09 mars, 2007

Bilete

I dag har eg ikkje sà mykje anna à tilby enn eit bilete. Det skjer nemleg ikkje sà mykje her som er verd à skriva om, eg er stort sett pà forelesing eller sit ein stad og les. Det verkar som om torsdag og fredag skal bli dei grusomme dagane i veka dette halvàret. Eg har forelesning frà 8.30 til 12.15 begge desse dagane. Det er med pausar, men ikkje sà lange. Fòrst er det italiensk grammatikk, sà er det italiensk spràk (som eigentleg er italiensk grammatikk i litt mindre turr version), og sà toppar eg det heile med kontemporaer italiensk litteratur. Sistnevnte er faktisk det turraste. Eg har hatt 3 forelesingar i faget og eg veit ikkje heilt kva forelesaren pròver à fortelje. Det er mest ein filosofi-monolog i 1 time og 45 min om korleis litteraturen har modernisert seg frà 1200-talet og framover. Ikkje noko kontemporaert enno, og ikkje innan rekkevidde heller. I dag vurderte eg à gà heim istaden. Etter slike dagar stikk eg innom ein pasticceria pà veg heim. I dag kjòpte eg ein utmerka pizza (pà stòrrelse med ein frukostasjett), ein tramezzino (eit slags smòrbròd i lyst, elastisk bròd, eg bomma og valde den med tunfisk i), og eit kakestykke som var sà sòtt at det fresar i jekslane mine enno.

Men nok om det, eg har eit bilete à vise fram. Grunnen til at det er litt oppsiktsvekkjande er at eg har funne ut korleis eg skal fà bildene over pà pc. Eg mà senda dei frà mobilen til eposten min, og deretter lasta dei ned og leggja dei ut her. Det skal leggjast til at det ikkje blir nokon vane. Mobilbruk er faktisk hakket dyrare her enn i Noreg. Biletet tok eg fòrre helg, dà var det sol og fint ver. I det siste har det vore regn, ganske mykje òg til tider...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar