03 november, 2008

Børsting av støv!

Og det er sjølvsagt bloggen det skal børstast støv av her: den har koagulert fullstendig, men det er ikkje så rart sidan eg har vore i Noreg omtrent sidan eg kom att frå Italia for 1 år og 4 månader sidan. Det skal det no verte ein brå slutt på, for eg skal til Roma.

No har det seg derimot slik at Universitetet i Oslo ser det hensiktsfullt å gjera seg av med litt peng, og sidan eg har argumentert så sterkt for at det er naudsynt for meg å reisa til Roma og få grava litt i biblioteka der, har dei forært meg ein ansjåleg sum som skal halda både til leiligheit (som dei disponerar der nede) og mat, for ikkje å snakka om relevant litteratur. Eg argumenterte ikkje for kor naudsynt det var for meg å få eit herremåltid til 50 kr og mogelegheita til å supa konsentrert kaffi samt å kunne gå uandørs i t-skjorte utan å skada luftvegane, men det trur eg dei las mellom linjene. Det skal iallefall verte mykje av alle ovanfor nemnte aktivitetar, samt ein heil del turisme. Og når det er sagt, så reiser eg ikkje til Roma i høgsesongen, og det trur eg kan vera ein fordel av dei reint sjeldsynte.

Eg reiser i morgon tysdag den 4de november, noko som gjev med ei eineståande mogelegheit til å få underskot på søvn. Årsaka er at flyet går kl. 06.55, og då bør ein helst ligga langt unna slumrefunksjonen, iallefall viss eg skal rekkja innom Tax-free'en og kjøpa Toblerone. Eg skal heilgardera meg dobbelt med to alarmar på klokkeradioen, alarm på både min og Henriette sin mobil og kanskje òg skal eg setja alarmen på på anlegget mitt. Kjem eg meg ikkje opp då, har eg pinadø ikkje fortent å reisa til Italia att!

Eg reknar med å ta frukosten på flyet, rapport om dette føljer seinare. Eg har ete flymat før, og eg veit kva eg snakkar om (60kr for ein kavring med ei tilårskomen agurksjeve på). Og vert bagasjen min forseinka vert eg gudhjelpemeg forbanna, for kjem eg meg ikkje på Det Norske Instituttet i Roma innan kontoret stengjer må eg ta inn på hotell og då bør Europeiske forsikring ha teke på seg sine gildaste bukser - spanderbuksene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar