Det heiter ikkje haustferie når ein er på universitetet, det heiter "studieveke". Då er det ikkje undervisning og ein kan reise heimatt til sine håpefulle og studera der. Eg kom i går, Henriette kjem torsdag og sanneleg kjem ikkje Ingvild òg på fredag. Det betyr at eg har idag og i morgon på å studere for ei heil veke, og det er ikkje noko problem. I utgangspunktet.
Nok om det. Sundag var eg endeleg oppom i Søndre Skogveien 22D for å skriva under kontrakt og få nøklane til krypinnet mitt. Det er i høgste grad eit krypinn, men det er sjarmerande på eit slags slavisk vis og eg reknar ikkje med å bli buande der så lenge som t.d. i Nygårdsgaten. Seinare same dag kom Vegard med alle sakene eg hadde gøymt unna i Fana og eg fann ut at eg har forjævlig mykje bøker. Eg veit ikkje om det held å skaffe seg éi bokhylle eingong, så gale er det. Eg må nemlig sjå å komma meg til Ikea når eg er attendekomen i Bergen neste veke. Eg må ha seng og bokhylle og skrivebord, sidan nokre av tinga som stod på hybelen var litt uefne. Hybelen litt i Solheimsviken, eit ganske typisk "white trash"-område, har eg fått inntrykk av. Heldigvis er det drøye 10 minutt å gå til Gyldenpris og Knut bur fire gater nedanfor meg. Det er butikkar i umiddelbar nærleik òg. Utsikta frå vindauget i gangen er slik:

Eg pakka ut det meste på søndag og pakka i same slengen kofferten min. Så reiste eg til Lærdal tidleg på dagen og vart møtt av eit syn som fekk meg til å tenkje på haust:

I dag skal eg lese til går i koma. Det gler eg meg mykje til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar