18 mars, 2007

Sundag

Sidan det er sundag, og sundagar som regel gàr roleg fòre seg (i motsetning til i Laerdal der folk legg seg i vegkanten etter ein god fest og frys ihjel), skal eg fortelje litt om kva eg gjorde denne vàrlege sundagen her i Padova.

Veret er fint her for tida, me snakkar naermare 20 grader og det er brillefine tilstander, sjòlv om det er meldt regn i morgon. Eg vakna i 10-tida, som vanleg (merk dykk det, foreldre!), og las litt om germansk filologi pà senga fòr eg stod opp og àt. Eg har italiensk mjòlk pà plastflaske og tysk surbròd i kjòleskàpet, eg màtte leita lenge etter det bròdet. Her nede et dei berre loff med tomatsaus pà. Eg har eit glas appelsinsyltetòy og, eg rekna med at det skulle smaka godt nàr eg kjòpte det sidan landet trass alt eksporterar appelsiner, men det var tam smak. Etter frukosten gjekk eg ned pà "data"-rommet og las lokalnyhende og formel 1-resultat pà internett. Drakk ein automat-kaffi gjorde eg og. Det er billig og faktisk godt. Etterpà las eg litt og àt restane av pizzaen frà i gàr (pizza med spekeskinke og pommes frites, snadder altsà).

Diverre for meg forsvann konsentrasjonsevna etter ei stund. Det er ein i bygningen som brukar sundagane til à òve pà saksofon og dà skal det godt gjerast à halda fokus for han spelar stort sett feil. Anten det, eller sà spelar han skappleg stygg musikk. Begge delar er mogeleg. Derfor kamma eg hàret og rusla mot byen. Sundagane her er ganske aktive, enkelte butikkar i dei mest befolka gàgatene har àpent og, men dei butikkane er ogsà dei dyraste. Dei ligg me unna! Pà vegen kjòpte eg meg ein skikkeleg is i beger, og dette mà vera den beste isen eg har ete. Det var skikkeleg mòrk sjokolade-is, og den var sà godt at eg fekk lyst til à springe heimatt og hive meg pà senga og grine. Eg kan ikkje ete is nàr eg kjem tilbake att til Noreg, alt anna enn det eg àt i dag kjem til à smaka kald avfòring...

I gàgatene var det flust med folk, eindel turistar etter digitalkamera-mengda à dòmma. Eg gjekk litt langs gatene, og tenkte at eg kunne liksàgreit fortsetja litt og sjà kva eg fann, og til slutt kom eg til ein diger park som fungerar som marknad iallefall pà sundagar. Prato della valle heiter den, om eg hugsar korrekt, og det var jaevlig mykje folk der som selde ting. Det var mest mòblar og bòker, og nokre negrar som selde vesker og belter, men det var og bodar med nips og steinar. Nokre selde sàgar forsteina ting i steinar, altsà trilobittar og plantar og drit. Eg tok bilete, altsà. Det verkar som austeuropearane her nede har det med à henge i slike parkar og ròyke og leikeslost. Omtrent som heime, altsà.

Etter à ha spasert heimatt i ganske kjapt ganglag (eg màtte veldig pà vàtrommet), abroten av ein pause for à sjà pà ein gateartist som for ei gongs skuld var flink, sàg eg oppsummeringa av formel 1-lòpet i einsemd pà tv-rommet. Eg merka meg at sòr-europearane er for seint ute til absolutt alle avtalar, ikkje ein gong sendeskjemaet greidde dei à halde. Ei kjerring màtte prate seg ferdig i eit slags politisk fotball-gameshow (ganske beskrivande for samfunnet her nede?!) og formel 1 vart 10 min forseinka. Etterpà leste eg veldig effektivt og hardt om tidleg germansk og frisonsk, og no er eg nesten ferdig med boka.

I morgon skal eg pà forelesning kl. 10.30 om eldre italiensk litteratur.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar