å vera ein av dei verste byane i Italia kva varme gjeld. Ute ved kysten er det derimot litt kjekkare, det same gjeld i dei nordlege områda som husar meir fjell og kupert terreng.

Dialekta her er uforståeleg for alle andre enn dei som snakkar den, og er svært utbreidd i daglegdags bruk, ved sidan av offisiell italiensk som alle snakkar (med dialektiske avtrykk). Veneto-dialekta har utvikla seg parallelt ved sidan av Firenze-dialekta, som på 1800-talet definitivt fekk status som det offisielle språket i Italia, ein nødvendigheit med tanke på alle avartane av vulgær latin som hadde utvikla seg gjennom over 1.000 år og som var til hindring for å skapa eit politisk og kulturelt felleskap (eg har studert dette sidan mars...). Dialekta er ikkje akkurat ein fryd for øyret, og høyrest klagande og nesten litt barnespråk-aktig ut, t.d. med totalt fråvær av doble konsonantar, men derimot med lespe-s'ar.

Dialekta kan ein høyre på diverse lokale radiostasjonar, sjølv om programleiarane har ein tendens til å slå over på italiensk. Innringjarane derimot kaklar på sine mål. Eg har lagt meg til uvanen å høyre på lokalradio laurdag og sundag kveld, om eg ikkje har annet at bestille. Særleg eit innringingsprogram på laurdagskveldane er kjekt. Det er ikkje akkurat NRK Sogn og Fjordane, det heiter Radio Gamma 5 og det er berre gamle folk som jobbar der, og stort sett berre gamle folk som ringjer inn for å fortelje kva dei har gjort den siste veka og for å helse. Det er mitt bestemte inntrykk at det er dei same som ringjer inn kvar laurdag, for programleiaren kjenner dei att nesten heile tida. I går var det først ei som ringte inn og fortalte at ho hadde blitt bestemor, og programleiaren gratulerte i vilden sky. Så ringte det inn eindel gamle folk som helsa til alle borna og borneborna, og prata om at temperaturen var behageleg. Det var og ein som kødderingte, men det er det kvar gong. Litt seinare vart det meir interessant: ein fyr ringte inn og annonserte at han ville fortelje, eg siterar fritt frå hukommelsen, noko "forstyrrande og grusomt, og dei involverte ville forstå kva det gjaldt."
"..Jaha?!" sa programleiaren. Og så byrja innringjaren å prate langsamt og tydeleg, på ein blodig alvorleg måte.
"Cesare.. Gje Cesare det som tilhøyrer han! Doktor, gje Cesare det som er hans, det tilhøyrer ikkje deg!" og så vidare. Då avbrøyt programleiaren og sa at innringjaren måtte forklare kva det handla om. Han fekk inga forklaring, berre ein kommentar "Dette veit ikkje du kva handlar om, men du vil forstå det! Takk for merksemda!" og det var det. Så ringte det inn ei gamal kjerring som kommenterte den rare beskjeden og helsa til alt og alle. Så ringte han tidlegare nevnte innringjar igjen og no var han ikkje like rolig. Han ga klar beskjed om at dei som ikkje visste kva dette dreide seg om ikkje burde kommentera det og noko sånt. Programleiaren hissa seg regelrett opp og stemninga var spent. Innringjaren avslutta med å sei "Du må berre bli sint, det bryr ikkje meg. Du skjønar ikkje no, men i morgon vil du forstå!". Eg høyrde radiosendinga på mp3-spelaren min, og tok opp heile seansen. Herleg.

Ellers er det ikkje mykje å leggje til. Eg er plaga med varmen, og myggen har og vorte eit lite problem. Eg må sova utildekka med denne varmen og mygget tek for seg av mitt blod utan å skjemmast i det heile. Eg klør meg til blods, men det gjer dei andre og. Folk ser ut som om byllepesten har kome til landet, og det er jo ikkje første gongen. No skal eg opp og klø meg medan eg les. I mellomtida kan de alltids sjekke vêrmeldinga for byen:

08 juni, 2007

Småting

Eg klarar ikkje tvinga meg til å dedikera ein halvtime i 30 grader framfor pc-ar som knapt fungerar så ofte, noko som resulterar i litt dårleg oppdatering her. Eg er ikkje meir skvetten enn at eg krev forståelse. Men så har eg jo litt meir å fortelje når eg først skriv her!

Den 5. juni, altså for tre dagar sidan, tirsdag, var det konsert i kinosalen/konferansesalen. Dit skal eg i morgon kl. 19 òg, då er det Formel 1 på storskjerm! No sporar eg av: konserten vart framført i hovudsak av studentar som bur her, men nokre andre også. Blandt desse ein eg studerer litteratur med. Eg skal beint ut innrømma at eg ikkje hadde dei heilt store forhåpningane til dette opplegget, for eg hadde høyrd på når dei øvde. Det er umogeleg å ikkje høyre når dei øver og ein prøver å lese tung, symbolsk litteratur... Eg vart likevel overraska og tykte det var kjekt, men det var mest pga. den gode stemningen. Salen var faktisk stappfull, og konferansieren, ein spradebass som bur på samme etasje som meg (han som knekte beggje armane i april) laga temmeleg bra show. Heile konserten vart opna med noko etnisk-inspirert opplegg som vart veldig stemningsfult med bruk av naturbilete frå Australia på storskjerm og små bjeller, bongotrommer. Og studentbolig-sjefen spelte på didjeridoo. Det var lågmælt og følelsesrikt med mjuke lydar, avbroten av ein mobilringetone, slik som seg hør og bør. Det tok lufta litt ut av ballongen reint musikalsk, men stemninga tok seg opp. Etterpå var det framføring av gamle svisker (heldigvis ikkje CC Cowboys og DumDumBoys!) som iallefall eg hadde høyrd eit par gonger for mykje. Med eit klart unnatak av slagverket som var ustemt og til de grader urytmisk og på toppen av det heile altfor høgt i forhold til alle andre instrument, var det ikkje så gale. Etter dette var det ei rekkje andre framføringar, blant anna ei heimelaga ballade på temmeleg dårleg engelsk, noko klassisk gitar-greier med to spanjolar som tydelegvis hadde spelt ei stund, og til mi store overrasking ein tyskar eg kjenner her på huset som spelte diverse klassisk musikk på tangentar, og han spelte dei bra. Eg visste ikkje at han spelte i det heile tatt, faktisk. Etter konserten var det jam-session, og den skippa eg greit ettersom han som spelte slagverk greidde å radbrekkja klassikaren Chameleon. Dei jamma ganske lenge og eg sovna ganske seint pga. høg lyd. Det er heilt vanleg for tida.

Eg høyrer det er heitt heime i Noreg, og det er heitt her og. Det regnar eindel likevel, og då blir det fuktig og varmen vert enno meir påtrengjande. Likevel føler eg at eg har blitt meir tolerant overfor varmen, og det kan kanskje høve ettersom eg skal til Spania før eg reiser heim. Der er det ofte heitt. Eg har nemleg bestilt flybilett frå Barcellona til Oslo og vidare til Bergen for den nette sum av 960 kr inkludert skattar og avgifter, og landar såleis på Flesland tirsdag 16. juli klokka 17.55. Eg veit enno ikkje når eg reiser til spania, men det blir den 11. eller 12., alt etter korleis eg ser det går på eksamenane den 19. juni. Fly frå Milano til Barcellona kostar ikkje meir enn 76 euro, så det er ikkje så ille. Eg byrjar å bli bereist no.

Eg fekk ei stor pakke i posten i går, nemleg ein haug brosjyrer frå Aurland og Lærdal Reiselivslag. Eit par personar har vore litt nysgjerrige på korleis det ser ut der eg kjem frå (dei let seg fascinere av at eg er frå fjord-Noreg) og Frida frå Sverige har veldig lyst til å reisa til Vestlandet. Ho har ikkje vore i Noreg før. Difor ba eg om eindel informasjonsmateriell som eg kan distribuera her nede og laga god reklame, og det fekk eg altså i går. Postvesenet hadde ikkje vore heilt nådig med den feite konvolutten, men innhaldet var uskadd. Eg fann og eit postkort med ei kjapp helsing på frå Tanna. På postkortet var det bilete av han som bur på Gudvangen og kler seg ut som viking i sommarhalvåret, og det bildet var så tøft at eg hengte det opp på døra mi. Alle har noko på døra si, fotballklubb-klistremerker, belgiske vitseteiknigar, ein tyskar har eit norsk varselskilt med ein elg i og skrifta Norwegen under (!!) og no har eg altså ein viking på døra mi. Det kunne ikkje ha passa betre.

Ellers er det lite å seie. Det einaste kurset eg framleis har forelesningar i er kontemporær italiensk litteratur, og det er i praksis diktanalyse. Dritkjedeleg. På dagens forelesning mista eg tråden med ei gong forelesninga byrja og eg sette meg til å skrive ei liste over ting eg må kjøpe med meg frå Italia når eg reiser. Det dreier seg om bøker, nokre souvenir-greier, ein haug espressokaffi, kanskje ein liten ost, og meir hugsar eg ikkje no. Vifta mi skal eg gje vekk, den er for stor til å ta med. Kjøkenutstyret er ikkje verd flettekorga eg oppbevarar det i, så det går direkte i boset saman med den mildt sagt elendige mokka-kanna eg kjøpte. Den er så dårleg at eg har berre brukt den 5-6 gonger og eg har for alvor lært at kaffikanner som lagar god kaffi ikkje kostar 4 euro.

No skal eg setja meg framfor vifta mi og lesa på desse grammatikk-greiene. Det er mildt sagt avansert, og svært lite inspirerande.

04 juni, 2007

Planleggjing

God aften, godtfolk. Eg har nyleg vore på kjøkenet og ete, det vart visst pasta i dag og, og no er eg mett og etter forholda nøgd. Eg seier etter forholda, for eg tykkjer det er litt varmt og internettet er så ubegripelig treigt. Eg har i det siste sortert tidspunkt for diverse ting som skal skje, for eg føler at eg må få stabla i hop ein slags slagplan. Eg har dessutan betalt husleiga for dei to siste månadane her. Men altså planen:

Denne veka har eg ingen eksamenar, så eg skal planleggja lesing av pensum og sjølvsagt også lesa det eg har planlagt, noko som me jo alle veit er hakket verre. Denne veka (onsdag) vert også forelesningane i eldre italiensk litteratur avslutta, og det er litt synd for eg likar faktisk faget. Neste veke vert også forelesningane i moderne litteratur avslutta, og det tek eg ikkje så tungt. Dette er forresten også faget eg tok eksamen i på torsdag, med unnatak av modulen som pågår no. Den skal bli grei skuring. Heller ikkje denne veka er det eksamen.

Veka etter der igjen er det derimot eksamen, og det til gangs. Eg har jo tidlegare karakterisert det italienske utdanningssystemet som noko rotete, og når det kjem til eksamenar er det så rotete at det minnar mest om romma til diverse folk eg har delt hybel med. Måndag er det ingenting. Tirsdag er det skriftleg eksamen i italiensk språk, og muntleg i italiensk grammatikk. Eg utset grammatikken. Onsdag er det eksamen i den siste modulen i moderne litteratur og torsdag er det muntleg eksamen i eldre litteratur. Denne siste har eg snakka med forelesaren om og fått utsett til onsdag veka etterpå. Fredag er det eksamen i fordjupning i lingvistikk og heilt ærleg så vurderer eg å kutte ut heile dette faget: det er vanskeleg og eg har ingen forkunnskapar, hverken i lingvistikk, gresk eller latin. Dessutan har eg nok studiepoeng uansett, så det er ingen fare for å havne i uløkka.

Veka etterpå har eg altså den utsette eldre litteratur-eksamenen og veka etter der igjen, på måndag, har eg tre forskjellige eksamenar. Dette dreier seg om 2. appellar, som eg kan velgje å ta om eg ikkje har gjort det bra på 1. appell. Det spørst jaggu, for det einaste eg treng er å stå på eksamen. Om eg får 18 eller 30 er nett det same. Onsdag har eg 2. appell i siste modulen i moderne litteratur, om det skulle bli nødvendig. Eg reknar ikkje med det, og dessutan så skal eg masa meg til å få ein tidlegare dato om den første skulle gå beint åt helsike.

Eg har halvveges bestemt meg for å reise til Spania denne dagen, det er torsdag den 12. juni. Eg må ha eit par dagar på å samla trådane her og kjøpe bøker eg skal lesa på turistkontoret, samt sjå til at desse kartong-hovuda i student-segreteriet (korrekt norsk?) får karakterkortet mitt og adressa dei skal senda papira mine til. Så reiser eg til Spania med det nasjonale flyselskapet Alitalia, det tek halvannan time maks og kostar 76 euro (600 kr). Så reiser eg til Bergen via Oslo på tysdag, då er flybillettane billige (850 kr), og held meg der nokre dagar før eg reiser heim til ho mor, som versågod har å diska opp med kokte poteter og så grovt brød at det kan kvela ei geit! Eg planlegg òg å bestilla ein bærbar PC allereie før eg reiser nordover, slik at den faktisk er framme til eg kjem heim. Eg har ein snikande følelse av at eg lurer meg sjølv når eg legg slike snedige planar, eg må vere naiv. No skal eg, hald dykk fast, opp og lese!!