Det màtte vel nestan komma noko no som gjorde meg litt krank, sjòlv om eg vel har mykje av aera for det sjòlv. Ute er det sol og over 15 grader og dykkar norske (beste)ven smeltar allereie bort. Dà er det iallefall ikkje snakk om à gà pà forelesing med gensar og tjukk jakke - slik som italienarane gjer. Korleis dei greier det er utanfor min forstand. No har eg til slutt pàdrege meg vond hals og litt hoste, og det er jo inga kjekk kombiansjon. Litt slappheit har og vore tilfellet. Men direkte sjuk er eg altsà ikkje. Stemma mi er nestan totalt fràverande og. Eg satsar pà at den kjem att til i morgon. Eg var innom ein spar-butikk (som heiter despar her nede... kvifor?), og der hadde dei Fishermans Friend. Dà var det berre à kjòpa og eta, og placebo-effekten lar ikkje venta pà seg. Apropos namn - det finst kjente merkevarer som eg kjenner frà Noreg her, men dei har litt annerleis namn. Eg nemner: Jif heiter Cif, Cleenex heiter Sottex, Aordalsconjac heiter Merda, ecc. Den siste der var oppdikta og var meint som eit sleivspark til desse spradebassane i nabobygda som tykkjer det er tòft à flotta seg med konjakk med kommunevàpen pà. Stòrste toskeskapen som har gjort seg gjeldande i Indre Sogn sà langt i àr, det er iallefall sikkert! Nok om det. Eg er inne pà porten.no iblant, ja...
Det er ellers ingenting à melda. Eg les mykje om verdiar og klassifisering av italienske verb, og korleis lyrikken spreidde seg frà Provance til Sicilia pà slutten av 1200-talet. Akkurat like spennande som det hòyrest ut.
Det er ellers ingenting à melda. Eg les mykje om verdiar og klassifisering av italienske verb, og korleis lyrikken spreidde seg frà Provance til Sicilia pà slutten av 1200-talet. Akkurat like spennande som det hòyrest ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar