02 mars, 2007

Folk og fe her nede

No har eg vore her nede ytterlegare ein dag, og eg gjer meg stadig opp tankar om italienarane eg ser her nede. Ein ting er dei paafallande mange norskeflagga eg ser paa klede og sekkar og baggar og saant her nede, det er nesten litt urovekkjande. Ein annan ting som er typisk her er bruken av synskorreksjon, det vere seg briller. Eg skal banne paa at minst halvparten av dei italienske kvinnene under pensjonsalder brukar briller, og det verkar ikkje som utvalget her nede er det heilt store for alle har slike litt firkanta med litt tjukk innfatning. Nokre har teke seg bryet med aa leike med fargar, eg har saagar sett rosa innfatning, men stort sett er det svart eller kvitt. Greitt nok for meg.
I dag har eg handla dei fleste boekene eg skal ha, og sjoelv om litteratur generelt er billegare her, er det inga valdsam forskjell. 116 euro brukte eg i dag, og eg har eit par oppslagsverk igjen, i tilleg til at eg kjoepte nokre boeker allereie i desember via internett.
Ellers er det ikkje mykje aa rapportera. Ein litt nevneverdig sak er kanskje at det er mange ferdigutdanna studentar som vert feira her, dvs. dei har fullfoert ein treaarig grad som gjev dei tittelen dottore og daa maa dei skjemmast ut paa aller verste vis i full offentlegheit, utkledd som alt mogeleg drit og innsmurt med mjoel og champagne medan dei les hoegt dikt som medstudentar og vener har skrive om dei. Det er ikkje flatterande dikt, men med promille har alt ein tendens til aa gaa. Utanom alt dette har eg i dag greid aa finna ut kvar eg skal ha forelesningane mine, og det var ikkje ein enkel jobb. Eg maa rett og slett kjoepa meg eit stoerre og betre kart, trur eg.
No er siestaen over, eg skal faen meg ut og ta meg ein kaffi og spankulera omkring som den Laerdoelen eg er!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar