Det har seg nemleg slik at eg har vore på bokhandel att, her nede ligg forholda til rette for slike aktivitetar. Wilhelm reiste nemleg i går laurdag, så me stakk ut og tok ein føremiddagskaffi og åt konditori-varer (les: italiensk frukost), og så var eg med han og kjøpte kaffiforsyning til å ta med heim. Så tok me farvel, for eg skulle ta trikken til andre sida av elva og han skulle heim og låsa kofferten sin. Det var ikkje tårevått farvel, me er jo menn gubbevares, men han har vore godt selskap her nede så det var jo litt grøteleg. Eg stakk i alle fall til ”sentrum” og fann ut at eg kunne likegreit vera litt turist, for kameraet hadde eg jo med. Eg tok ein tur sørover utan å heilt ha retningssansen kalibrert, men eg trefte godt og fekk sjå Forum Romanum. Det er eit staseleg område som er greve fram midt i byen, gamalt som Metusalem og fullt av søyler og slikt. Det kosta peng å komma inn og det var berre amerikanarar i umiddelbar nærleik (med unnatak av eit aldrande norsk ektepar eg observerte) så eg stod over. Faktisk er det betre å gå rundt på utsida, då ser ein faktisk mykje meir. Bilete tok eg som berre fa’n.
Så gjekk eg vidare langs forumet og kom då sjølvsagt til Colosseum. Det var eit svært bygg, det har eg ikkje tungt for å innrømma, men det var ein tilsvarande svær kø med amerikansk aksent utanfor. Eg stod over turen inn, dessutan verka vêret litt trugande som det alltid gjer om ”vinteren” her nede. Eit artig skode var alle dei utkledde legionærane som ein kunne ta bilete av for ein uhøyrd sum peng. Eg har zoom på kameraet mitt og var ufin nok til å nytta den. Etterpå returnerte eg til der eg gjekk av trikken, der ligg ein Feltrinelli-bokhandel. Her kjøpte eg ein stabel italienske klassikarar frå 18- og 1900-talet, deriblant Le avventure di Pinocchio som eg er i full sving med. Så reiste eg heim, las litt, reiste ut og kjøpte meg kjøtvarer og meir ost, pluss eit hekto pesto, og så ein pizza til middag. Slik skal det vere. Resten av kvelden gjekk med til å slost med internett og å lesa bok.
Det er ikkje ofte eg skriv på bloggen for tida, rett og slett fordi det ikkje er så mykje å melda frå om. Dagane følgjer stort sett dei rutinane eg skreiv om i førre bloggen. Eg har forresten gjort eit brillefint kjøp: ei napoletansk kaffikanne! Denne trur eg kan bli fin å ha på fjelltur, så lenge ein held plasthandtaka unna elden. Bilete finst nedanfor.
No skal eg pakka saman for dagen og gå heim. Her får eg ikkje gjort ein drit i dag uansett, så eg kan liksågodt liggja på senga heime og lesa Pinocchio. Viss det vert meir torevêr av same kaliber som i går, og det trur eg absolutt at det blir, skal eg freiste å ta bilete av lyna. God kveld!
Bilete:
Nokre søylar i Forum Romanum
Ein triumfboge, svære saker
Søylane, men frå ein annan vinkel
Colosseum er ein bygning som stikk seg fram i terrenget
Colosseum att, ikkje noko tull dette
Ein svolten gladiator trugar til seg ein matbit
Forum Romanum på veg tilbake: eit hus?
Arkeologisk område
Fleire søyler. Dei likte desse, romarane
Institutt-katten: den høyrer til vaktmeistarfamilien, men eglar seg på alle
Stova i øvste etasjen på instituttet, der eg plar eta lunsj
Enno ei glimrande italiensk parkering. På skiltet står det PARKERING FORBUDT!
Kaffikanna mi: når vatnet i nedre halvdel kokar, tek ein den av varmen og snur den opp ned slik at kaffien renn ned i halvdelen med tut, gjennom eit lag kaffi. Fenomenalt opplegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar