31 mai, 2007

Overskrift

Eg kom ikkje på ei betre overskrift, men ein må jo ha ei overskrift uansett. Så har eg iallefall komme med ei overskrift om ikkje anna. Og no skriv eg ikkje meir om det. Derimot kan eg vise fram eit bilete eg har teke, nemleg den Lamborghini'en eg har sett i butikkvindauget, og som eg tidlegare har omtalt her. Eg må nok ei gong få understreka at dette er ein klesbutikk som kostar skjorta (paradoksalt?), men dei som handlar der har ikkje trang økonomi akkurat. Over gata ligg ein Armani-butikk og ved sida av ein Dolce&Gabbana. Ikkje akkurat gamlegata på Øyri (sjølv om kaffien på Potter's kanskje er noko overprisa). Og her er biletet:

Biletet kan klikkast på!


Eg har ikkje skrive så mykje i det siste, og det beklagar eg på det kaldaste, men eg har ikkje hatt motivasjon nok til å slost med desse pc-ane som me har til disposisjon. Dei er verkeleg forjævlig dårlige, og internettlinja er minst like treig. Då er det best for blodtrykket å late vere.

Det som har skjedd sidan sist er eigentleg litt. For to dagar sidan var det ein stor fellesmiddag her på huset, arrangert av ein tyskar, tre belgiarar og eit sjarmtroll av ein portugisar. Gildet kosta 3 euro, men det var til ei god sak: ei venninne av desse har øydelagt noko på bilen sin og utan bil her i Italia ligg ein dårleg an; kollektivtransporten mellom byane og i sentrum er god nok, medan i utkantane må ein køyre til og frå. Dette var eit kjekt gilde og eg vart sågar kjend med nokre folk som bur her men som eg ikkje har snakka med. Ein annan ting eg registrerte var oppførselen til dei forskjellige nasjonalitetane. Sett bort frå oss som hang rundt grytene før moroa starta (kl. 20), var dei første som kom ei gruppe tyskarar. Dei kjøpte og eindel øl, som og var til sals, utan at me snakkar fyll altså. Dei som kom desidert sist var spanjolane, men til gjengjeld var dei mest høgrøsta og lo mest. Eg representerte Noreg på ein bra måte: eg var i klart mindretal, haldt meg i bakgrunnen og laga ikkje mykje lyd, men eg var der og kan fortelja om det i lang tid framover.

Vêret har vore artig i det siste. Etter det uhyggjelege torevêret laurdag og sundag fortsette det i nokre dagar til, sjølv om intensiteten var lågare, og i dag er vel fyste dagen på nestan ei veke at eg ikkje har høyrd eit einaste tordenskrall. No skal det seiast at himmelen byrjar å få ein dyster farge, så me får sjå. Eg veit ikkje om eg kjem til å få det med meg i såfall, for i aften skal eg på fest. Ja, faktisk. Erasmus-organisasjonen, altså den organisasjonen som styrer med utveksling mellom universitet i Europa og som dermed eg og er involvert i, feirar 20 år i år. Hurra hurra, og skal det festast? Javisst. Det vert arrangert på studentboligen som ligg eit eller to minutt unna her, og som er mykje nyare og finare og større, og inngangen er gratis. Det same er maten og eit band skal spele musikk. Dette byrjar klokka halv 8. Eg tykkjer eg kan gå dit i dag, sidan eg hadde eksamen i dag.

Eksamen, ja nettopp. Dette var den fyste i rekka av alt for mange eksamenar som eg skal ha dei neste 6 vekene, sånn omtrent. Dette ser eg slett ikkje fram til. Dei eg kjenner her på huset som har tatt samme fag som meg fortel meg at særleg desse grammatikk-eksamenane slett ikkje er småsaker. Det var forsåvidt ikkje eksamenen eg hadde i dag: Kontemporær italiensk litteratur. Denne eksamenen gjeld to av dei tre modulane i dette kurset, den siste modulen er ikkje ferdig før om litt over ei veke. Eg forventa at det ikkje skulle vere som i Noreg, og det fekk eg ganske rett i: me sat, ein god gjeng på ca. 30 personar, i eit av klasseromma og venta, og så kom ei dame med nokre hefter og nokre greier som leste opp lista med namn og noterte seg kven som var der og kven som ikkje var der. Namnet mitt vart på ingen måte korrekt uttalt. Så kom professoren inn og helste, og satte seg bak kateteret og kalla opp ein og ein foran resten av klassen og stilte spørsmål som ein måtte svare på. Denne seansen tok 10-15 minutt, og eg var ikkje førebudd på å uteksaminerast framfor ein gjeng stort sett ukjente medelevar. Eg var dessutan nummer 4, så eg hadde stort publikum og italiensken min vert som regel ikkje betre under press. Det til trass, eg fekk velje kva eg ville fortelje om, og eg fortalte om den no avdøde forfattaren Giuseppe Berto og det eg visste om ei bok han har skrive (Il cielo è rosso = Himmelen er raud; eg veit ikkje om denne finst på norsk...), og det gjekk ok, sjølv om eg måtte gje opp å forklare enkelte ting fordi eg rett og slett ikkje hugsa viktige ord og begrep, trur ikkje det var så farleg. Eg fekk litt oppfølgjingsspørsmål av typen "Korleis er denne boka i samanlikning med andre bøker som Berto har skrive og som du har lese?", og eg greidde å ro meg greit i lang her óg. Til slutt fekk eg karakteren 26, og det er slett ikkje dårleg: dei fleste andre låg på det nivået og. Eg må sjølvsagt rekne med at eg ikkje vart grilla så hardt som eg kunne ha blitt, men faen heller - eg er jo utlending!! Eg kan forresten nemne at lågaste ståkarakter er 18 og høgaste karakter er 30. Eg trur me seier B, altså. Eg belønna meg sjølv med å kjøpe to bøker eg har lyst til å lese. No har eg ikkje eksamen på to veker (sjølvsagt har eg eit eksamensinferno av verste sort veka etter der igjen), så eg skal koze meg litt.

27 mai, 2007

Naddalausi kveldakaosi

Det er sannsynlegvis berre Knut Lysne som klarar å tolka overskrifta, men han har jo bursdag i dag så eg tykkjer han skal få ha den æra.

No er det aften, eg har sett Formel 1 og lese ein del, ete ein piccolo kebab og nesten lese ut ein roman som eg er dritlei av. Her på datarommet er temperaturen behageleg, noko som i noko mindre grad kan seiast om dei eg er i rommet med: to finske studiner som Henriette beskreiv som "mumitroll", ein beskrivelse som passar fullstendig utmerka for ikkje berre er dei finske, dei er runde og kvite - ikkje nokre fruktfat for å seie det slik; det er og ein albanar her som er inne på facebook-liknande sider (Hi5, MySpace, etc) og sender mailar på engelsk til jenter som har lettkledde bilete av seg sjølv. Eg sit ved sidan av, så eg har sjølv sett kva han held på med. Eit kvinnemenneske som han sendte mail til hadde bilete av seg sjølv der ho låg nesten naken på ei seng (men dum som ho var hadde ho gløymt å ta av seg dei høghælte skoa...), men eg såg ikkje kva han skreiv. Eg kan berre gå ut frå at han ikkje publiserar bilete av seg sjølv på desse sidene, for han ser ut som ein drit heile fyren. Ofte okkuperar han den raskaste pc-en og sit der i fleire timar og sender desse mailane og snakkar på msn med dei han har klart å lure iallefall eit stykkje på veg. Men nok om han.

Sidan eg allereie har skrive ein blogg i dag tenkte eg at eg berre skulle leggja ut ein link som Christian sendte meg og som eigentleg er brillefin: http://aordal.blogspot.com/
Det er ei slags dialektsamleside som tek utgangspunkt i Hydro, ... - eg mener Årdal!, og som presenterar lokale ord og uttrykk med eksempel-setningar av høg kvalitet. At det er årdalsdialekta som går under forstørringsglaset er ikkje så vanskeleg å sjå for oss som har vakse opp utan fluor i drikkevatnet. Litt meir femi og Hydro-orientert er det, men det er mykje å kjenna seg att i. Når eg kjem heim skal eg vurdera å laga ein tilsvarande blogg der eg brukar min eigen far som utgangspunkt, for dei dialektale uttrykka han har å by på er nok til å dobla sidetalet i Nynorsk Ordliste (den frå Samlaget). Rasaeinkåleiniuppihaojårvi, som Arild Lysne seier.

Torevêr

Dette fascinerande vêr-fenomenet er ikkje noko ein er bortskjemd med i Lærdal. I Bergen hender det av og til, men det er liksom ikkje så mykje å snakka om. I går kom det ei skikkeleg byge over her, og trass i at eg som sagt ikkje er bortskjemd med slikt så tør eg påstå at det var det drøyaste uveret av denne sorten eg har vore ute for.

Eg sat nemleg eigentleg og leste litt etter å ha sett formel 1-kvalifisering i kinosalen, og la merke til ein lyd som mest minna om fly som sirkla over byen. Altså ei langsam rulling som aldri tok pause. Det var faktisk uvêr, det! Eg fekk ikkje lese så mykje fordi det var litt trykkande og slikt, og eg var generelt umotivert og lei og, så eg gjekk på rommet og sette meg til for å ete ei banan. Eg merka meg at rumlinga vart kraftigare og kraftigare, og så byrja blinkinga i det fjerne og, og etterkvart vart det ganske høg lyd. Så byrja lyna å herja. I hovudsak raude lyn, ikkje slike kvite eg har sett i Bergen og for å sjå dei måtte eg etterkvart sjå meir eller mindre beint opp. Det lot seg ikkje gjere så lenge sidan det kom ei regnbyge som minna om perioden september-desember i Bergen i fjor. Og så vart det gradvis verre og verre, og så vart det enno verre. Når eit dugeleg lyn slo til gjekk det berre eit sekund eller to før det buldra så kraftig at eg kjente at golvet vibrerte. Talet lyn var og imponerande for det blinka heile tida, omtrent som på eit diskotek. Dette heldt på i over tre timar, og då var eg lei. Eg trur det var ganske lokalt, for det stod ikkje eit ord om det i vêrmeldinga på internett. I dag derimot er det faktisk meldt torebyger heile dagen, så me får sjå. Spanande altså.

Om de som les dette sit igjen med eit inntrykk av at det ikkje skjer så fordømrade mykje her, så har det ikkje tolka feil. I dag skal eg sjå formel 1-løp og lese, ete, lese meir, og til slutt leggja meg.

26 mai, 2007

Wendelbo i knipe!

Ikkje i pengeknipe, ei heller kva studiane gjeld, og eg har ikkje lagt meg ut med politiet eller mafiaen eller noko sånt. Dette er mykje verre. Eg skulle donert begge nyrene utan bedøvelse for å sleppe å sovna, og vakna, på eit rom som held 30 varmegrader, og av og til litt meir. Dette veit eg takka vera gradestokken eg kjøpte for eit par veker sidan. Faktum er at denne veka har det vore heilt utriveleg varmt, og eg trur alle slit i varmen. Men eg slit mest!
Best å oppsummera denne glodheite helvetesveka, ettersom eg ikkje har skrive noko her på ei stund. Det er varmt på datarommet og, om det skulle vera ei overrasking.

Eg hugsar ikkje heilt, men eg trur denne heten byrja førre helg. Det går litt i surr når det er så tungt å puste. Så langt har eg registrert at temperaturen ute har vore nær 30 grader og som regel i området rundt 25 grader på rommet mitt, og det har vore nok til å gjera meg klam, treig og utilpass. Allereie måndag byrja eg å kapitulera, for litteraturforelesingane som går dei tre første dagane i veka held til i auditorium E, og det er utan tvil det mest usympatiske auditoriumet på universitetet i Padova. Når me byrjar er førre forelesning akkurat over, og lufta der inne er svært dårleg. Under førelesninga vert det sjølvsagt ikkje betre, og det er ikkje noko som minnar om air condition i desse 70-talls-fasilitetane. Eg svergar på at lufta inne held minst 40 grader, skal banna på at det er meir, og andre eg har snakka med har halvveges slutta å gå på desse forelesningane. Det er for varmt og ubehageleg og ein klarar ikkje å konsentrera seg i det heile tatt. Eg gjekk i pausen på mandag og gjekk rett bort til ein elektronikkforhandlar og kjøpte meg ei bordvifte til 22 euro som eg plasserte på rommet mitt. Den bråkar litt, men held høgt turtall og det er det viktigaste. Men heilt ærleg så hjelp den ikkje så veldig mykje...

Tirsdag gjekk ok, men mest på trass. Eg merkar at når eg kjem heim er eg så klam at eg ofte er nær ved å slita sund t-skjortene mine når eg prøver å ta dei av meg. Eg kjøpte meg ein shorts denne dagen, og det var ikkje dumt. Den er litt hippare og kuulare enn kva eg er, men samanlikna med italienarane har eg langt igjen til eg passerar grensa for dårleg smak. Eg var og innom eit bakeri og kjøpte meg ein focaccio, og ho dama bak disken tykte så synd i meg at ho skrudde på air condition-anlegget sitt (!), og fortalte meg at det var ubehageleg her i området, spesielt i byen, men at det kom til å bli verre... Brillefint! Onsdag gjekk vel på same måte, og torsdag merka eg at eg faktisk har byrja å venja meg til temperaturen ein smule, så lenge eg ikkje bevegar meg for fort i varmen. Om eg gjer det, reduserast eg til en dam ganske fort og då byrjar folk å tykkja synd i han stakkars nordmannen som er vand med kuldegrader i juli (litt overdrive, men folk trur det er frykteleg kaldt heime. Det har dei forsåvidt rett i samanlikna med her).

Torsdag møtte eg Eric, ein amerikansk medstudent, for å diskutera eldre litteratur og førebu oss til eksamen. Eg fekk intrykk av at eg ligg bra an. Han er frå California og har studert bl.a. film og engelsk litteratur. Han er svært interessert i film, og vart svært imponert over at eg kjente regissøren av Agent Cody Banks (Zwart, ja), for det var ein suksess i USA. Ellers fekk eg ikkje gjort så mykje den dagen heller, for det er ikkje mogeleg å sitja på rommet og lesa i denne varmen. Apropos det med lesing, eg skal vera glad for at eg byrja å lese allereie i vinter, for slik som det er no er det jo umogeleg å lesa og få med seg noko. Det kan ha redda karriera mi, kanskje...

I går var det kanskje den varmaste dagen, men eg takla den bra så fort eg kom ut i friluft. Eg måtte gå halvveges uti ein relativt kjedeleg forelesning om Sergio Corazzini, som i praksis går ut på å analysera dikta hans frå byrjinga av 1900-talet, før tyfusen kom og tok han. Etterpå møtte eg som avtalt Frida, ho frå Sverige, og sidan ho bur i nærleiken gjekk me dit og åt nokre middagsrestar og såg Borat med italiensk teksting. Det var forøvrig ein film å anbefala. Etterpå gjekk me inn til byen, ho gjekk til ei venninne og eg kjøpte meg barberhøvel (Gillette Fusion og matchande barberskum) og gjekk heim. Grunnen til dette er at det er vanskeleg og ubehageleg å bruka barbermaskin i denne varmen. Kjøpte meg mat og, forresten. Etterpå snakka eg i telefonen, og leste i ein roman eg vil bli ferdig med. Så la eg meg, før midnatt folkens, og trur faktisk eg somna fort. Eg er alltid trøytt for tida, men ein søv ikkje så bra under slike forhold!

I dag skal eg på biblioteket her på huset som eg trur har air condition som fungerar, om enn dårleg, og klokka 14 skal eg sjå Formel 1-kvalifisering i kinosalen. Så får me sjå kva eg finn på etterpå, det blir neppe noko aktivt. I dag er det "berre" 30 grader circa og det er meldt kaldare framover, faktisk eindel regn og litt torden og slike tøffe ting.
Adjøss!

17 mai, 2007

Breaking news

Kanskje ikkje akkurat nyhende som involverar meg, men det skal ein kanskje vera glad for. Dei mest oppmerksame vil kanskje sjå at overskrifta ikkje har noko med nasjonaldagen i Noreg å gjera, og det har jo sin naturlege forklaring i at 17. mai er ein heilt vanleg dag her nede som ikkje blir feira i det heile tatt. Difor vil eg understreka kontrastane mellom mitt kvardagslege Italia og det festfylte og stressande fest-infernoet som 17. mai eigentleg er, iallefall på offentlege plassar, der ein ikkje kan gå fem steg utan å trakka ned tre småungar i bunad med softis og gassbalong og sjokoladetrekk over heile trynet. Eg har kjøpt lokalavisa i dag, noko eg sjeldan gjer for tida, og notert meg kva som skjer her i Padova (ikkje berre i sjølve byen, men også i landsbyane rundt: Montselice, Piove di Sacco, Felce, ecc.).

I går var det ein interessant demonstrasjon her i sentrum. Her i kommunen, eller i provinsen (eg er usikker) har dei nyleg sett i kraft ei ny lov som gjer det straffbart å kjøpe tenester hjå prostituerte. Dette likar ikkje horene i det heile tatt, for dei tapar mykje peng på dette og jobben blir enno vanskelegare. Derfor hadde dei i går kledd seg opp (eventuelt ned) og teke med seg plakatar og sånt til byen for å protestere og bli høyrd. Horer frå heile Italia kom hit til byen, faktisk, og turistane må ha vore frå seg. Lokalbefolkningen protesterte litt tilbake og stilte opp med slagord som "Betal skatt som oss andre!" og sånt. Horekundar blir bøtelagt av politiet her, og dei kundane som kunne framvise ein bot fekk visstnok eit gratis "varekjøp" av desse kvinnene. Og mennene, det var slike transar der og. I dag er debatten i gang i avisa, det er føreslått å opna ei såkalla raud sone i byen, men det er neppe populært.

Andre saker: ei kvinne skulle køyre heimefrå, men lot bilen gå medan ho sprang inn for å henta pc-en sin. Då ho kom ut var ein tjuv i ferd med å stikka av med bilen, og han klarte det kunststykket å køyra over dama. Dermed blir han sikta både for tjuveri og mord: kvinna døydde nemleg.

Ein 15 år gamal ungdomsskuleelev i Milano døydde i klasserommet under undervisningen etter å ha røykt hasj i friminuttet, noko som er svært normalt på akkurat denne skulen. Det vil seie omsetjing av narkotika, rusing på skulens område, faktisk innandørs, etc. Om det var røykinga som tok livet av han gjenstår å sjå. Eg kjem ikkje til å følgje med framover...

Trikken som vart innvia kort tid etter at eg kom hit har mange problem, og no byrjar kommunen og byrådet og alle desse instansane å mista tålmodet. Fleire gonger har trikken spora av, stoppa heilt utan forvarsel, og til og med dørene har nekta å opna seg slik at folk ikkje kom ut. Byens innbyggjarar ramlar og slår seg, og i enkelte tilfeller døyr, når dei køyrer motorsykkel og scooter og veltar på trikkeskinnene.

Apropos skinner, ein 65-åring hadde lagt seg på togskinnene utanfor byen med hensikt å bli påkøyrd av toget med døden som følgje, men togføraren klarte å stoppa toget. Strek i regningen for mannen på skinnene.

Jethro Tull skal på turné i Italia i slutten av juni.

Utanom dette er det ikkje andre nyhende enn trafikkulukker og denslags i avisa. Apropos, når eg kom heim i dag var det litt trafikkork og ein sjukebil utanfor der eg bur. Etter mine beregningar hadde ein bil teke ein forbikøyring av den typen som er vanleg i Italia (og uvanleg i Noreg) og køyrd beint på ein motorsyklist som kom i motsatt retning. Motorsyklisten var på båre og med nakkekrage og såg ikkje heilt pigg ut, men han snakka og var i live.
I kveld er det finale i studentturneringen i volleyball og etterpå er det fest her. Kanskje eg rører på meg (obs: ikkje på dansegolvet!).

16 mai, 2007

Lett blanding

Overskrifta har eg henta frå det populære brettspelet Geni, som var svært populært på 90-talet. Det er ikkje like populært no lenger, og det er ikkje så rart for det var eigentleg kjedeleg. Eg har alltid halde ein knapp på stigespel, det er det som er brettspel, altså.

No har alle B-modulane slutta, iallefall såvidt eg veit, og dei to kursa eg har som tilbyr C-modul er i gang. Det betyr mindre forelesing, men det betyr også at eg plutseleg har enno eit par bøker eg må kjøpa. Eg byrjar å bli lei alle desse bøkene, som om me ikkje hadde nok å plundra med. Bøker er billigare her, men eg har aldri hatt så mange bøker i eit semester før. Og det kan bli lenge til neste gong. Eg må putta alle sammen oppi ei solid pappøskje som eg skal krangla til meg på nærbutikken her før eg reiser og senda dei med posten, kosta kva huu'n det vil. Ikkje vil eg selgja dei til spottpris her nede og ikkje vil eg ta dei i bagasjen og betala firesifra summar for overvekt.

På veg heim frå forelesing og sjølvsagt påfølgjande bokhandel, gjekk eg den vanlegaste vegen min heim. Den går gjennom ei fin gate som også er ei veldig dyr gate, i den forstand at dei verkeleg dyre og snobbete butikkane held til der. Det er alltid tilårskomne kvinner som går tur med dei små bikkjene og dei dyre skoene sine der, og dei ser alle saman ut som om dei har klippekort på plastikkirurgi-klinikken. Mykje sminke, litt dregne i trynet, rynkete hals og så mykje parfyme at det kan slå ut ein fullvaksen elg. I dag hadde den eine klesbutikken teke heilt av. Det er lett å sjå at det er ein butikk ein ikkje betalar med kontantar i, liksom. Det er digre lokaler og veldig sterilt og tussemørkt der inne, trass i dei store vindauga som alltid er gnistrande reine, og det er svært få klesplagg per kvadratmeter (Dressmann er liksom i motsatte ende av skalaen sånn, med sterkt lys og så store stablar med klesplagg og billige skjorter at det ser ut som eit kinesisk klesfabrikk-lager). Men det hadde altså toppa seg i den italienske butikken. For å demonstrera stil, eleganse og eksklusivitet hadde dei rett og slett putta ein ekte og fullvaksen Lamborghini, oransje, nypussa og neppe billig, i butikkvinduet. Berre sånn for å gjera det klart at "me leikar ikkje butikk her i garden". Kva syns de om det??

Ein annan ting som eg opplevde som hårreisande, skjønt ikkje på same måte, opplevde eg i går kveld når eg var ferdig med å lese på senga og skulle sløkkje lyset for å sove. Vindauget står jo alltid på gløtt med eller uten dei persiennegreiene foran, slik at temperaturen skal halde seg under 30, noko som ikkje dermed er garantert. Dette gjeld og når eg skal sove. Eg hadde lagt frå meg boka på det vetle nattbordet mellom senga og veggen og teke av meg brillene då eg såg noko som minna om eit lite insekt, type augestikkar, som svirra oppi taket. Eg sette på meg brillene att og såg at det var eit beist av ein nattsvermar som stanga i taket og verka desperat etter lys og/eller friluft. Eg tenkte å gjere av med udyret kjappast mogeleg, og eg trur faktisk eg snakka høgt medan eg henta eit våpen. "Her sluttar ferden" eller noko sånt. Eg hadde ei halvgammal avis liggjande, La Stampa, og den fekk duga. Då beistet såg avisa vart han faktisk hakket meir aktiv og då eg prøvde å knusa den mot veggen vart han heilt krakilsk. Det var ekkelt, for han flaug i min retning eit par gonger og alle som har fått ein nattsvermar innanfor intimsona veit at det er ikkje så tøft. Med intimsone meinar eg nærmare ansiktet enn 20-30 cm, for å gjera det klart. Til slutt sette han seg på nattbordet mitt mellom senga og den nykjøpte, og snart utlesne, boka mi, og då slo eg. Hardt. Eg slo fleire gonger. Eg slo til eg var sikker på at nattsvermaren hadde sverma si siste natt og eg slo til og med ein ekstra gong sånn til skrekk og advarsel. Når eg såg på avisa såg eg faktisk at den var fuktig og rundt dyret var det ein liten dam av innvollar og slikt. Det var eit vaksent beist. Eg fekk fjerna alle restane og vaska området med ei vaskefille som eg kasta etterpå. Eg var nær ved å brekka meg og, på eit tidspunkt, men det gjekk bra. De skal ikkje vera uroleg for meg.
Uff, nei. No må eg laga middag. Adjø.

13 mai, 2007

Oddbjørn blir lurt opp i stry

Ja, det høyrest utruleg ut, men eg skal forklare.
Torsdag, trur eg, sat eg på rommet mitt og prata i telefonen med Henriette då nokon banka på døra. Eg tenkte at vedkommande fekk banka til knokane vart pulver, for når eg telefonerar åpnar eg ikkje dører for folk. Etter telefoneringa oppdaga eg at eit ark var skyvd under døra mi. Der stod det om ei bok om borgarkrigen som skulle presenterast her på huset i kinosalen klokka 10 søndag, og det var berre å komma. Eg planla å sove på denne tida, så eg kasta den greitt i avfallskorga. Og ferdig med det.
No stod eg tidleg opp denne søndagen, det skal eg ha. Klokka ti sånn circa var eg her nede og sjekka eposten og kjøpte meg ein kaffi, og på veg oppatt vart eg møtt ved heisen av ein ung mann med dress og slips som lurte på om eg ikkje var interessert i å høyra foredraget om boka. Det var eg eigentleg ikkje, men samtidig var eg ikkje så lysten på å gå oppatt på rommet mitt, som på denne tida av døgnet allereie held 30 grader. Til slutt gav eg etter og tenkte at eg kunne gå att etter 10 minutt, om det ikkje var interessant. Hm... Eg gjekk etter 30 minutt, men det var ikkje interessant i det heile tatt. Berre mykje turrprat om ein spanjol som hadde vore i den spanske borgarkrigen og kva han stod for, og det var eigentleg det eg greidde å få med med, for eg var tørst og dehydrert og trøytt, og ikkje klar for å læra noko som helst. Dei andre som var der var i uhyre liten grad studentar boande her på huset. Eg tykte det lukta svidd av foredraget, dei altfor venlege folka i dress og slips, for ikkje å snakka om bordet som stod utanfor kino-/foredragssalen som hadde bøker med misteinkjeleg raudt omslag og like misteinkjelege titlar. Det politiske manifestet til Marx var og der. Hm... På veg ut døra var det ein ung mann som helste på meg, og når eg var ute av rommet hadde han forsyne meg fulgt etter meg. Igjen: hm... Han lurte på kvar eg var fra og kvar eg studerte, og sjølvsagt kva eg syns om foredraget. Eg sa det var turt og at eg fekk med meg minsteparten av det som vart fortalt. Han skjønte at det var vanskeleg, men når det gjalt informasjon hadde dei mykje å by på, ja faktisk arrangerte dei møter rett borti hogget sånn av og til. Meget hm...! Han lurte på kva navnet mitt var, og det noterte han på ein lapp. Det vil seie, han noterte følgjande: Fornamn: Odd; etternamn: Byorn. Så fekk han nummeret mitt, slik at han kunne ringja meg og minna meg på når desse møtene er. Det fekk han, men eg trur eg kom i skade for å bytta ut minst eitt siffer. Eit hendeleg uhell!
Etter på gjekk eg strake vegen inn på datarommet for å skriva ned dette. Og her er eg. Og klokka 14 bør pinadø kinosalen vera rydda for ideologiar og raude slips, for då skal eg sjå Formel 1! Så kommunistisk er eg.

12 mai, 2007

Tutti in fiera

I dag byrja det heile ganske ok, fordi eg klarte å stå opp i anstendig tid. Klokka 10 hadde eg kamma håret og alt. Frukosten er som regel stusseleg her og består av ferdig oppskåre brød som minnar mest om loff med mykje luft i med heilt kurant appelsinsyltetøy på. Og mjølk som går ut på dato i morgon. Så leste eg litt, og så gjekk eg og såg formel 1 på storskjerm i kinosalen, dog etter litt møe med å finna ut korleis og kvifor og alt det der med prosjektoren og kanalvalg og sånt. Det gjekk bra til slutt, eg fekk selskap av ein hyggjeleg tyskar. Eg var fast bestemt på at i dag skulle det bli mykje lesing, men så fekk eg melding frå Mattia som lurte på om eg ville vera med på ei messe her i byen, og det ville eg, sanneleg min hatt.


Messa held til i nokre svære bygningar som ligg like utanfor bymurane her i sentrum, og som er der eine og åleine for å huse messer. Denne som pågår no, rettare sagt 12. til 20 mai, er ei årlig messe med gratis inngang, og uhyre mykje stands (som det heiter). Dei forskjellige hallane, som er på eit par tusen kvadratmeter kvar, er delte inn i Hage- og gardsutstyr, Møblar og sånt til heimen, Mat, Turisme, Sikkerheit (politi, brannvesen og sånt), og eindel anna som eg ikkje hugsar. Alt fint fordelt på 140.000 kvadratmeter. Det vil seie ei av de største messene i Europa. Eg og Mattia gjekk over heile greia og det er ein bragd i seg sjølv, varmt som det var. Me haldt oss mest i mat-avdelinga, som eg må seie var imponerande svær og husa i hovudsak vin, pølser og anna kjøttmat, og ost, samt brødmat og snop og gudane veit. Her må eg ikkje gløyma å nevna alle oliven-bodane, som gladeleg baud på smaksprøver innanfor sine respektive sortement, som var skremmande store. Eg fann ut at blandt grøne oliven finst det både søte og salte, og sistnevnte var så salte at ikkje sauene hans Dagfinn ville ha sleika på dei eingong! Ellers vart det mykje oste-eting og pølser av diverse slag. Mattia er jo lokalkjent, så han forklarte meg mykje, og la ofte vekt på at "slikt finn ein ikkje i Noreg". Og det hadde han rett i. Enkelte ting er eg likevel glad for at eg ikkje finn i Noreg, som til dømes ein ost med små, levande mark inni. Eg skal vera bra svolten før eg set hol-tennene mine i ein slek.

No skal eg ta klesvaska mi og gå opp på rommet og lesa litt og så leggja meg.

11 mai, 2007

Høg luftfuktigheit og mykje å lese

Overskrifta er nok til å dekkje det som skjer her for tida. Eg har forelesingar no og då, sjølv om ein del av dei er avslutta for semesteret (dei lengste kursa fortset omtrent ein månad til). Når eg er heime på kottet mitt les eg stort sett, for det er uhyre mykje eg må bli klok på, dessutan har eg skjønt at eg har meir å lesa på enn eg eigentleg hadde forestilt meg. Det skal gå brillefint lell, i helga skal eg gjera svært få ting: sjå formel 1-løp; lesa ut alt eg har av litteraturkunnskap; gå på do når det er heilt nødvendig. Kan henda eg finn meg noko å eta og, om det verkeleg trengs. Når det gjeld spisbare ting har eg vorte frelst av frukt-marknaden her i byen. Forleden dag kjøpte eg 1,5 kilo grøne steinfrie druer, det kosta 13 kroner og det betalar eg gladeleg. Heldigvis betalar eg ikkje for toalettpapir, det spanderar studentboligane. Nok om det, meir enn nok.

Kva skal eg fortelje om? Veret, sjølvsagt! Her er det like varmt som før, ja kanskje enno litt varmare. Eg såg at det stod +28 grader nede i byen den dagen eg kjøpte den sekken med grøne druer, og eg trur gjerne det til dels kan vera varmare og enkelte tider på døgnet. I dag var det litt mindre varmt trur eg, men luftfuktigheita her nede er drepen. Lufta her er så stilleståande og dampande at det ofte er disig og om hausten og vinteren er det mykje tåke her i området. Når eg og Mattia var på fjelltur for to helger sidan såg me ikkje så veldig langt mot horisonten fordi det var så disig. Når det er mykje dis med sol bakom blir det dessutan veldig lyst, og det er ikkje så behageleg. Men den dagen eg går med solbriller er den dagen eg hiv meg i kanalen.

Eg har forøvrig kome i snakk, på italiensk, med ein tyskar som bur her, og det sensasjonelle er at han uttalar namnet mitt korrekt. Sett bort frå han, Mattia og Frida-från-Sverige er det ingen som er i stand til det. Italiensk manglar ein heil del vokalar, og forsåvidt konsonantar og, i forhold til norsk. I forhold til ein heil del språk, faktisk. Det forklarar for eksempel kvifor italienarar snakkar engelsk på typisk italiensk måte. Vokalane a, e, i, o (som i "open") og u (som i "ost") har dei, medan dei manglar norsk u (som i "under"), y, æ og ø. Dermed uttalar dei namnet mitt som "Åddebjånne", om dei i det heile tatt kjem så langt. Eg plar presentere meg som "Odd", og ferdig med det. Folk som lurer på kvar eg kjem frå, har faktisk ofte gjetta både Frankrike og Portugal, for ikkje å seie Nederland og Tyskland. Noreg er eit land dei er overraska over å møte folk frå, verkar det som. Forståeleg nok, me held oss helst i heimlege trakter, til og med når ein reiser til syden går ein på skandinaviske barar og pubar. Are Kalvø har skrive om dette i ei bok som heiter Syden, eg anbefalar den varmt, sidan eg ikkje har tenkt å sitje her og skrive meir om temaet. Eg vil oppatt på rommet mitt og drikka vatn.

08 mai, 2007

Rettingar og diverse anna

Eg har fått beskjed om å retta opp i ei opplysning som eg trudde var rett men som viste seg å vera feil, nemleg at Hr. Wendelbo frå Danmark slett ikkje var prest. Han var kyrkjesangar. Eg veit ikkje heilt kva det skal bety, visst har kyrkja mange stillingar som verkar diffuse, men ein kan vel vitterligen ikkje livnære seg av å syngja i kyrkja! Litt hyggjeleg var det uansett å få greie på at eg faktisk har musikalske gener i denne sida av slekta og, sjølv om det er fint lite igjen her no. Ikkje kan eg syngja, og forresten har eg ikkje særleg mykje i kyrkjene å gjere heller.
I går, etter forelesning, tok eg og Frida-från-Svärige oss ein kaffi, samtidig som ho fekk velja og vraka i mine notat og utleverte papir. Ho manglar ein del av dei, det gjer til ein viss grad eg og, men ho ville kopiera det ho ikkje hadde. Null problem å kopiera her i byen, iallefall. Det er ein universitetsby, og derfor finn ein små kopi-butikkar omtrent over alt. Etterpå gjekk ho på ein internettkafè, og eg gjekk heimover men eg tok ein liten svingom innom fruktmarknaden for å kjøpa meg, ja nettopp, frukt. Det var tøft.
Klokka var då halv to, og klokka halv to ryddar alle fruktseljarane, og det er mange, bort bodane sine. Eg har lurt litt på kvifor dei gjer seg så tidlig og konkluderte med at dei står opp så tidleg for å gjera i stand alt at dei må heim og sova, og dette er jo Italia og her står jo nesten til og med ambulansane stille mellom kl. 13 og 15, sånn pluss minus. Eg fann ut at dei ikkje har lov til å selja frukt og grønt etter dette tidspunktet, av ein eller annan grunn. Måten eg fann ut det på var at eg gjekk med lommeboka stappande full av euros til ein bod som enno ikkje var heilt pakka vekk og ba om å få ein kilo sicilianske appelsinar og ein kilo bananer. Ho dama som nok var sjefen, sa at "det er for mange politifolk i omløp her. Gå borti vegen og vent der, så skal eg senda ein med varene dine". Og eg stilte meg opp i vegen, akkurat som når ein ventar på ekspressbussen når ein skal ta seg ein kveldstur på Øyri: ein står der og veit aldri kva ein ventar på, ei heller kor lenge. Men litt etter kom det faktisk ein fyr på min alder, som kasta misteinkjelege blikk til sida heile tida, med ein bærepose med frukt. Han gav den til meg, eg gav han ein 10 euro-seddel, og han gjekk på same måte og henta vekslepeng. 7 euro, altså kosta to kilo frukt 3 euro (25kr). Så gjekk eg heim med godset mitt og følte meg faen så tøff.
Appelsinene var litt surare enn dei eg åt sist, men til gjengjeld var det blodappelsiner og det er jo stas. No skal eg lesa, viss eg gidd. Det har blitt varmt igjen, og forferdeleg fuktig i lufta. Resultatet er at eg går og pesar som ein slags tosk i gatene her. Italienarane har på seg gensar enno.

05 mai, 2007

Wendelbo i kloster

Det skulle berre mangla at eg ikkje tok meg ein visitt i eit kloster sidan det er så mange her nede. Dessutan må ein jo hugse på at den første Wendelbo som kom til Lærdal i 1724 trass alt var ein prest, direktesendt og rykande fersk frå Danmark var han, og han skjønte fort korleis systemet fungerte (og fungerar) i Lærdal: han gifte seg med ei kjerring på nabogarden. Det kan ein trygt sei var eit sjakktrekk, for her sit eg og kastar glans over namnet. Eg er forøvrig den 8. generasjonen. Opp med handa alle som visste det!!

No sporar eg av omtrent som toget mellom Oslo og Bergen kvar vinter, og eg kan ikkje skulde på snø. Skjønt, eg kunne kanskje ha skulda på regnet, for det har teke til å regna ganske brutalt her nede no. Eg likar å tru at det har noko med den grasstrå-spelinga førre sundag, for det heiter seg at sånt framkallar regn. Fredag regna det faktisk 70 milimeter her i området, og det er ikkje særleg normalt. Mattia (min italienske ven) meinte at me aldri skulle spela på gras att. Eg skal spela alt eg orkar dagen før eg reiser slik at Venezia ligg heilt under vatn når eg kjem heim til Noreg att, med amerikanske turistar og det heile.

No spora eg visst av att. Saka er at i dag hadde eg ein særs lite effektiv dag, eg sov litt for lenge og eg var generelt giddalaus. Når eg endeleg fekk åpna ei grammatikk-bok som eg ser fram til å bli ferdig med, fekk eg melding frå tidlegare nevnte Mattia. Han var i byen og lurte på om ein skulle finne på noko, og det var greitt. Planen var å ta ein kaffi/øl, men så fann han på at me skulle sjå på eit kloster, og sidan det var gratis omvisning der var eg ikkje vond å be. Klosteret er i full vigør og ligg ikkje så langt utanfor byen, klistra oppetter ei åsside. Me var mange som ville sjå oss om på dagens siste omvisning, og det var tydeleg at snittalderen var omtrent identisk med pensjonsalderen her i landet (63 trur eg). Altså: 20 eldre og seriøst-kristne gamle damer og menn med høgtideleg utsjånad som nikka erkjennande til guidens forteljingar om angrepa på klosteret i gamal tid, bakerst med armane i kross - to menn i 20-åra kledd i svart og med langt hår og dårleg barbering. Det hadde ingenting å seie, dei eldre tykte visst det var kjekt med ungdom og veksla eit par ord med oss. For min del gjekk orda beint over hovudet, for det var lokal dialekt og den er ikkje god å få has på.

Klosteret var interessant nok, det. Gamalt var det og, ca. 900 år. Det hadde fått bomber på seg under krigen og hadde mykje latinske slagord på veggane. Svært mykje marmor var der, og om eg ikkje fekk med meg alt som blei sagt (på grunn av akustikken og religiøse faguttrykk som eg ikkje er inneforstått med) forstod eg at ei luke eg stod på skjulte eit rom der levningane av alle munkane blir sluppe nedi når sjela har vandra, som ein seier. Ein som går inn i dette klosteret og blir munk går bokstavleg talt aldri ut att, sjølv etter at ein har døydd. Dei er eitt med klosteret og trofast mot sin gud. Dei om det.

Omvisninga, som me trudde kanskje varte i ein halvtime, varte i godt over ein time. På veg tilbake spelte Mattia ein cd med skandinavisk metall, og der var munnharpe eit lett høyrbart instrument. Han kunne fortelje at munnharpe er eit utbreidd instrument på Sicilia, av alle stader. Det kan henda at nordiske handelsmenn (vikingar?!) har teke det med seg dit i eldre tider. Interessant, interessant. Etterpå stakk eg heim for å lese, men eg var så svolten at eg stakk over gata og kjøpte meg ein kebab. Eg byrja å lese og det gjekk nesten greit, men så var det nokon som tok til å spele Candle in the wind med Elton John på full guffe med vindauget åpent, så eg stakk ned hit for å skriva meg ein blogg. Og no er eg ferdig. God natt.

03 mai, 2007

Egregio prof.

Ja, no dreg det seg mot eksamenar her nede. Det skal sanneleg min hatt bli ein fornøyelse. Eksamenssystemet her er litt anleis frå det eg er vand med: det er forelesaren som eksaminerar meg og set karakter, ingen sensor som heime. Det foregår på vedkommandes kontor i to omgangar, eller appello som det heiter. Ein har altså to sjansar på kvar eksamen. Ikkje dumt. Eg les mykje for tida, men det er eg nøydd til.

I dag kan eg fortelje ein (eller heiter det "ei") anekdote frå universitetet, som nok hadde vore Rorbua verdig om hovudpersonen hadde vore naken og/eller full. Det var han forøvrig ikkje, og bra er det. I moderne italiensk litteratur (Letteratura italiana contemporanea) har me ein aldrande men stødig professor som heiter Cesare De Michelis. Eg trur eg har fortalt om han tidlegare, men eg kan godt repetere for dei med dårleg husk. Han driv med eit eller anna i forleggjarbransjen og er ein mann med mange søketreff på Google, for å sei det moderne. Han er uhorveleg belest og belært innan litteratur, ikkje berre italiensk, og har god peiling på det han snakkar om. Det må ein jo kunne forvente av ein universitetsprofessor, men han har altså -svært- god peiling. Dessutan er han ein god talar og underhaldande på fleire måtar: han snyt seg i mikrofonen medan han snakkar, altså midt i ein setning, fektar med armane og slår ofte i kateteret så det høyrest godt, og ei gong nøys han direkte inn i mikrofonen og fekk på den måten mykje oppmerksomheit, om enn ufrivillig, på eit tidspunkt der dei fleste studentane gjev seg i kast med å teikna symmetriske krusedull-mønster i notatboka etter beste evne for ikkje å bokstavleg talt sovna hen. Dette gjeld stort sett den siste halvtimen av dei 1 1/2 timar lange foredraga hans.

Desse forelesningane går på torsdagar og fredagar frå 12.30 til 14.00. Eg har før denne forelesning i Italiensk språk (Lingua italiana) som er ferdig kl. 12.00. Då er forelesningssalen ledig, sidan dei fleste forelesningane sluttar klokka heil, og ein kan setje seg der og slappe av i ein halvtime før De Michelis kjem slentrande, og slentrande kjem han alltid. Nok om det. I dag var me kanskje berre 5 personar som sat der og venta, klokka var ikkje meir enn omtrent 5 over 12. Eg hadde teke ein durabeleg bit pizza i kjeften og prøvde å leita fram pennalet mitt som har ein lei tendens til å havna under alle bøkene og alt anna eg måtte ha i sekken. 123-spelar og vatnflaske og alt. Då kom plutseleg De Michelis slentrande inn døra. Han har ein særdeles karakteristisk utsjånad: han er alltid iført ein dress som eg tippar er dyr, den ser slik ut sjølv for meg som går i dress frå Dressmann maksimalt to gonger i året. Med så dyr og fin dress kunne han ha sett riktig så stilig ut, men det spolerar han effektivt ved å trekkje dressbuksa så langt opp på magen som det går an. Over skuldra har han alltid ei grøn skulderveske med ein påsydd blome som eg berre kan anta at han brukar på grunn av ein ellera annan affeksjonsverdi, det kræsjar iallefall kraftig med dress og slips-stilen (om enn ikkje med buksa-under-armane-stilen). Men han kom altså slentrande inn døra. Han stoppa i døråpninga og vart ståande å skula på salen og dei som sat der, slik han alltid plar gjere, men i dag stod han lenge og skulte, sikkert 10-15 sekund. Så lukka han døra og sette seg bak kateteret og sjekka at mikrofonen var på, før han tok nokre bøker ut av ei veske medan han annonserte at kompendiet til faget var no i salg på universitetsbokhandelen over gata (det han ikkje nevnte var at det kostar flesk). Så skulte han litt til på dei 5 frammøtte, før han fortsatte der han slapp dagen før. Først då var det ein dristig italienar bak meg som påpeikte med høflege ord at "kanskje il Prof kanskje var litt tidleg ute, forelesningane byrjar vanlegvis klokka halv eitt...".
"Det stemmer, ja" svarte professoren.
"Ja, men klokka er bare litt over tolv" påpeikte studenten.
Reaksjonen var stilig, det såg ut som om nokon hadde fyrt av eit hagleskot bak han, for han sperra augene opp og såg på klokka. "Ja, sanneleg" sa han. "Ikkje rart det var så få elevar her!!". Så putta han sakene ned i veska att før han påpeikte at "dette var jo ein hyggjeleg nyheit. Eg tek meg ein liten runde!". Så gjekk han igjen.
Klokka halv eitt var forelesningssalen halvfull, slik den plar vere, men De Michelis kom ikkje før klokka var godt og vel ti over halv.

Eg skulle gjerne ha fortalt andre ting som eg har notert på ein liten lapp, men det får eg ta i morgon for no må eg hente kleda mine som sikkert er turre. Så skal eg lese, og så skal eg sove, og så skal eg kanskje stå opp tidleg, kanskje ikkje. Om eg hugsar det i morgon, skal eg skriva om ein ting som plagar livskiten ut av meg her, nemleg ein tosk som okkuperar pc-ane i fleire timar i strekk kvar forbanna kveld. Meir om dette seinare!!