15 februar, 2009

Finkultur

Nokre vil kanskje seie at den einaste forma for kultur eg tek innover meg er bakteriekultur (Cultura-mjølk), men det vil eg ha meg fråbeden. I går tok eg nemleg så mykje kultur innover meg at eg planlegg å sjå italiensk Big Brother (Grande Fratello) i kveld for å jamna det ut.

Det byrja eigentleg på torsdag, då eg var mektig lei av å sitja på biblioteket på instituttet og korrigera masteroppgåva mi. Eg har skrive det meste for lenge sidan, det går mest ut på å retta på ting, både grammatiske og det som har med innhald å gjera, og å setja saman oppgåva på ein måte som er hendig. Det er eit ikkje så reint lite krevjande arbeid, og det er noko ein lett får nok av. Difor bestemte eg meg for å ta ein slags fridag og ta trikken inn mot sentrum i Roma og handla bøker samt andre ting. Dette skulle gå føre seg dagen etter, altså fredag. Torsdag kveld synte det seg derimot at eg måtte endra planane, ettersom det var transportstreik planlagd fredagen. Å gå frå Spinazzola og over på andre sida av Tiber er på ingen måte akseptabelt, så eg la planen på is og reiste på instituttet fredagen òg. Det var eigentleg ein god studiedag (sjølv om dagen byrja jævlig dårleg med at pc-en klikka i vinkel). Eg snakka med bibliotekaren, Germana, og fekk mange tips om bøker og forfattarar eg kunne leita opp i bokhandelen.

I går var det laurdag, og eg stod litt seinare opp enn vanleg (litt før halv 8, berre noter det med kulepenn). Slengde i meg ein vanleg Italia-frukost beståande av yoghurt og ei banan samt heimelaga kaffi, og tok trikken inn til Largo Argentina. Det er der bokbutikken ligg, men eg tenkte eg kunne vera turist fyrst og gjekk innom Pantheon, sjølv om eg hadde vore der før. No var eg så tidleg ute at det knapt var ei sjel der inne, og då var det betydeleg meir stas å vera der. Så gjekk eg vidare til Trevi-fontena, men der var det allereie stappande fullt av folk. Eit par av dei såg ut som potensielle lommetjuvar, så eg tok eit par bilete av fontena i morgonsol før eg fortsette. I nærleiken av fontena ligg nemleg ein iskrem-bar som dei siste 5-10 åra er kåra til den beste i byen, San Crispino. Eg var ikkje heilt sikker på kvar den låg, så eg tusla og gjekk, og då eg hadde komme opp ein liten bakke oppdaga eg at eg stod foran ein temmeleg svær og staseleg bygning med skilt utanfor, der det stod Palazzo Barberini.

Eg har i etterkant forstått at eg faktisk hadde komme over ein av hovudattraksjonane i byen, men bilet-kunst ligg ikkje heilt føre meg og eg visste ikkje kva som var inni bygningen. Klokka var på dette tidspunktet 9.20 og Barberini hadde opna klokka 9, så det var ingen turistar i nærleiken. Eg tenkte at eg kunne gå inn og sjå kva som var på utstilling (eg forstod fort at det handla om måleri) og gjekk inn. I billettluka sjarmerte eg med min flytande italiensk og forklarte, og beviste, at eg studerte italiensk språk og kultur, som eg sa, og dermed fekk eg gratis inngang som ellers kostar €5. Så tok eg med ein god runde i alle romma og studerte bileta og takmåleria, og det var ikkje noko å seie på handverket. Ved nokre tilfelle vart eg sågar imponert. Enno betre var det at eg kunne gå omkring der i einsemda, for det var for tidleg for amerikanarane på denne tida. I det heile ein fin kulturell input. Eg var freista til å smugfotografera, men det var overvakningskamera her og der og ettertrykkjeleg illustrert at fotografering ikkje vart teke nådig opp, så eg heldt meg.

Etterpå gjekk eg attende mot fontena, og fann ut kvar iskrembaren låg. Typisk nok opna den ikkje før 12, så det var berre å drita i det. Eg var innom nokre forretningar langs storgata Via del Corso før eg gjekk mot trikkehaldeplassen og den svære bokhandelen der, som var trøkkjande full av folk. Eg fann eit par lovande bøker som eg kjøpte og så tok eg trikken heim. Vel heime tok eg det med knusande ro fram til halv 8, då eg og Per, som eg deler rom med, gjekk ut for å møta 3 av dei andre som sit på instituttet for å ta oss ein betre middag på ein lokal restaurant. Å seie at det var "ein betre middag" er ein kraftig overdriving, det var forbanna godt! Og det var såpass autentisk italiensk at dei hadde ikkje menyar eingong. Serveringsdama, som tydelegvis trakk i alle trådane i etablissementet, fortalte oss på italiensk kva dei serverte i kveld og me gjekk alle for nokre slags kjøttrullettar (involtini) i tomatsaus med steikte poteter og spinat-aktig brokkoli som tilbehør. Til forret var det ein abnorm mengde ost, små bakevarer, blingsar og spekemat. At staden var stappande full av italienarar er alltid eit godt teikn, men det var litt drit at naboboret var unge-bordet, der minst 5 italienske, hyperaktive ungar sat og skreik. Eg har aldri ete på ein stad med så høgt støynivå, men det er eigentleg greitt.

Ein annan kultur-relatert ting: eg var innom ei stor tobakkssjappe på fredag og kjøpte ein lokal kortstokk! Her nede brukar dei fyrst og fremst lokale, italienske kortstokkar. Slik er det forøvrig i Spania og Tyskland og. Korta her nede er i prinsippe like, men det er berre 40 kort i ein kortstokk: korta 1 til 7, pluss tre bilet-kort (knekt, ryttar og konge). Det tøffaste er kortsymbola dei har her nede. I staden for hjarte, ruter, kløver og spar, har dei mynt, pokal/beger, sverd og kjepp! Heilt enormt. Eg prøvde å finna ei bok med lokale kortspel i, men det har eg ikkje fått tak i enno.

No skal eg setja meg til å jobba i halvannan time, så er det kaffipause med elendig fjernsynsunderhaldning. Adjø.

Link til utstillinga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar