06 september, 2007

Meir master

Her skjer det ikkje så mykje som er verd å skriva om, men eg skriv likevel. Åpenbart.

Eg har dei siste par vekene lagt meg i selen for å ordna meg eit utvekslingsopphald også til våren, som jo hadde passa bra bl.a. sidan Henriette planlegg å reise utanlands også (men ikkje til Italia). Som eg tidlegare har erfart er det å finne ut kva kurs ein kan ta i utlandet og så faktisk finne kursa på heimesidene til dei italienske universiteta og dermed bekrefta at kursa går og slikt, det er ein langsam og seig prosess. Eg gjekk på med dødsforakt og maste usedvanleg mykje på min foreleserinna mi som jo har god greie på slikt, og eg har faktisk komme fram til ei lang liste med fag som eg verkeleg kunne tenkt meg å ta i Firenze. Ein må berre finne ut kva fag som faktisk har noko føre seg å ta, mtp. masteroppgåva eg skal bruka neste skuleår på.

Så var eg omkring for å forhøyre meg litt om dei mest banale ting. Då fekk eg høyre at eg ikkje kan få utveksling gjennom Erasmus meir enn ein gong, og har brukt mi gong. Fleire gonger får eg ikkje. Det er noko som heiter Freemover men det kan eg heller ikkje ta av div. grunnar. Dermed trur eg faktisk det er umogeleg å ta eit semester ved eit universitet i utlandet for min del, med mindre eg reiser heilt på eiga hand og det har eigentleg ikkje noko føre seg... Eg skal no undersøka litt korleis ståa er lell. Det er ikkje -så- farleg om eg må vera her i byen uansett. I går fann eg ut at me har ein te- og kaffi-krok her!

Bonus: eit haustleg Gyldenpris.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar