08 april, 2007

Allora...

Det har i det siste samla seg opp småting som er verd å nemne, og no tenkte eg at eg skulle nemne desse småtinga. Dei er no nemneverdige. Eg nemner i fleng:

- Eg har funne murarøl her nede, iallefall noko som minnar mistenkjeleg om det. Det dreier seg om Tuborg på grøne 66 cl.-flasker (som eg sjølvsagt verken har kjøpt eller drukke). Dette vekkjer gamle minner frå tida då eg og Ingebrigt samla tomflasker i grøftekantane på Ljøsne og brende avgarde alle pengane på Bugg etterpå. Glade dagar, både for oss og dei som var glade i murar-øl.

- Sånn apropos øl har eg funne ein atakeleg tysk ølsort som heiter
Wendeler eller noko i den dur. Dette skal eg sjekke opp i, samt kjøpe ein boks og ta bilete og leggje det ut her. Eg antek at folk veit kva etternamnet mitt er.

- Veret har komme seg betrakteleg, no er det meld 22 grader dei næraste dagane, og det har vore bra heitt i det siste. Eg har fått tendensar til t-skjorteskille, så no blir det stas å kome heim og vise seg fram.

- Eg og Henriette har ete ute eindel gonger, og fredag åt eg det som må vera det mest vellukka pastamåltidet eg har ete, om ein ser vekk frå att dei var litt knappe med mengda dei serverte meg. Så var det til gjengjeld mektige saker, Ravioli di carne, dynka i parmesan, olje og ein ubestemmeleg saus. Det var så godt at eg banna i fleire timar samanhengande etterpå. Eg har dessutan ete is som har vore i same ende av nam-skalaen. Det har eg ikkje krefter til å fortelje om no.

- Eg og tidlegare nevnte Henriette var på marknadsplassen på laurdag, og der var det mykje nips (mest til glede for H.). Eg kjøpte meg ein skitbillig, og skitdårleg, kaffekokar. Eg kjøpte meg også to små koppar som bar preg av å ha vorte dekorert på byrjinga av 90-talet. Eg kjøpte meg og, hald dykk fast (det gjeld særleg Arild Paulsen), eit
bonsai-tre! Eg har bilete!!


Ellers er det ikkje noko eg kjem på som bør nevnast. I morgon skal me til Venezia, det ligg 32 minutt unna med lokaltog. Eg skal greie meg utan kaffi medan eg er der, for eg veit at det kan vera skummelt å kjøpa sånt der (har høyrd frå fleire hold at ein kopp kaffi på strategiske plassar lett kan kosta 80 kroner, altså norske kroner!).

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerer med bonsai-tre. Det var faktisk fint.. Ikkje glem å huske å stelle det da.