05 mars, 2007

Forelesing

I dag var eg for foerste gong paa forelesing her nede. Det blei litt selsomt, for auditoriet var saa fullt at 10-12 uheldige sjeler maatte sitja paa golvet. Ei av dei sjelene var meg. Det var forsaavidt greitt nok det. Forelesinga derimot var meir skremmande, for innhaldet var vanskeleg aa tyda. Det handlar for tida om analyse av poesi fraa midten av 1200-talet. Heldigvis har eg kjoept ei bok som er anbefalt for dei som ikkje foelgjer kurset saa eg skal alltids klara meg, men dette var hakket verre enn anlysering av bergartar med Daniel Vehusheia.
Eg skal paa ei forelesing til i dag, det er kl. 16.30. Det er fordjupning i lingvistikk, saa det blir vel enklare. Ellers maa eg handle diverse ting og, eg foeler eg blakkar meg nesten. Eit par boeker, deriblant ei italiensk ordbok som veg 3 kg og kostar 71 euro. Eg maa ha nokre husholdningsartiklar og, men det er vel ikkje saa spennande aa lesa om. Eg betalte forresten husleiga i dag: 1700kr eller litt mindre. Ha-ha!
Eg tenkte i dag at eg skulle gaa og ete i ei studentkantine, det er nokre av dei her. Det er ganske billig og saant, men koen var saa naadelaust lang at det var berre aa gje opp. Mat faar ein andre plassar òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar