Eg har observert via den norske tabloidpressa på internett at det er kaldt for tida. Dette har eg fått bekrefta av Henriette òg, og det heile står i kvass kontrast til tilhøva her i Roma. I dag var det så fuktig ute at det var ubehageleg å spasera gatelangs. Faktisk måtte eg riva av meg jakka og bera den på armen, det heile til stor undring for innfødde italienarar som gjerne går i boblejakke i 30 varmegrader så lenge kalendaren seier september til april. Dei toler varme, italienarane, men det gjer ikkje eg. Det er relativt heitt ute og, særleg med tanke på at det er 3. februar i dag, faktisk er det 15 varmegrader. Vêret har ellers vore trugande med regn, men det har ikkje komme meir enn eit par dropar på det meste. Vind har det derimot vore flust av, og ellers i Italia er det mykje dårleg vêr. Sivilforsvaret har vore på alerten, so gale har det vore.
Boka eg nemnte i førre bloggen har eg no lese ferdig, og den byrja som den slutta, med usamanhengjande setningar og fargerikt språk. Eg har no slege meg på meir normal litteratur i form av Soldati, som er heidra og godt likt men som eg ikkje har vore borti før. Den er lang og tettskriven, men eg skal leggja ned eit hardt arbeid i dag, ettersom eg må bruka kvelden på klesvask. Ikkje skal eg jogga i dag heller, for i går var eg vel hard under joggeturen. I går kom eg forresten over ein yoghurt eg ikkje har smakt før: yoghurt med kokos og müsli. Den er temmeleg god.
Eg planlegg forresten ein slags handlerunde snart, eg må sjå korhen ein har godt utval i kaffikanner og eg må sjå til å finna desse sportsbutikkane eg oversåg i Via del Corso. Då eg var i sentrum hin dagen, kom eg over ein svær butikk i nærleiken av Pantheon som selde klerikalt utstyr. Den var fascinerande, sjølv for ein ateist: ein kan handla prestekjortlar, kapper, kalkar og beger, kors i alle storleikar og sjølvsagt medaljongar med bilete av paven på, og alt mogeleg anna. Det er nestan så eg vil bevilga meg ei prestekappe, den hadde vorte stor suksess på fest. Når eg dog tenkjer meg om går eg aldri på fest, så eg let vere...
Eg hadde halvveges planlagt å skriva om italiensk fjernsyn i dag, men eg kjenner at eg må manna meg meir opp før eg hiv meg uti noko sånt. Italiensk tv er av eit lavmåls-kaliber som ikkje kjenner grenser, eg har aldri sett så mykje klisjear og dårleg underhaldning nokon stad. Men det blir det meir om seinare, for eg har ei masteroppgåve å fullføra her!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar