Eg har vore nødd å kjøpa ein heil del bøker her nede, og eg har dessutan kjøpt eindel romanar og slikt som eg har lese og skal lesa i. Bøker veg jo litt og det seier seg sjølv at når bagasjegrensa er på 20 kg (handbagasje er 8 kg i tillegg) og eg har eindel å dra på så må ein ty til posten for å få bøkene fram. I går var eg på den lokale nærbutikken og masa meg til to pappkasser, ei til å ha bøkene i og ei anna kasse som eg skar opp og forsterka den første med. Eg vil nødig ha skader på bøkene mine, det får halda at Tor lagar eseløyrer i bøkene mine når han kiker på dei. Det er gale nok. Eg fekk stabla bøkene på perfekt vis i kassa og laga demping med ei gammal avis og det heile (endeleg fekk eg att noko for å ha spelt Tetris i så mange år), og i dag gjekk eg ut og kjøpte meg ein rull teip til 2,50 euro som eg forsegla kassa i det uendelege med. Så limte eg på adressa, den skal til Bergen, og så sleit eg heile greia bort på postkontoret rett borti her. Eg var på dette tidspunktet særs nøgd med pakkejobben min og var dessutan førebudd på å bruka eindel pengar på å sende dette, men det var greit. Vel framme venta eg i 10 min på min tur og når den kom gjekk eg bort til disken og slengte kassa frå meg framfor dama i skranken. Nøgd!
Dama hadde eit uttrykk i anletet som ikkje kunne tolkast på norsk som noko anna enn "herregud", og så forklarte ho meg at "slike pakker kan ein ikkje senda, ikkje i den storleiken og det heile, ein må bruka ein annan godkjent emballasje og slikt, det er i det heiletatt eindel stress. Om du då ikkje skal senda den til utlandet, då er det enno verre".
"Den skal faktisk til utlandet..." sa eg, og ho svarte med eit stooort "huff".
Så henta ho ei stor gul pakkøskje som eg putta bøkene i etter beste evne. Pakka vog 15,6 kg, så eg plukka ut tre bøker for å få vekta ned under 15 kilos-grensa og spara litt peng. Etter eindel om og men fekk eg stabla bøkene fint oppi, men avis-dempinga og det heile måtte eg drita i. Ikkje kunne eg henga på ein lapp om at pakka skulle behandlast fint og ikkje snuast på heller, då måtte eg vera fast kunde eller noko sånt. Greitt nok. Så måtte eg velje sendemåte, og den dyraste måten valde eg vekk. Då tek det 2-3 dagar og eg har ikkje hastverk. Eg brukte 5 euro på å senda den med flypost istaden for med tog, for togposten er grusomt langsam. Eg spude faktisk kor lang tid det ville ha tatt og ymta frampå med 2, kanskje 3 veker? og då lo ho faktisk litt. Det var fly ja. 15 kilo med bøker med fly frå Italia til Noreg kostar 64,62 euro inkludert ei gul pappøskje som er godkjent av postverket, og det er litt meir enn eg rekna med. For dei som ikkje er euro-vande vil det seie omtrent 500 kroner. Eg er norsk, så for meg er jo dette småpeng, men likevel...
No skal eg ut og eta is med Frida frå Sverige. Eg anar torden i anmasj så eg må hiva meg rundt. Turen i dag vart utsett til i morgon.

2 kommentarer:
Eg har jo som kjend jobba i post i butikk, og det er vel ikkje anna å seie enn at du har flaks som ikkje skal sende bøkene andre vegen, frå Lærdal til Italia. Då hadde dei ikkje kome langt.
Legg inn en kommentar