I dag har eg vore på ein rundtur i Roma sentrum, og det er ikkje for folk med livstilssjukdomar og dårleg blodomløp! Eg har ei liste med bøker eg skal/vil/burde få tak i medan eg er her nede, sidan mykje av årsaka til at eg har fått stipend til å reise hit er nettopp for å finna litteratur eg ikkje kjem over heime. Eg snakka med biblotekaren på instituttet som er ei hyggjeleg, aldrande dame som lyder namnet Germana, og ho fortalde meg kvar dei ymse bokhandlarane er, dei som kunne tenkjast å ha bøkene eg har på lista mi. Dei er slett ikkje greie å få tak på, eg fann ei einaste ei på eigahand i ein ordinær bokhandel, resten fekk eg beskjed om at eg måtte reisa rundt på spesielle bokhandlar og stader dei sel bruktbøker for å finna, sidan mange av desse forlengst er gått ut av opplag, og ikkje er dei akkurat bestseljarar heller, turre og snevre som dei er (eg nemner i fleng: teori rundt brevskriving som litterær sjanger på 1500-talet...). Plassane eg burde besøka låg spreidd utover eit relativt stort område, stort sett nær Pantheon og Vatikanet, så eg plana å ta ein turistrunde i same slengen og ordna meg nokre fotos eg kan syna fram i etterkant, berre for å gjera det klart at eg faktisk kan komma meg ut dørane på eiga hand.
Eg tok trikken til siste haldeplass, urban som eg er, og der fann eg det romerske Senatet frå hine hårde, noko eg dokumenterte godt med kamerat mitt. Apropos kameraet og andre ting, eg ifører meg skinnjakka når eg skal ut på slike turar, av fleire årsaker:
1) eg ser litt mindre tilnærmeleg ut, ja kanhenda ein smule sinister, og då får eg gå i fred - lommetjuvar går helst etter dei som ser ut som dei ikkje veit heilt kva dei driv med, så eg passar alltid på å gå bestemt og fort og å sjå tverr ut. Null problem;
2) eg treng lommer til å putta ting og tang i, helst setlaboki - denne bør ikkje berast i baklomma, då kan du likså godt hiva heile driten i elven;
3) eg ser litt ut som ein tøff italiano, og då slepp eg at folk tek meg for å vera utlending og snakkar til meg på engelsk - etter eit halvt sekel på universitetet tykkjer eg det er forjævlig å måtte kommunisera som ein annan turist!
Altså, eg tok bilete av Senatet og gjekk vidare. Ikkje langt derifrå ligg Pantheon, eg er litt usikker på kva dei dreiv med der, men eg tok bilete. Eg tok og bilete av det som ligg rett i glaninga om ein snur ryggen til ærverdige Pantheon, ein ikkje fullt så ærverdig McDonalds-restaurant! Derifrå gjekk eg til ei bru som eg kryssa og der skulle det ligga ein bokhandel eller noko som heiter Bonacci, det er eit forlag som sel bøker som handlar om smale, smale ting. Bokhandel var det liksom ikkje, eg leita lenge og inni eit hus som eg tok for å vera eit boligkompleks fann eg kontora til sjølve forlaget. Dei selde bøkene sine ja, og eg fekk stroke ei til frå lista. Vidare gjekk eg mot Vatikanet, greidde sågar å gå meg litt vill på vegen, og tenkte eg skulle ta ein tur innom og sjå til paven. Diverre for paven var det ein kø frå helvete (!) for å komma inn dit, så eg stod utanfor og tok bilete, det var bra nok for meg. Vidare leita eg i sikkert ein halvtime for å finna ein bruktbokhandel, og der fann eg ytterlegare ei bok eg ville ha. Betjeninga var særs fornøyeleg, så eg kan anbefala denne, eg hugsar berre ikkje namnet. Dernest gjekk eg temmeleg langt for å finna ein bokhandel som ikkje hadde noko av dei eg hadde på lista, men eg fekk verdigfulle tips om ein stad eg burde gå. Difor gjekk eg attende til brua og over denne for å finna den tidlegare nemnde bokhandelen, og på veg dit kom eg over ein Ferrari-butikk. Her hadde dei fyrst og fremst Formel 1-bilen Kimi Räikönnen køyrde i fjorårssesongen, eg tok bilete av den pluss rattet og motoren som låg på utstilling. Eg tykkjer ikkje Ferrari er mykje å slengja ræva i taket etter, men litt stas var det loll. Dei selde sjølvsagt mykje Ferrari-effektar der, men det var så ugudeleg dyrt at eg mest vart på gråten over kva verda har kome til...
Eg fann til slutt bokhandelen eg hadde vorte anbefalt, men den var stengt. Det meste i italia stengjer i to timar midt på dagen, så eg måtte venta i 40 minutt. Eg kjøpte eit lite stykkje pizza til blodpris (turistområde) og ei avis, og rota litt rundt i ein ordinær bokhandel. Då butikken opna att, fann eg ut at dei ikkje hadde noko eg leita etter, men dei råda meg til å oppsøkja ein annan bokbutikk. Eg leita litt for å finna denne, og i den prosessen fann eg ytterlegare ein bokhandel der dei selde alt dei hadde til halv pris. Eg kjøpte meg ein italiensk litteratur-encyclopedi til € 7 og fann omsider denne bokbutikken eg var på jakt etter. Her hadde dei faktisk ei av bøkene eg ville ha, det stod på datamaskina, og ekspeditøren gjekk overmodig i gang med å leita den fram. Diverre var den ikkje å finna nokon stad, og det heile enda med at fire tilsette sprang rundt og leita etter denne eine boka medan eg, sliten og jævlig, sat på ein stige og henta meg inn etter mykje gåing. Etter godt og vel ein halvtime måtte dei krypa til korset og konkludera med at dei ikkje hadde den likevel, det beklaga dei valdsamt, men eg sa det var greit og takka for hjelpa. Så gjekk eg ei mjølkerute til trikken, tok bilete undervegs, og køyrde heimover.
No var det ikkje berre plankekøyring å komma seg heimatt og slengja seg på senga i fosterstilling, for mørkret seig på under trikketuren. Mørkret sig faderleg fort på her nede, det er så nære ekvator, så på 10 min var det meir enn dunkelt ute. Eg gjekk av omlag eit stopp for tidleg, og måtte venta i over 10 min på neste trikk. Då presterte eg å gå av for seint og måtte gå ei lengre rute heimatt, men då var eg så sliten at det knapt gjorde noko skilnad. Vel heime dinerte eg, så gjekk eg ut og handla vatn og så dusja eg. No har eg skrive blogg og lasta inn bilete.
Ellers kan eg informera om at vaskedama frå instituttet var innom og gjorde reint. Det var heilt greitt, men både her i leiligheita og på instituttet har dei no bytt ut dei gamle kaffikokarane med nye. Det høyrest kjekt ut, men det er det slett ikkje - desse lagar særs vond kaffi dei fyrste 5-10 gongene, før kanna vert impregnert med kaffifeitt. Jo lenger ein brukar slike kanner, desto betre smakar kaffien, og dei som stod her var godt brukte. Det betyr at me må slita med dårleg kaffi nokre dagar før kannene vert "innkokte", og det er litt drit. Eg har ellers kjøpt ein yndig liten kaffikokar til meg sjølv, berre sjå her:
Kaffikokar til ein person av kvalitetsmerket Bialetti, kjøpt for € 11.
Her er bileta frå rundturen:
Senatet, der Cæsar måtte bøta med livet
Pantheon, flott bygning
Ikkje fullt så flott bygning over plassen for Pantheon
Eg mistenkjer dette for å vera ei kyrkje
Smukk bru på veg til Vatikanet
Vatikanet sett utanfrå
Ein ekte hest! Desse var det mange av, turistane likar tydelegvis å køyre hest og kjerre...
Dette er faktisk køen for å komma inn i Vatikanet
Tidene forandrar seg: her har me ein høgareståande religiøs person som slit med tastelåsen på mobilen
Eit aldeles briljant eksempel på typisk italiensk parkering
Ein ekte Ferrari, sjå hjulopphenget
Motoren frå 2000-sesongen, den er ein V10 på 3 liter som yt meir enn 700 hestar. Det sparkar godt ifrå!
Gamle søyler, eg veit ikkje kva dei høyrer til
Ein turistattraksjon, men eg anar ikkje kva for ein
Til slutt eit luksusproblem: Parmaskinka set seg alltid fast mellom tennene når eg et frukost!
Takk for merksemda.

Den siste der er jo byllupskaken til Mussolini, snasen sak. Liten og nett. hehe. ;D
SvarSlett