04 februar, 2009

Meir post

Det tek liksom aldri slutt med den posten, men no ser det ut til at det kan gå bra. Eg var innom Posten i går, og eg frykta at eg måtte hente pakka og bera den heim (noko som eg ikkje såg fram til), og deretter byrja å senda bøkene som brevpost i pakker på inntil to kilo. Når eg kom på postkontoret var det heldigvis lite kø og eg slapp å kaste bort ein time på slekt tull. Når det var min tur, såg dama i skranken på meg og sa noko sånt som "Åja, det er deg!" og så gjekk ho ut og henta pakka mi. Det var ho som hjalp meg når eg sendte pakka i desember, og eg hadde såvidt med henne å gjera når eg var innom førre veka for å etterlysa pakka mi.

Når ho kom att med pakka mi, såg eg tydeleg at den hadde vore på langtur, for den var teipa saman i alle endar og hadde konsistens som ei settepotet. Bøkene inni var heldigvis like fine. Ho lurte på kva eg ville gjera med pakka, og eg nemnte at eg hadde planar om å senda det som brevpost. Det gjekk an, sa ho, men det hadde blitt mykje arbeid og slett ikkje gratis (dog billigare enn å senda pakka slik som eg hadde gjort - korreksjon: prøvd å gjera). Samstundes nemnte eg at sidan eg allereie hadde betalt 56 euro for å senda den til Noreg som ekspresspakke, burde eg kanskje retta opp i kva som var gale og prøva å senda den på nytt, og det var ho einig i. Problemet hadde vore at det ikkje var vedlagd eit skjema der namn og kontaktinformasjon skulle stå, samt innhald, antal einheiter og samla verdi av innhaldet. Difor hadde tollen ikkje ville senda pakka ut av landet. Det var informasjon eg godt kunne ha fått i desember, men greitt nok.

Eg fekk (!) ei ny pappøskje å pakka bøkene i, fylte ut alle skjema omhyggjeleg og korrekt, og eg slapp å betale på ny. Det skulle teke seg ut! Så vart den sendt. Om det skulle skje noko tull no at, er det berre for meg å komma tilbake, sidan eg trass alt skal vera her i tre veker til. Skjønt, eg trur det skal gå no. Eg har iallefall pakkeseddelen med eit nummer på så eg kan spora den korhen den reiser. Den befinn seg enno i Roma, men i morgon bør den vera på toget nordover!

Ellers kan eg fortelja at eg fekk nattesømnen min uroa av eit tordenskrall som ikkje likna grisen. Det var berre eitt, men det var høgt og det var i 4-tida i natt. Eg trur dei fleste vakna av det. No skal eg snart heim, og på vegen skal eg ta ein kaffi og undersøkja kaffikanner som eg kanskje skal kjøpa heim. Eg har ei lang liste med bestillingar å ta meg av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar