19 november, 2008

Mine daglege ritual

I mangel på fengslande og morosame episodar eg kan fortelja om, tenkjer eg det kan vera til glede og spaning å høyra kva dagane mine går i. Når eg har ”daglege ritual” som overskrift, tek eg sjølvsagt ikkje med dei rituala som eg elles har heime i Noreg og som kanskje ikkje gjer seg så godt i skriftleg form: slik informasjon kan ein kanskje klara seg godt utan. Eg skal heller freista å ta dykk med på ei reise gjennom eit døger som bortskjemd student her nede.

Dagen byrjar på nådelaust vis med at mobilen byrjar å spele Computerwelt klokka 7. Sangen vert avbroten og byrjar på nytt eit par gonger fram til det vert endeleg stilt ein gong før halv 8. Etter ein kjapp frukost ofte beståande av lokalkjøpte kjøtvarer og overmogen saueost går eg strake vegen mot instituttet som ligg 30 min effektiv gonge frå leilegheita mi. Heilt effektiv gonge vert det likevel ikkje – dei mest observante merka seg kanskje ovanfor at eg ikkje drikk kaffi til frukosten! Denne inntek eg heller på ein kafé som ligg nesten halvveges herifrå. Her har eg vore så ofte at dei veit kva eg skal ha, og eg skal ha sterk espresso. Nokre gonger kostar eg på meg eit stykkje bakverk og, men desse er ofte i søtaste laget så tidleg på dag og stappande fulle av Nutella eller vaniljekrem eller anna klin, så det ser eg alltid an. Apropos Nutella, det er eit sjokoladepålegg som minnar mykje om det velkjende svineriet Nugatti heime, og her nede brukar dei det i alle mulige bakevarer. Det smakar godt, men om ein er uheldig og får det på til dømes haka eller i munnviken må ein mest bruka terpentin for å verta rein att. Det er forresten berre tre personar som jobbar fast på kaféen: ein skalla ung mann som alltid er i utruleg godt humør, ei ung kvinne som er utruleg tynn og ei anna ung kvinne som er utruleg overbitt. Om morgonen sit det og ein gamal kall og tek imot peng for kaffien, men det er berre fordi det er så mykje kundar der då. Om ettermiddagen er han vekke.

Etter koffeininnsprøytinga går eg vidare meir eller mindre rett fram i lendet til eg kjem til ein park omringa av ein mur. Her tek eg til venstre og går mest rett fram til eg kjem til instituttet. På vegen stoppar eg på eit bakeri som vert driven av ein eldre mann som har vore i Noreg og reist med båt langs kysten, der han såg ”alle dei små husa med laks inni” (??). Her kjøper eg grove, små brød som skal fungera som lunsj, samt ein halvstor kakebit med sjokoladebitar i som eg skal ha til fyrste kaffipausen på instituttet. Desse kakebitane lyder namnet biscotti og høver godt til kaffi. Om det trengst, stoppar eg ved andre små sjapper og kjøper frukt og tunnskore pølseskiver, viss ikkje går eg rett på instituttet og seg meg på biblioteket i andre etasje, klokka bør då ikkje vera meir enn halv 9-9. Der sit det berre ein person frå før, og det er Wilhelm. Han har då vore der sidan instituttet opna klokka 7, og nokre gonger har han vore nøydd til å venta utanfor fordi han har vore for tidleg ute. Det kjem fleire folk til lesesalen/biblioteket seinare, men sjeldan før i 11-tida.

Etter å ha sjekka epost, facebook, BA, BT, VG, Dagbladet, Aftenposten, Porten.no, Sogn Avis og ein del anna, planlegg eg litt kva eg skal gjera og så sorterar eg ark og gjer meg klar. Kanskje byrjar eg å jobba litt òg, for tida skriv eg teoridelen til masteroppgåva, men det kan vera seige greier. Cirka halv 11 er det fyrste kaffipause, og tidspunktet er ikkje tilfeldig. På den riksdekkjande kanalen Rai 1 går det eit program som heiter Il Verdetto Finale som er heilt fantastisk skit-dårleg! Programmet er forma som ein slags rettsak på 50 minutt inkludert reklamepausar, og det går ut på at ektepar som er skikkeleg usamde kranglar om ting som vedrører familie, økonomi og slikt. Dei har kvar sin advokat ved med seg, det er same advokatar i kvart program, og det sit ein dommar og noterer. Dei to partane får høve til å forklara seg for juryen og publikum og dei går ikkje av vegen for å skrika stygge ting til kvarandre heller. Slik held dei på i ein halvtime medan ei programleiarske freistar å roa gemyttane noko, før advokatane spør ut motparten. Til slutt held advokatane ein appell til juryen, før juryen går ut på eit rom og kranglar med kvarandre, godt inspirerte av det mislukka ekteskapet dei nett har vore vitne til. Så kjem stemmer dei og offentleggjer for ekteparet og publikum kven dei held med, og det er det. Det er sjeldan dårleg underhaldning.

Eg og Wilhelm kokar oss kaffi og et biscotti og ser siste kvarteret av programmet. Etterpå er det ned att for å produsera tekst, og kanskje rundt klokka 13 vert det lunsj. Etter lunsj er det nedatt for å jobba fram til klokka om lag er 17. Då går i alle fall eg heimatt, og det same gjer ofte Wilhelm. På veg heim vert det alltid ein pitstop på same kaféen som om morgonen. På veg heim handlar eg gjerne middag og, utelukkande pasta i ei eller anna form. Så et me middag som regel samstundes, tek ein kaffi og det er det. Oftast set eg meg på rommet mitt og les bøker eller skriv blogg eller gjer noko anna generelt uproduktivt, og før eg veit ordet av det må eg i seng. Ein må tidleg i seng, skal ein halda ut dette jet set-livet her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar