23 mars, 2007

Lokalnyhende

I og med at eg ikkje har opplevd noko valdsamt spennande her nede i det siste, fàr eg ty til lokalnyheitene. Eg kjòper nemleg avis kvar morgon, som eg les litt i mellom forelesningane og nàr eg kjem heim. Det er interessant, ikkje berre fordi det stàr vermeldingar og valutakursar (eg tenkjer sjòlvsagt pà NOK vs. Euro) der, men fordi nyheitene er ganske anleis her nede enn heime. No har vel aldri Sogn Avis vore kjend som ei Avantgarde-avis (eg studerar nyare litteratur, ja), men det er ikkje berre sakene som presenterast.

Ein vane avisene har her nede, eller kanskje snarare uvane, er at dei presenterar alt og alle med fullt namn, oftast alder, og overraskande ofte vert ogsà adressa oppgitt. Eg kan ta eit eksempel, eit ganske aktuelt eit.
I gàr i Venezia vart ein man drepen pà ganske ufint vis. Det var ein fruktseljar pà marknaden i byen som skulle pà lageret ved sidan av marknaden, og han kom ikkje ut at i levande live. Familien hans var med, og den eine sonen gjekk for à sjà etter han. Han fann faren bunde med tau, ihelslegen. Kona, som var hòggravid, màtte takast hand om og havna pà sjukehus i sjokk. Ikkje ein solskinnshistorie, akkurat. Mannen vart presentert med fullt namn, det same vart kona og ungane. Adressa vart og oppgitt. Pà denne heilsida var det tre bilete: eit bilete av ei politikvinne med drapsvàpen, eit bilete av bàra med mannen pà (tildekka) og eit bilete av, hald dykk fast, dòra og ringeklokka, med namneskilt, der mannen bur! Eventuelt budde...

Det er forsàvidt ikkje noko som ville kvalifisert til journalistisk overtramp i Noreg. Derimot presenterar dei alltid forbrytarar med namn og alder samt bilete, om dei har det. Der er det liksom inga grense. Ungdom som har seld narkotika eller gjort mindre lovbrot og blitt huka av purken fàr svi for det gjennom avisa sàvel som i form av formell straff. Det gjeld sjòlvsagt ogsà f.eks. pedofili-forbrytarar og valdtektsmenn eg har lese om. Det ser du ikkje i norske aviser, med mindre forbrytaren har vore med pà reality-tv fòrst. Dà er det noko anna.

Dei som vert "hengt ut" i avisene her nede vert og omtala med nasjonalitet, og det er ikkje til à sjà vekk frà at det stort sett er rumenarar som har vore uskikkelege. Det er visstnok eit problem her nede, for rumenarane kjem frà eit av dei desidert fattigaste landa i verda og Italia er ikkje akkurat fattigsleg. Dei heng mest saman i gjengar og driv gatelangs etter midnatt for à stele bilar og syklar og knivstikke kvarandre, om ein skal tolke avisa ordrett. Og det skal ein vel vera varsom med. Nok om det..

No veit de litt meir om samfunnstilhòva her nede. Bòr kanskje leggja til at dette ikkje er ein kriminelt belasta by (ta det med ro, Gunnlaug).
Med dette skal eg takka for i aften, eg skal opp og leggja meg. I morgon skal eg opp og sjà pà den splitter nye trikken som byrjar à gà nettopp i morgon. Det har vorte via mange framsider i lokalavisa til dette, og det er ikkje sà rart. Trikken har ikkje vore i bruk her sidan 50-talet, trur eg. Dette skal eg sjekke opp i. Dessutan er det gròn dag i den forbindelse (eller kva det no kallast), altsà bilfri dag. Ikkje sà mykje som ein moped innanfor sentrumsgrensene. Folka pà legevakta gàr ein rolig laurdag i mòte. God natt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar