Det er som ein nøgd mann eg kan meddela at eg atter befinn meg i Roma. Staden er som då eg forlét den 4. desember, som mars månad i Noreg. Skilnaden er at alle trafikkreglar berre er rettleiande, og at ein får god kaffi for ein sleik og ingenting. Det siste kan iallefall ikkje seiast om Noreg.
Turen nedover var, som ein kanskje skulle tru, strabasiøs og anstrengjande. Eg har generelt tungt for å slappa av når eg reiser, og det vert ikkje betre av at eg somna kring 1 i natt og vakna av Nattradioen på NRK klokka 3.50. Eg slumra ikkje, men stod opp og tok meg ein dusj, åt litevetta og sa adjø til Henriette. Sistnemnte tykte ikkje det var særleg stas at eg skulle reise vekk, men det hadde eg heller ikkje venta. Så tok eg flybussen til Flesland, lærte meg å sjekka inn på innsjekkingsautomatane til Norwegian, og kjøpte meg ei ny Sudoku-bok: dette er uunnværleg på slike turar.
Eg løyste eit par sudokuar medan eg venta på innsjekking, og då eg vel hadde sett meg i flysetet, som var absolutt heilt bakarst i flyet, kom det to unge kvinner og sette seg på dei to seta ved sidan av. Dette var i seg sjølv ikkje noko oppsiktsvekkjande; det som fekk meg til å sjegla var at ho eine av dei tok fram to blad/magasin. Ho gav det eine - siste utgåve av Se & Hør - til venninna, og beheldt det andre - siste utgåve av Det Nye - sjølv. Ved nærare observasjon kunne eg konstatera at dei hadde bleika håret utan heilt å få det til (det var italiensk standard på hårfargen) og huda bar preg av omfattande solariumsaktivitet.
Medan eg sat der med sudoku-en min kunne eg ikkje unngå å overhøyra litt av samtalen før flyet tok av. Den eine av dei konstaterte følgjande:
- Eg er ikkje redd for å fly, altså, men kvar gong eg set meg i eit fly tenkjer eg at "no skal eg døy"!
Men det slutta ikkje der: vel oppe i lufta henvendte den eine seg til meg og viste til sudoku-bladet eg sat med:
- Sei meg, kva er det slags kryssord?
- Det er sudoku, sa eg, det er meir eit slags tal-spel.
- Åja... du er ein slik luring, du altså? spurte ho, dønn seriøs i tonen.
- Eg er vel meir tolmodig enn ein luring, det er putlete greier.
- Åja... hmm..., svarte ho. Og der slutta heldigvis samtalen. (Ved andre gongs gjennomlesing av denne bloggen ser eg at ein kan få inntrykk av at eg har dikta opp denne samtalen: det er ikkje tilfellet i det heile, eg refererer så ordrett som heilen min tillet.)
Vel framme på Gardermoen tok eg meg ein runde i Tax Free'en og kjøpte ein stor pakning Läkerol, så gjekk eg for å finna meg frukost. Frukost fann eg rett nok, men prisen var i overkant drug. Eg kjøpte ein halvliter appelsinjuice og ein baguette (som eigentleg var ein ciabatta) med kylling, og Oslo Lufthavn Gardermoen presterte med dette å loppa meg for 97 kroner! Det er faen meg så nokon skulle vore skoten, men så er det ikkje kvar dag ein er ute på reis heller, og eg aksepterte det (sidan eg allereie hadde drege kortet).
Deretter sette eg meg på flyet til Italia. Dette var stappande fullt og lukta svakt av eksos, men eg hadde sudoku-boki med og då var alt greitt. Turen var ikkje så mykje å fortelja om, eg greidde nestan å somna då ein liten jentunge vekte meg med å springa opp og ned i midtgangen og ropa "Mamma!". Det var eigentleg ikkje så farleg, for då eg då keik ut vindauget, såg eg rett ned i nokre snødekte Alpar, og eg måtte fram med mobilen min og fotografera litt. Frå Alpane og nedover var det stort sett klår himmel, og det var kjekt. Eg tok mykje bilete.
Då eg hadde landa og funne bagasjen min, kjøpte eg togbillett til Trastevere og sette meg på toget som stod klart. Eg fekk ein komfortabel plass med godt utsyn over bagasjen min (det skal ein ikkje undervurdera i eit land som Italia, det er mange med klåfingrar her). Toget stod lenge og vel, faktisk litt oppsiktsvekkjande lenge, og mange passasjerar hadde byrja å puffa og stønna då ei ung kvinne med koffert på veg ut stakk hovudet innatt i vogni og sa at toget ikkje gjekk likevel. Det hadde fått motorstopp eller noko. Eg kom meg akkurat inn på det andre toget som gjekk same veg, men her måtte eg stå ved utgongsdøri og støa kofferten min som truga med å tippa over heile vegen. Etter toget tok eg taxi til Instituttet og helste på dei eg kjende frå før, fekk nøklar til leiligheita og tok trikken hit.
Før eg tok trikken tok eg meg forresten ein tur ut og kjøpte meg ein god pizzabete og ein cappuccino, og det gjekk opp for meg at hovudverken eg hadde hatt heile dagen ikkje skuldast lite væskeinntak men manglande koffein-inntak! Sjeldan har koffein vore so godt.
Leiligheita eg bur i denne gongen ligg ved endestasjonen til den eine trikkelinja, og held ganske fin standard. Eg såg meg litt om før eg stakk rett ut att for å ta meg ein runde i kjende strøk. Eg stakk innom stam-kaféen og tok meg ein kaffi, så stakk eg innom kaffibutikken og kjøpte kaffi til husbruk, og så kjøpte eg meg ein roman i ein bokbutikk. Det må ein jo ha. På veg heim handla eg dessutan i ein to-etasjes daglegvareforretning, og her la eg att utrulege 30 euro. Ein del av det skuldast innkjøp av pesto, parmaskinke og pecorino-ost (frå no av kjend som PPP). Litt keisamt at eurokursen er på 9 kroner no, men drit óg.
No er eg, åpenbart, i leiligheita. Eg har ete middag og dusja og skal leggja meg temmeleg straks. So trøytt har eg ikkje vore sidan førre gongen eg reiste til Italia.
I morgon skal eg på Posten!! Hald dykk fast, for dette skal eg rapportera ettertrykkjeleg om!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar