30 januar, 2009

Helsemessige føretak

Sist gong eg var her nede, i november, tok eg med meg treningskleda for at ikkje kondisjonen min skulle forfalla totalt. I løpet av dei fire vekene jogga eg to gonger, men så budde eg litt dårleg til i eit traffikert strøk, litt langt unna den store parken i Roma der alle joggar. Denne gongen bur eg berre eit par minutt unna denne parken, og eg har bestemt meg for å vera flittig. No skal det seiast at eg går til og frå instituttet kvar dag, noko som utgjer over ein time med spasering dagleg. Dermed kan eg ta det litt meir med ro, men joggast skal det uansett. Faktisk var eg ein tur i går, og det var flott. Vêret her nede er brillefint for ein nordmann av mitt kaliber, det er 10-15 grader og lettskya. Det regna visst mykje før eg kom hit, men no er det bra. Eg ser forresten på yr.no at det er regelrett kaldt heime, særleg i Lærdal. Synd for dykk.

No sit eg på biblioteket på insituttet som vanleg. På veg hit tok eg meg ein cappuccino og kjøpte ei avis, og så stakk eg innom det vanlege bakeriet. Her kjøper eg alltid ei småkake til kaffipausen i halv 11-tida (eg er eit vanedyr), men i dag tenkte eg å prøva noko nytt. Eg såg nokre lekre småkaker, men eg visste ikkje at det var av den typen som vert selde i vekt, og ikkje i antal. Ho bak disken spurde "Kor mykje?" og eg svarte "Ein". Dermed fekk eg ein hekto, og det skulle tilseie 10 stk av desse kakejævlane. Det ser ut til at eg må ha meg iallefall ein joggetur til i løpet av helga om eg ikkje skal gå i pluss kalorimessig, rett og slett.

I morgon vurerer eg å ta trikken inn til sentrum og kjøpa eit par romanar og generelt spankulera rundt. I dag skal eg for det første studera, og for det andre koma til botnas i problema postverket i Italia har laga for meg. Eg var nemlig innom postkontoret eg sende pakka frå, i går, og dei ante ikkje kva som kunne ha skjedd med den. Den har jo reist frå Roma til Milano, nedatt til Roma, heilt opp i nord-Italia att (Varese) og så attende til Roma, så har den tatt ein runde på ymse postkontor her nede før den til slutt hamna på kontor nr. 4. Eg fekk ikkje noko svar på kva som har hendt, berre eit grønt nummer. Me får sjå, eg byrjar å bli lei dette her no...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar