01 mars, 2009

Nei, no...

Uff, eg lyt berre få leggja meg flat og orsaka til eg ser mannen med ljåen når det gjeld bloggen, for eg har ikkje oppdatert sidan ei god stund før eg reiste frå Roma. Men det har eg altså, reist heimatt til Bergen. Det gjorde eg på onsdag og i dag er det sundag.

Etter å ha vore krank eit par dagar og relativt lite mottakeleg for mat ei stund i etterkant, kom eg meg til hektene att og gjorde litt ineffektivt arbeid på instituttet dei siste dagane. Eg fekk og kjøpt meg kaffi til å drikka på utover våren, faktisk trur eg at eg gjorde karane i kaffibutikken i via Ozanam ganske nøgde med å kjøpa tolv, eg segjer 12, hekto kaffi i tohektos posar, vakuumpakka med største nøysommelegheit. Eg fekk litt rabatt og, og som takk har eg sendt nedover eit postkort med dei herlegaste lukkeynskjingar på - motivet er frå indre Sogn. Eg har allereie komme over halvveges i den fyrste posen med kaffi. Eg kjøpte og enno ei kaffikanne å ta med heimatt, ein kan aldri ha nok slikt.

Pakkingi gjekk greitt, eg hadde koffert på ca. 21 kilo med bøker og det heile i, og det er eg nøgd med. Mesteparten av bøkene eg kjøpte der nede sendte eg heimatt som brevpost (det går så lenge det er under 2 kilo) og eg har fått alt saman, så der har eg enno ein grunn til å vera nøgd. Siste kvelden gjorde eg noko eg sjeldan gjer, nemleg å sjå fotball. Det eine lokale laget, Roma, spelte i Champions League (?) mot eit britisk lag, og eg og tre andre eg kjenner der nede gjekk på ein pub for å sjå kampen. Riise spelte òg, så me tenkte at om det vart nokre scoringar frå den smukke raudtoppen kunne me sjå fram til å verte påspandert både det eine og det andre, men slik gjekk det ikkje. Faktisk las eg dagen etterpå, på flytoget, nokså negativ omtale av Riise. Men nok om han der. Kvelden var iallefall kjekk.

Dagen etterpå vakna eg så tidleg at eg la meg til å sova ein liten time ekstra, før eg stod opp og sosa i eit par timar. Til slutt vart eg lei og reiste med ein overfylt trikk til togstasjonen og vidare til flyplassen, og då hadde eg litt for mykje tid å slå ihel, tidleg ute som eg var. Då eg hadde sjekka inn og ete Italias verste flyplassmat samt ein siste cappuccino, sat eg og las bok og venta i ei æve på at me kunne gå ombord i flyet, men det varte og det rakk og me gjekk ombord minst halvannan time på overtid. Flyet var stappfullt og eg sat omtrent bakerst, omringa av ikkje mindre enn 13 småskulelærarar frå Luster som hadde vore på ferie/seminar, såvidt eg forstod, i Roma. Då var det lett å føla seg som heime, som regel hamnar eg i nærleiken av ein eller annan pamp frå austlandet. Kommentarane med sogne-stempel florerte i løpet av turen (som då me flaug over Alpane: - Detta er jo nestan som heime i Sogn!), og fram til midt i Austerrike var det heilt skyfritt og fint. Eg hadde sjølvsagt plass ved vindauget.

Sidan flyet var forseinka, vart dei tre timane med venting på Gardermoen redusert til halvannan, og eg fekk i meg ein overprisa baguett. Tax free-varer vart det og handla. Også dette flyet, frå Oslo til Bergen, var forseinka, det måtte avisast og det var generell somling, så eg var minst halvtimen for seint framme i Bergen. Derfrå gjekk det fint med flybuss og det heile, om ein ser vekk frå ein nyutdanna revisor som sikkert var yngre enn meg som satt på andre sida av midtgangen og snakka i mobil. Han ergra heile bussen, det såg eg på medpassasjerane mine, der han sat og lira av seg fraser som "Ja, det er jo der pengene ligger" og "Har du noen kompiser her i Bergen jeg kan feste med?". Vel heime fekk eg norsk mat og eg somna som ein pleietrengjande før eg hadde fått pakka ut.

Torsdagen pakka eg ut og gjekk omkring i byen og ordna ting. Ellers lite å fortelja om livet etter Roma, eg har forbetra kostholdet og har det ganske bra. Adjø.

21 februar, 2009

Ymse bilete

Eg har i liten grad bala meg opp med å leggja ut bilete her nedanfrå, men det skal det verta ei ordning på no.

Leiligheita:
Gangen i leiligheita på Spinazzola
Kjøkenet
Oppholdsrom frå ein vinkel
Opphaldsrom frå ein annan vinkel
Soverommet mitt dei fyrste ti dagane

Skapeleg mat:
Hjørnesteinane i mitt næringsinntak her nede: tortelloni og pastasaus på glas
Italiensk snop som ikkje er å forakta
Feite og velsmakande pølser (salsicce)
Pecorino-ost, men ikkje av den beste sorten (litt for lite lagra)
Parmesan: slikt går det mykje av
Den vetle, raude kaffikokaren på huset (ei av dei, iallefall)

Ting eg har sett:
Utanfor Pantheon, digert bygg
Inni Pantheon
Fontena utanfor Pantheon som heidrar einkvan paven
Her kom eg tilfeldig over Palazzo Barberini, ein stor attraksjon
Palazzo Barberini frå utsida
Trevi-fontena: eit eldorado for lommetjuvar
Butikk med mykje vin i Trevi-området
Ein særs velhalden bakgård eg sneik meg inn i
Meir bakgård
Hald dykk fast: eit lite kjøpesenter i Roma
Butikk som sel presteutstyr og alt ein treng til kyrkja
Tazza d'oro (Gull-koppen) - skal liksom vera byens beste, men er oppskrytt
Spansketrappa i regnvêr

Det var alt, men det bør jaggu vera nok.

Tusken feiring og spolert tur (til Firenze)

På overskrifta høyrest dette ganske negativt lada ut, og det er det pinadø og. Det heile byrja på mange måtar måndag. Eg hadde lenge vorte hissa av dei andre til å reisa til Firenze for å sjå dei handskrivne dokumenta eg set om i masteroppgåva mi (ei novelle og nokre handskrivne brev av Machiavelli), og samstundes få meg ein tur til Firenze. Alle skryt av den byen og eg har høyrd mykje, og ein tur hadde ikkje vore å forakta. Eg snakka med bibliotekaren, den alltid så hjelpsame Germana, om ho kunne ordna det slik at eg kunne få sleppa inn og sjå på manuskript-samlinga. Ho forfatta eit standardbrev med underskrift som det berre skulle vera å syna fram i skranken og så bar det rett inn i dei sjeldne dokumentars palass. Eg tenkte fyrst å ta ein dagstur: ein kan ta hurtigtog til Firenze frå Roma, Freccia Rossa heiter det (raud pil på norsk) og det tek 1,5 time kvar veg. Då går det jaggu fort; det vanlege toget tek nestan 4 timar. Hurtigtoget kostar dog 36 euro, det vanlege 17, og planen var å ta hurtig til Firenze og langsamt tilbake. Då kunne ein unngå å brenna alle stipendpengane på tog og samstundes få ein passeleg lang dag.

Så melde den gode ideen seg om eg ikkje heller skulle ta langsamt tog begge vegar og ta ei overnatting i Firenze på eit herberge. Slik kunne eg få mykje meir tid i byen til same pris, og tida hadde eg jo uansett. På ei norsk nettside fann eg ei dagsfersk nyheitssak om ei kåring som heiter "the Hoscars" - ei kåring av verdas beste herberge for 2008. På sjuande plass, 7. altså, låg Academy Hostel i Firenze. Eg sjekka ymse nettstader og fann ut at staden er heilt utsøkt på alle mogelege punkt, og prisen var 24 euro for ei seng på firemannsrom. Briljant. Eg venta litt med å bestilla for å bestemma meg for når eg skulle reise, men planen var i utgangspunktet torsdag til fredag. Då kunne eg sjå heile byen og alt mogeleg. Kanskje ta eit Machiavelli-maraton i byen og alt. Dette var måndag ettermiddag.

Eg kom heim utpå ettermiddagen måndag og laga meg ein dugeleg middag beståande av tortellini og ein utsøkt pastasaus på glas, etterfulgt av ein lett dessert servert i plast. Så slappa eg av og såg tv og følte at eg var rimelig mett. Eg la meg i halv 12-tida og las bok på senga som vanleg, og to minutt over midnatt ringte Henriette for å gratulera meg. Ja, korrekt: datoen var då tysdag 17. februar, og det er synonymt (for alle?) med bursdagen min. Hurra, hurra. Eg la meg til å sova etterpå.

Klokka kvart på 3 om natta, meiner eg å hugse, vakna eg opp fordi eg følte meg kvalm. Eg gjekk instinktivt ut på badet og gjekk litt fram og tilbake på golvet medan eg vart kvalmare og nokså svimmel, og før eg visste ordet av det stod eg med hovudet i vass-klossettet og spydde så tortelliniane og pastasausen bokstavleg tala spruta. Det er ufine detaljar, dette, men så var det faen så ufint å stå der å spy òg! Eg følte meg litt bedre men i dårleg humør etterpå, og eg hadde ein mistanke om at alle i leiligheita hadde vorte rivne ut av sømnen sin på ein særs ueffen måte. Eg la meg att og håpte det var noko eg hadde ete som ikkje kroppen min ville akseptere, men i 4-tida var eg i gang att med å kasta opp. Frå dette tidspunktet og fram til rundt 7 var eg i fast rute mellom porselenet og senga og sjølv om eg ikkje hadde meir å by på, var givarviljen til fordøyelsessystemet mitt storslagent (de skjønar). Eg halvsov til rundt 12, og så vakna eg av at eg var varm. Resten av døgnet er lite interessant, eg låg i senga og fraus og sveitta og følte eg hadde det verre i Roma enn jødane i Tyskland under krigen. På mobilen strauma gratulasjonsmeldingane inn, om ikkje anna. Eg åt ei heil banan i løpet av dette døgnet, og det var med makt.

Dagen etter var eg nokså tufs, men vesentleg betre. Eg åt ei banan til og to beger yoghurt dette døgnet. Eg hadde berre vatn med kolsyre, og det er ikkje lett å drikka med omgangssjuke. Til slutt stal eg ei stor flaske vanleg vatn hjå han eg deler rom med, og han aksepterte det med velvilje når han såg kor redusert eg var der eg låg og jamra. På kvelden såg eg litt fotball, så sjuk var eg, og eg la meg tidleg. Dagen etter det igjen, altså i går torsdag, var eg rimeleg ok att, så eg prøvde å få i meg mat for å kompensera for lite næringsinntak dei to føregåande døgna. Det gjekk berre delvis. Vatn var eg ute og kjøpte, og eg merka at italiensk trafikk, som kan vera slitsamt nok til vanleg, er grusomt i redusert tilstand. Eg la meg tidleg denne kvelden og, men i mykje betre form.

I dag har eg vore på instituttet att, etter tre dagars fråvær. Eg har ikkje vore på topp i dag heller, men no i kveld føler eg meg ganske normal att. Det går heilt fint å drikka kaffi og eta småkaker, og då kan eg vel seia at eg er i mål. I morgon er eg 101% att, ellers blir eg vond å ha med å gjera.

Om ein ser vekk frå det keisame med å vera sjuk i utlandet, er det verste med dette at eg måtte kansellera turen til Firenze. Eg vil ikkje reisa dit før eg veit at eg er tilbake i superform att, og eg rekk ikkje utføra det arbeidet eg skal her nede i tillegg til ein slik tur, sidan eg reiser kommande onsdag føremiddag, eg gidd ikkje stresse med det. Eg skulle eigentleg halda foredrag for alle på instituttet, uformelt lunsjseminar kallar dei det, på måndag, men sidan eg ikkje har fått gjort ein drit så langt fann me ut at det var greiast å avlysa det, så slepp eg å koma halvveges førebudd. No skal eg berre skriva ferdig nokre greier på oppgåva mi og kjøpa souvenirar og slappa av før eg reiser, og det får vera bra.

Eg får ellers vera veloppdregen nok til å takka for alle gratulasjonar på den store og pinefulle dagen min. Viss bursdagen min neste år vert like stusseleg, kan det fort bli den siste.

15 februar, 2009

Finkultur

Nokre vil kanskje seie at den einaste forma for kultur eg tek innover meg er bakteriekultur (Cultura-mjølk), men det vil eg ha meg fråbeden. I går tok eg nemleg så mykje kultur innover meg at eg planlegg å sjå italiensk Big Brother (Grande Fratello) i kveld for å jamna det ut.

Det byrja eigentleg på torsdag, då eg var mektig lei av å sitja på biblioteket på instituttet og korrigera masteroppgåva mi. Eg har skrive det meste for lenge sidan, det går mest ut på å retta på ting, både grammatiske og det som har med innhald å gjera, og å setja saman oppgåva på ein måte som er hendig. Det er eit ikkje så reint lite krevjande arbeid, og det er noko ein lett får nok av. Difor bestemte eg meg for å ta ein slags fridag og ta trikken inn mot sentrum i Roma og handla bøker samt andre ting. Dette skulle gå føre seg dagen etter, altså fredag. Torsdag kveld synte det seg derimot at eg måtte endra planane, ettersom det var transportstreik planlagd fredagen. Å gå frå Spinazzola og over på andre sida av Tiber er på ingen måte akseptabelt, så eg la planen på is og reiste på instituttet fredagen òg. Det var eigentleg ein god studiedag (sjølv om dagen byrja jævlig dårleg med at pc-en klikka i vinkel). Eg snakka med bibliotekaren, Germana, og fekk mange tips om bøker og forfattarar eg kunne leita opp i bokhandelen.

I går var det laurdag, og eg stod litt seinare opp enn vanleg (litt før halv 8, berre noter det med kulepenn). Slengde i meg ein vanleg Italia-frukost beståande av yoghurt og ei banan samt heimelaga kaffi, og tok trikken inn til Largo Argentina. Det er der bokbutikken ligg, men eg tenkte eg kunne vera turist fyrst og gjekk innom Pantheon, sjølv om eg hadde vore der før. No var eg så tidleg ute at det knapt var ei sjel der inne, og då var det betydeleg meir stas å vera der. Så gjekk eg vidare til Trevi-fontena, men der var det allereie stappande fullt av folk. Eit par av dei såg ut som potensielle lommetjuvar, så eg tok eit par bilete av fontena i morgonsol før eg fortsette. I nærleiken av fontena ligg nemleg ein iskrem-bar som dei siste 5-10 åra er kåra til den beste i byen, San Crispino. Eg var ikkje heilt sikker på kvar den låg, så eg tusla og gjekk, og då eg hadde komme opp ein liten bakke oppdaga eg at eg stod foran ein temmeleg svær og staseleg bygning med skilt utanfor, der det stod Palazzo Barberini.

Eg har i etterkant forstått at eg faktisk hadde komme over ein av hovudattraksjonane i byen, men bilet-kunst ligg ikkje heilt føre meg og eg visste ikkje kva som var inni bygningen. Klokka var på dette tidspunktet 9.20 og Barberini hadde opna klokka 9, så det var ingen turistar i nærleiken. Eg tenkte at eg kunne gå inn og sjå kva som var på utstilling (eg forstod fort at det handla om måleri) og gjekk inn. I billettluka sjarmerte eg med min flytande italiensk og forklarte, og beviste, at eg studerte italiensk språk og kultur, som eg sa, og dermed fekk eg gratis inngang som ellers kostar €5. Så tok eg med ein god runde i alle romma og studerte bileta og takmåleria, og det var ikkje noko å seie på handverket. Ved nokre tilfelle vart eg sågar imponert. Enno betre var det at eg kunne gå omkring der i einsemda, for det var for tidleg for amerikanarane på denne tida. I det heile ein fin kulturell input. Eg var freista til å smugfotografera, men det var overvakningskamera her og der og ettertrykkjeleg illustrert at fotografering ikkje vart teke nådig opp, så eg heldt meg.

Etterpå gjekk eg attende mot fontena, og fann ut kvar iskrembaren låg. Typisk nok opna den ikkje før 12, så det var berre å drita i det. Eg var innom nokre forretningar langs storgata Via del Corso før eg gjekk mot trikkehaldeplassen og den svære bokhandelen der, som var trøkkjande full av folk. Eg fann eit par lovande bøker som eg kjøpte og så tok eg trikken heim. Vel heime tok eg det med knusande ro fram til halv 8, då eg og Per, som eg deler rom med, gjekk ut for å møta 3 av dei andre som sit på instituttet for å ta oss ein betre middag på ein lokal restaurant. Å seie at det var "ein betre middag" er ein kraftig overdriving, det var forbanna godt! Og det var såpass autentisk italiensk at dei hadde ikkje menyar eingong. Serveringsdama, som tydelegvis trakk i alle trådane i etablissementet, fortalte oss på italiensk kva dei serverte i kveld og me gjekk alle for nokre slags kjøttrullettar (involtini) i tomatsaus med steikte poteter og spinat-aktig brokkoli som tilbehør. Til forret var det ein abnorm mengde ost, små bakevarer, blingsar og spekemat. At staden var stappande full av italienarar er alltid eit godt teikn, men det var litt drit at naboboret var unge-bordet, der minst 5 italienske, hyperaktive ungar sat og skreik. Eg har aldri ete på ein stad med så høgt støynivå, men det er eigentleg greitt.

Ein annan kultur-relatert ting: eg var innom ei stor tobakkssjappe på fredag og kjøpte ein lokal kortstokk! Her nede brukar dei fyrst og fremst lokale, italienske kortstokkar. Slik er det forøvrig i Spania og Tyskland og. Korta her nede er i prinsippe like, men det er berre 40 kort i ein kortstokk: korta 1 til 7, pluss tre bilet-kort (knekt, ryttar og konge). Det tøffaste er kortsymbola dei har her nede. I staden for hjarte, ruter, kløver og spar, har dei mynt, pokal/beger, sverd og kjepp! Heilt enormt. Eg prøvde å finna ei bok med lokale kortspel i, men det har eg ikkje fått tak i enno.

No skal eg setja meg til å jobba i halvannan time, så er det kaffipause med elendig fjernsynsunderhaldning. Adjø.

Link til utstillinga

11 februar, 2009

Pakke-nytt

Eg har opptil fleire gonger dagleg spora pakka mi på det italienske postverket sine sider, håpefull om at pakka skal koma fram og livredd for at ho ikkje gjer det. Sidan 5. februar har det ikkje vore noko oppdatering på sporinga. Det har stått Milano og eg har vore redd den har stranda på eit slitent lager der oppe. I løpet av dei siste tre timane har derimot noko skjedd, for no står det Norvegia på sporinga. Det vil seie at pakka er bortimot i mål. Merkeleg nok står det i informasjonsfeltet ved sidan av "Destinatario non disponibile (ferie)", som om eg skulle ha hengt ein lapp på døra med informasjon om at eg er vekkreist for tida. Eg får berre anta at pakka ligg på Ica og at dei gidd å dytta ein hentelapp i postkassa heime. Eg kan ikkje tenkja meg at dei sender heile greia attende til Italia slik, for pakka er no i det norske postvesenets hender og om det ikkje er dei beste hendene så er dei definitivt mindre slepphendte enn det italienske.

Ellers er det lite å fortelja. Folk seier det er kaldt heime, her er det 15 grader og tendensar til drit-vêr. Det har vore nokre saftige haglbyger i løpet av dagen og det har tordna litt òg, så eg er gild eg har paraplyen med. Den skal eg snart folda ut, for her gidd eg ikkje sitja lenger. Eg har ikkje noko konkret å jobba med akkurat no og vil heim og lesa ut ei bok eg byrjar å bli trøytt av.

Forresten så har denne nyheitssaka med ho som vart fråkobla næringssonden førre veka, ho som døydde for to dagar sidan, rasa vidare med uforminska styrke. Faktisk er det nesten slik at det pinlige fotballtapet for Brasil i gårkveld kjem i skuggen. Eg såg faktisk mesteparten av kampen i mangel på betre ting å gjere, og vaktmeistaren på instittuttet var litt skuffa over laget sitt i dag.

10 februar, 2009

Nyheitsoppdateringar

Her nede går ting som dei vel strengt teke skal. Eg sit på biblioteket på instituttet og les, og har tidvis uforskamma lange kaffi- og lunsjpausar. Eg har lagt att mange stipend-euro på eit bakeri som ligg på veg hit, men det fortenar dei. Eg har heller ikkje brukt lite på pecorino-ost, men så er det ein grunn til det òg.

Eg har halvveges lova å fortelja om italiensk fjernsynsunderhaldning når eg får manna meg opp til det, men eg har litt att enno. Førre veka fekk me fjernsynet til å fungera i leiligheita (problemet var at scart-kabelen var kobla til og laga forstyrringar i signalet), og no kan me sjå på alt me vil. Det er ikkje ein god ting, eigentleg. Eg skal fortelja om laurdagsunderhaldninga seinare, inntil vidare kan eg nemna ei nyheitssak som har vore valdsamt mykje i vinden her nede. Det har kanskje vorte nemnt i norske media og, men her nede har det utelukkande vore hovedtemaet. Det heile har med å gjera ei ung kvinne som har vore i koma i 17 år i nord-Italia, og som legane kobla næringstilførselen frå førre fredag. Det var det faren som endeleg hadde fått gjennomslag for, men folk generelt, og særleg politikarane, seier at det prinsipielt ikkje høyrer heime nokon stad. Nyheitssendingane og enkelte aviser eg har lese har vore så partiske og lite nøytrale i denne saka at det ikkje liknar grisen, ein nyheitsopplesar eg såg i går brukte minst 5 minutt på ein slags improvisert monolog om kor verdifullt livet var og at å kutta næringstilførselen var reint drap. Så gav han seg til å krangla med ein politikar over satelitt.

Berlusconi har vore nestan like engasjert, og har kommentert at dette skal dei ikkje ha noko av i Italia. Politikarar flest har virka einige, men sidan dette såkalla drapet har vorte utført med lova i hand, kalte det italienske Senatet inn til ekstraordinært møte for å få igjennom ei lovendring, og helst før denne kvinna, som forøvrig heiter Eluana, døydde.

Denne samlinga tok til i går ettermiddag, eg såg på nyheitene at dei sendte deler av det direkte, og onsdags morgon skulle det vera gjort avstemming og ei eventuell lovendring skulle vera fastsett. På veg til instituttet i dag kjøpte eg ei avis, som eg ofte gjer, og den handlar i stor grad om saka. Det viser seg nemleg at kvinna døydde i går kveld kl. 20.10, etter kun fire dagar utan næring, og då dette vart kjend i Senatet hadde det vorte eit helvetes spetakkel av dimensjonar ein berre kan fantasera om under norske forhold. Avisa er full av bilete av politikarar som turkar tårene, omtrent slost og kallar kvarandre mordarar. Eg veit ikkje eingong om eg tør sjå nyheitssendingar her nede i dag, for det kjem til å vera så mykje moralpreik. Ein ting skal iallefall italiensk nyheitsformidling ha: dei er ikkje nøytrale!

05 februar, 2009

Kjapp info

Her skjer det fint lite som kan vera av interesse for travle menneske i Noreg. Eg sit på lesesalen og les og prøver å planleggja kva eg skal gå i gang med, samstundes som eg vurderer å bevilga meg ein fridag og drikka kaffi på alle stader eg kjem over.

Derimot kan eg informera om at det går framover med pakka mi: den vart sendt vidare frå postkontoret til postterminalen Roma 4 i går, og i dag har den ankomme Milano. Så blir det spanande å sjå om den kjem seg over grensa denne gongen. Eg skal halda dykk oppdaterte!