Henriette vart plassert på toget til Milano i går, med den hensikt å komme seg til Bergen. Italia takka for besøket ved å arrangera tog-streik frå 9 til 17 denne dagen, slik at H. måtte hyggja seg i 4 timar på flyplassen. På veg tilbake til sentrum frå togstasjonen vart eg overrumpla av ein ung mann som spurde meg om kva spørsmål angåande kropp og sjel eg var mest interessert i å vita svaret på, og så viste han meg ei liste med spørsmål. Eg valde spørsmål nummer to, vel vitande om at her lukta det like svidd som når Ingvild lagar mat. Til tross for dette har eg gjennom oppveksten lært verdien av å seie "nei", og eg vil nødig gje slepp på ein glimrande mogelegheit til å konversera på italiensk. Så kunne eg heller takke nei når den tid kom. Den unge italienar forklarte meg nokre enkle prinsipp om korleis underbevisstheita fungerar og korleis den hindrar oss i å realisera oss sjølve, og så vidare. Når han var ferdig takka eg høfleg nei, akkopagnert av ei plausibel forklaring. Det var heilt greitt, eg kunne berre komma innom att når eg ville, og det trur eg at eg let vere å gjera, ellers takk. Etterpå gjekk eg og kjøpte meg ein etterlengta, og dyr, penn. Eg er knusande lei billige pennar som veg ingenting og som må hivast når blekket er oppbrukt. Denne penna kan eg lada med blekkpatronar. Eg kjøpte og noko skrivepapir i ein stor og nyoppdaga kontorrekvisita-forretning.
Eg hadde sett meg ut ei rekkje saker å skrive om i denne bloggen, men eg har visst gløymt dei alle. Dette må vera eit resultat av at eg har vendt meg til å skrive lister for å halda mental orden, men eg tenkte at det neppe var nødvendig no i dag. Viss eg kjem på fleire ting, skal eg skriva dei ned, og om eg ikkje har noko å gjera seinare i kveld kan det henda eg skriv ein blogg til. Avslutningsvis legg eg ut eit bilete av meg sjølv der eg sit på ein fin kafè og drikk vatn med kolsyre.
2 kommentarer:
Ere dama di so ha teke det flotte bilete dao?
"Når skal du ha med kjæresten hjem, da Oddbjørn? De må jo få se om hun er all right."
Der tror jeg jammen du gikk glipp av en mulighet til å stifte et nærmere bekjentskap med Scientologi kirken :)
Legg inn en kommentar