10 februar, 2009

Nyheitsoppdateringar

Her nede går ting som dei vel strengt teke skal. Eg sit på biblioteket på instituttet og les, og har tidvis uforskamma lange kaffi- og lunsjpausar. Eg har lagt att mange stipend-euro på eit bakeri som ligg på veg hit, men det fortenar dei. Eg har heller ikkje brukt lite på pecorino-ost, men så er det ein grunn til det òg.

Eg har halvveges lova å fortelja om italiensk fjernsynsunderhaldning når eg får manna meg opp til det, men eg har litt att enno. Førre veka fekk me fjernsynet til å fungera i leiligheita (problemet var at scart-kabelen var kobla til og laga forstyrringar i signalet), og no kan me sjå på alt me vil. Det er ikkje ein god ting, eigentleg. Eg skal fortelja om laurdagsunderhaldninga seinare, inntil vidare kan eg nemna ei nyheitssak som har vore valdsamt mykje i vinden her nede. Det har kanskje vorte nemnt i norske media og, men her nede har det utelukkande vore hovedtemaet. Det heile har med å gjera ei ung kvinne som har vore i koma i 17 år i nord-Italia, og som legane kobla næringstilførselen frå førre fredag. Det var det faren som endeleg hadde fått gjennomslag for, men folk generelt, og særleg politikarane, seier at det prinsipielt ikkje høyrer heime nokon stad. Nyheitssendingane og enkelte aviser eg har lese har vore så partiske og lite nøytrale i denne saka at det ikkje liknar grisen, ein nyheitsopplesar eg såg i går brukte minst 5 minutt på ein slags improvisert monolog om kor verdifullt livet var og at å kutta næringstilførselen var reint drap. Så gav han seg til å krangla med ein politikar over satelitt.

Berlusconi har vore nestan like engasjert, og har kommentert at dette skal dei ikkje ha noko av i Italia. Politikarar flest har virka einige, men sidan dette såkalla drapet har vorte utført med lova i hand, kalte det italienske Senatet inn til ekstraordinært møte for å få igjennom ei lovendring, og helst før denne kvinna, som forøvrig heiter Eluana, døydde.

Denne samlinga tok til i går ettermiddag, eg såg på nyheitene at dei sendte deler av det direkte, og onsdags morgon skulle det vera gjort avstemming og ei eventuell lovendring skulle vera fastsett. På veg til instituttet i dag kjøpte eg ei avis, som eg ofte gjer, og den handlar i stor grad om saka. Det viser seg nemleg at kvinna døydde i går kveld kl. 20.10, etter kun fire dagar utan næring, og då dette vart kjend i Senatet hadde det vorte eit helvetes spetakkel av dimensjonar ein berre kan fantasera om under norske forhold. Avisa er full av bilete av politikarar som turkar tårene, omtrent slost og kallar kvarandre mordarar. Eg veit ikkje eingong om eg tør sjå nyheitssendingar her nede i dag, for det kjem til å vera så mykje moralpreik. Ein ting skal iallefall italiensk nyheitsformidling ha: dei er ikkje nøytrale!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar