02 desember, 2008

Kva skjer i Italia?

Jau, her skjer det litt av kvart, kan eg fortelje. Lite av det har med meg personleg å gjera, men eg har ikkje akkurat slitt meg ut dei siste dagane. Grunnen til det er i hovudsak at eg ikkje har så mykje konkret å gjera her nede no, ettersom eg reiser heimatt på føremiddagen i overimorgon. Då er det beste ein kan gjera å prøva å få gjort ferdig det ein har pusla med her nede, og det har eg i skrivande stund fått i orden. Det gjenstår eigentleg berre å prøvepakka kofferten for å sjekka vekta og korleis eg skal disponera bagasje mellom kolli og handbagasje, ein prosess eg er redd kjem til å ta meir tid enn eg set pris på. I morgon må eg dessutan stikka på postkontoret og senda alle bøkene mine med posten til Noreg, det vert korkje billig eller moro, eg har nemleg førre gongen friskt i minne, eit par glade timar på postkontoret i Padova. No er eg iallefall meir mentalt førebudd og det kan koma godt med. Det er vel litt under 10 kilo bøker og eg treng ikkje rekna med å sjå dei att i 2008, det er no heilt sikkert! Eg får sjå kva eg tek i sekken, noko blir det iallefall. Eg må jo ha litt lesestoff på flyet, og Sudoku-boki eg kjøpte på veg ned har store vatnskader etter eit uvêr.

I morgon skal eg og på instituttet ein siste gong og levera kortet og få att depositumet mitt. Eg må òg seia farvel til vaktmeistaren Nicola og kona hans, biblotekaren Germana og øvrige studentar og studiner, og eg må slepa den forbanna pc-en min heimatt. Medan eg er i området skal eg kjøpa meg billettane for å koma til flyplassen i morgon, så er det gjort. Då skal eg og undersøkja om det er planlagd transport-streik på avreisedagen, for det har eg høyrd rykte om. Når det gjeld streiking er Italia heilt og fullstendig i ein eigen klasse, det går bokstavleg tala ikkje ein einaste dag her nede utan at det er nokon som streikar. Resultatet er ikkje-eksisterande, for det går slik inflasjon i streikingi at ingen gidd å bry seg.

Men kva skjer altså i Italia? Jau, og apropos streik, i Italia har det denne veka vore særs mykje dårleg vêr. Ifylgje Nicola plar det ikkje vera slik om vinteren, sjølv om det regnar snarare enn det snør så langt sør i Europa. Det har vore torevêr nærmast kvar dag og mange stader har elvane gått langt over sine breidder grunna nedbøren. Nokre stader har det kome snø i staden, helst lenger nord, og det er ikkje hakket betre. Då knekk trea og folk kjem seg ikkje til den lokale aviskjosken eingong utan å knekka alt som er i kroppen. Verst er det utvilsamt i Venezia, der tidevatnet saman med sterk vind frå sør har herja stygt med oversvømming. Dette med høgvatn er noko ein må rekna med på ein plass som Venezia, men dette er ikkje langt unna rekord, det er iallefall 20 år sidan liknande vannstand og bos og turistar flyt i tjukke lag rundt i byen. Det meste av kritikken gjeld likevel ikkje dei lokale meteorologane, som har fått på puklane for ikkje å ha greidd å forutsjå springfloa, men fagforeiningane: det er transportstreik der oppe, og trass i at ein ikkje kjem seg turrskodd nokon stad om dagen, går det ikkje så mykje som ein einaste båt der. Folk er sinte, og ordføraren har ikkje spart på krutet.

Kva anna skjer? Det er eindel studentar i opprør grunna nokre reform-greier eg ikkje heilt har fått innsikt i (og eg trur eg let det liggja), og folk planlegg å bruka like mykje peng som i fjor på julegåver, trass den økonomiske tilstanden. Apropos det med julehandel, så har eg lese at ekspeditrisene i Roma frys på seg brokk om dagen. Eit tiltak for å lokka folk inn i butikkane for å få dei til å bruka peng, er å lata butikkdørene stå på vidt gap. Det hjelp, faktisk, folk har lettare for å stikka innom når døri står open, men det har vorte vesentleg kaldare for dei som jobbar der inne. Slik kan det gå.

No skal eg skriva ei hugseliste for morgondagen og så er det hutt heim. Eg må berre venta til torevêret gjev seg for denne gong, det er heftig når det står på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar