06 november, 2008

Ting og tang, særleg fuglar, i Roma

No har eg fått slege meg litt ned her, eg har ikkje mykje å klaga over. Det einaste er kanskje at vêret verkar litt trugande, at det er i overkant høg luftfuktigheit midt på dagen, og at trafikken er i kjend Italia-stil, det vil seie at haldninga er "bånn gass og til helvete med alt og alle". Slikt er eg van med. Det med luftfuktigheita var likevel ei lita overrasking, eg hadde teke med meg skinnjakka mi og alt, særleg for å kunne ha setlaboki på innelomma, men den heng trygt på ein knagg og der blir den nok ei stund. Då eg i forigårs gjekk til instituttet for fyste gong var eg ikkje heilt trygg på vegen, eg gjekk dit eg skulle til eg nesten var framme, då tok eg ein forkjær sving og hamna på feil plass. Det er skit når det er så kuppert terreng som det er her, og med ei luftfuktigheit på 90% følest 20 varmegrader som 30. Eg var difor meir klam enn eg sette pris på då eg kom fram, og sidan eg hadde lagt att heime tekstane eg skulle lesa på, gjekk eg tidleg heimover, shoppa meg ei bok og gjekk heim og dusja.
Leiligheita eg bur i er ikkje så verst. Me er fire personar her: underteikna, ein mann som tek nokre kurs her nede som bur på naborommet, og to jenter som deler eit rom. Dei to siste reiser i morgon tidleg og kjem ikkje attende (iallefall ikkje foreløpig). Eg har teke nokre bilete av rommet mitt og den tilhøyrande balkongen:

Utsikta frå balkongen, eg bur ved ei rundkøyring...
Autentisk romersk gate
Rommet mitt

I dag hadde eg ein meir effektiv dag på instituttet, men takterrassen er for freistande til å liggja unna. Eg var eit par turar oppom og las litt i ei bok og åt lunsj der. Utpå ettermiddagen sat eg i andre etasje og las og skulle berre nett kika ut vindauget for å sjå om det kom regn, sidan eg hadde tenkt meg heimover i overskueleg framtid. Då såg eg noko i det fjerne som såg ut som ei blanding av nordlys og røyk, og det tok meg eit drøyt minutt å innsjå at det var ein svær flokk med trekkfuglar som flaug i formasjonar. Eg sette meg ned og las ei stund, og mista til slutt konsentrasjonen på grunn av eit spetakkel som minna mest om lyden i ein dyrebutikk. Då eg keik ut vindauget såg eg at desse enorme mengdene med trekkfuglar hadde samla seg i trea utanfor instituttet, så eg treiv kameraet og sprang opp for å dokumentera det ei gong for alle. Det var eit klokt val, for dei sette i gong med eit show som var i overkant drugt. Det kan ein sjå på bileta. Det ser ut som brune skyer, men det er fuglar. Og ikkje så reint få heller:

Terrassen eg ofte sit på
Litt utsikt
Litt betre utsikt, sikkert ein attraksjon
Enno meir utsikt
Fuglane kjem!
Her set dei i gong med å vise seg fram for folk
Ein av desse fugle-skyane eg snakka om, høg konsentrasjon
Enno ei slik sky
Bånn gass her

Film som demonstrerar betre enn herleg nynorsk kor sjukt det såg ut
Enno ein film, om du ikkje har fått nok

Ellers er det fint lite å skriva heim om, bokstavleg tala. Avisene her nede har ikkje mykje å fortelja utanom Obama-stoff, unnataket er at ein full og rusa sigøynar meia ned 11 personar utanfor sentrum i Roma med bilen sin (ein Volkswagen, til opplysning), men alle overlevde og befolkninga der er forbanna på sigøynarane som, eg siterar, "berre køyrer i fylla og lagar bråk". No er eg trøytt og skal løysa sudoku på sengekanten før eg sloknar totalt. I morgon skal eg, ja nettopp, studera. Eg har jamvel planar om å kjøpa meg is.

1 kommentar:

  1. Stilig video (og bilder, selvfolgelig)!! :D Kos deg med studering og is!

    SvarSlett