Det er lenge sidan eg har vore imponert over det norske postvesenet, og det blir slett ikkje betre med åra! Eg har som kanskje (berre kanskje) kjent flytta inn i ein liten hybel som eg har heilt for meg sjølv, litt over Danmarksplass. Solheimsviken heiter det her. Postnummer og –stad er no 5055 White Trash. Det er så mykje ekle folk her oppe at det er heilt utruleg. Før eg i praksis hadde flytta inn her var eg på den lokale Joker-butikken oppe i hogget, det var søndag og butikken var søndagsope. Eg er, når sant skal seiast, ikkje eit overklassemenneske, men det var eit regelrett kultursjokk å stå i den svært så lange butikkøen. Folk her oppe verkar generelt å vere, styggare, dvaskare i haldninga og i påklednaden, meir uflidde og sjuskete og det er tydeleg at dei er glade i billige pølser og First Price-ketchup, og sjølvsagt øl. Når det gjeld husa her oppe ser det ut som om mange har byrja å pusse opp og stelle i stand utearealet for så å plutseleg ombestemma seg og berre late det stå slik til skrekk og advarsel. Det er og mykje utlendingar her: mange arabarar som av ein eller annan grunn går med frykteleg tunge steg, og sjølvsagt austeuropearar som alltid reparerer bilen eller lossar skitne møblar og bereposar med gudane veit kva ut av denne. Eg er ikkje fordomsfull no, eg ser nemleg med eigne auge at det står LV og PL på bilskiltet. Dei har sjølvsagt kjeften full av filtersigaretter og verkar aggressive mot kvarandre. Spanande å bu i eit multikulturelt samfunn, altså. Og midt oppi dette white trash-helvetet har eg funne meg ein hybel. Det er ein ganske ok hybel, men eg klagar støtt og stadig over dei upraktiske løysingane og at det her og der er rom for oppussing. Kan hende eg har vorte snobbete, men eg har då budd i Russland for eit par år sidan og nokre huslege likskapar er det å registrere seg. Nok om det. Eg har det eg treng, særleg ettersom eg var på IKEA her forleden, apropos white trash, altså, og brukte ikkje så reint lite peng på omtrent alle kategoriar av interiør. Det inkluderar ei god madrass, eit skrivebord, ei bokhylle som nesten tek for mykje plass og ein kontorstol som er dritgod å sitje i men som eg ikkje kan bruke i særleg grad etter leggjetid, ettersom ho som bur under meg har soverom rett under hybelen min og blir litt muggen av lyden av kontorstol-hjul som rullar over golvet. Eg skal ikkje sei noko på det, men det var ein strek i regninga.
No sporar eg visst av. Eg stod opp i dag og åt ein liten frukost og fikla litt med Gamle dampen, altså PC-en min. Eg har ikkje internett her så eg har strippa den for alt som heiter brannmur og antivirus og program ein normalt har i samband med internett, og no går den som eit vått såpestykke på ein spegel! Eg har og kjøpt meg ein flatskjerm, 19 tommar, sjølvsagt widescreen og til ein særs overkommeleg pris, og skapplege pc-høgtalarar slik at eg i mangel på fjernsyn, som eg jo ikkje likar noko særleg uansett, kan sjå seriar eg har lasta ned: Seinfeld, Simpsons, etc. Eg har frykteleg mykje. Når eg hadde ete og dusja og styra litt her, gjekk eg ned på sjølve Danmarksplass. Når eg bestilte pc-skjermen og –høgtalarane bestilte eg i same slengen ein DVD-rom til pc-en sidan eg ikkje hadde ein slik ein. Akkurat denne pakka var ikkje å hente på postkontoret på Danmarksplass, den hadde ved eit uhell havna på Minde. Typisk. Ho som jobba der sa at det skjedde ofte, noko som får meg til å lure på om inkompetens er eit krav for tilsetjing i Posvesenet. Uansett ringte ho dit og bad dei om å sende pakka ned slik at eg kunne hente den. Dette var på torsdag og den ville nok ikkje kome på fredag, sa ho. Men laurdag var det berre å komme. Då skulle den sannsynlegvis vere der. Sannsynlegvis, sjølvsagt. I dag er det laurdag og eg var nede for å handla på den o’ store Coop Mega-butikken tidlegare. Ein må vera tidleg ute, for postkontora likar ikkje å halde ope så lenge, det skulle vel teke seg ut. Der fekk eg ikkje overraskande beskjed om at pakka diverre ikkje var komen. Eg sa at det var greitt, eg fekk heller ta ein tur på måndag. Nei… det gjekk ikkje. Dei fekk ikkje pakker på måndagar, eg måtte heller kome på tysdag. Det er faen meg så provoserande typisk. Shabby folk som jobbar i ei shabby bedrift på ein shabby stad.

Som ein rein (i den grad noko er reint i denne delen av byen) bonus gravde eg i postkassa for å sjå om det var noko post til meg når eg var nesten heime. Eg har eige postkasse på andre sida av gata. Der var det ingenting. Eit eldre og ubarbert par passerte meg akkurat i det eg lukke postkassa og mannen kommenterte: ”Issje nåke pængebrev i dag hællær? Ha-ha-ha!” Herleg. ”Nei, det er forjævlig” sa eg berre. Det er ikkje heilt sant, i dag skal eg og Henriette på kino, så ting kunne vore verre. Eg går sjeldan på kino, sist gong var i februar 2001 og då såg eg Exorsisten i ny version. Før den tid skal eg sjå om det går an å koka seg mat på 2 kvadratmeter kjøken.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar