02 februar, 2009

Posten skal fram, men ikkje heilt

For nokre dagar sidan fekk me ei oppklaring i dette med pakka mi. Me bad posten om å senda den hit på instituttet, som for ordens skuld ligg 30 min gange unna der eg bur. I går, sundag, var eg på lesesalen og i vindaugskarmen låg ein liten bunke med brevpost som sikkert hadde vorte levert på laurdagen. Sidan det er smått med folk her i helgene vart det nok plassert der inntil vidare. På toppen av denne brev-haugen låg ein hentelapp frå posten med mitt namn på. Eg kan altså gå og henta pakka mi. Eg føler meg litt snytt, for postkontoret der pakka ligg er i nærleiken av leiligheita eg budde på i november, også det cirka ein halvtime unna instituttet. Pakka er 6 kilo tung og lite hendig å slepa rundt på. Samstundes tenkjer eg i mitt stille sinn at me jo trass alt bad om å få pakka tilsendt på instituttet: altså pakka, ikkje hentelappen. Folk er det jo heile tida her, i og med at vakta/vaktmeistaren bur her på huset. Faen, altså. Eg vurderar å henta pakka og gjera meg ferdig med dette fyrst som sist.

Ellers har eg tilbrakt laurdagen i stor grad i Roma sentrum. Eg var inni Pantheon, og det var imponerande, men kameraet hadde eg ikkje med meg så det får bli ein annan gang. Eg var på jakt etter nokre treningsklede òg, men her kom eg til ein konklusjon som eg trur mange her nede er klar over: når ein ser etter sportsforretningar nyttar det ikkje å gå etter butikknamna. Står det Abbigliamenti Sport (sportsklede) på butikkvindauget, betyr det ikkje at det er sportsklede inni, men at kleda er sporty. Det var ikkje få "sportsforretningar" eg gjekk inn i, for så å finne boblejakker og hettegensrar i bomull. Alle som har jogga meir enn 3 kilometer veit at bomull er noko drit å ha på seg. Utanom denne vetle frustrasjonen gjekk eg sjølvsagt på bokhandlar og kjøpte meg italiensk skjønnlitteratur, både samtids og av litt meir klassik art. Desse er vel i liten grad å finna på norsk, så det er berre å gje opp. Ei av bøkene har eg rasa gjennom, mest på grunn av språket i den som er omtrent blotta for teiknsetjing, det er mest som om forfattaren har skrive ned tankane sine i all hast (og det er vel det som er poenget òg). Den heiter Luminal, er skriven av Isabella Santacroce, og handlar om to 18 år gamle venninner som tek eit rusmiddel (i overført tyding? eg veit ikkje) som heiter nettopp luminal, og jobbar eller brukar fritida si på å vere ein slags form for prostituerte i Zürich. Boka er berre forvirrande, og det er særs mange ord eg ikkje kan og som ikkje Kunnskapsforlaget sine bøker har ordforklaring på. Ein kan jo sjølv tenkja seg kvifor.

No skal eg produsera tekst. Ein får ikkje mastergrad av å skriva blogg!!

1 kommentar:

  1. Hvis jeg ikke husker helt feil ligger det en stor sportsforretning i vial del corso, i nærheten av piazza del popolo. Og tror det er en i viale marconi også.

    SvarSlett