Det som er greitt med Italia er at når ein vil på fjelltur og barometert står på "brennheitt" kan ein ta bilen og køyre til fjells. Jada, ein kan køyra til Hallingskeidsanden og, men her er det asfalterte vegar og gode greier. Men vegane er svingete. Eg kjem til det litt seinare. Eg snakka med Mattia her om dagen og han meinte me burde ha oss ein tur utanfor byen, og eg kunne ikkje akkurat nekta på det: eg har vore i Padova men det er omtrent det einaste. Dessutan har eg forbant meg på å fylla opp det nye minnekortet mitt, og det er på heile 1 Gb. Slik sett var det greitt å komma seg i gang med turismen, eg reiser jo om halvannan veke.
Me køyrde først på Autostrada til Vicenza, ein av nabobyane til Padova. Fin stad med litt meir fjell og eg har fjell-abstinens no så det passa meg brillefint. På Autostrada'en kan ein køyre i heile 130 km/t, men Mattia la på litt til. Han er jo italienar. I Vicenza (provinsen, ikkje byen) køyrde me til ein by som heitte eit eller anna med Grappa. Her produserast det mykje grappa, det er ein brennevin av druesteinar som visstnok er god, men det har eg ikkje tenkt å finna nærmare ut av. Me fann eit grappadestilleri-museum med gratis inngang, og eg tok bilete av nokre heftige destilleringsapparat, så avanserte at ein må til Valdres for å finna tilsvarande. Dette området var eit godt herja område under 1. verdskrig og eg fotograferte hus med 90 år gamle kulehol i veggane. Skal sei tida flyr. Etterpå køyrde me til toppen av eit fjell der det var eit krigsmonument av dei heilt store. Fjella her stod ikkje tilbake for mykje eg har sett i Noreg, det minna litt om Gudvangen, men det var sanneleg ikkje heilt det same (det var for mange hus i området). Vegen opp var eit helvete, den bukta seg i alle retningar og dette slår fjellvegen over til Aurland med mange poeng. Eg måtte be Mattia om timeout to gonger for å samla krefter, siste gongen var ganske nære monumentet. Då var me på nesten 2000 meter og trur de sanneleg ikkje me såg skodda og uværsskyene komma sigande over toppane i ei helsikes fart. Me køyrde vidare og køyrde beint inn i ei tåke som var så tett at eg aldri i mine 25 år har vore vitne til noko som eingong er i nærleiken! Mattia måtte pent ta det med ro for det stod italienske mjølkekyr og prøvde å finna vegen heim midt i vegbana. Det var heilt drøyt, og når me endeleg var oppe på parkeringsplassen nedanfor monumentet byrja det å regna slik som eg hugsar å ha sett det i Bergen. Då stod me midt inne i eit torevêr, gitt. Me vurderte å gå ut når det roa seg, men då kom det alltid ei haglskur som skremte oss innatt. Me var begge iført klede berekna på 35 varmegrader og høg luftfuktigheit og der oppe var det nokså kaldt, så me heldt oss i bilen og høyrde på Black metal ist Krieg-albumet. Symbolsk.
Etterpå roa det seg litt, sjølv om tåka ikkje forsvann, og me såg på monumentet som består av diverse systematiserte murar med graver i og metallplater utanfor som syner navnet og graden på soldatane. Nokre stader var det store graver, utanfor stod det "500 ukjente soldatar" og slikt. Eg tok ikkje bilete for det var ikkje ideelle forhold. Så reiste me nedatt. No kan eg ikkje skrive meir for eg må ta klesvaska. Onsdag skal me på tur att.

1 kommentar:
Jeg tror jeg representerer en relativt allmenn oppfatning når jeg sier at grappa smaker grusomt.., men alt går ned!
Legg inn en kommentar