04 mars, 2007

Helvetes retningssans!

Paa eit punkt er den totale motsetningen til Alexander Zwart: medan han kan springa omkring i kva slags by som helst og likevel alltid finna fram paa mirakuloest vis, kan eg gaa meg vill i ein telefonkjosk naar tilhoeva tillet det. I dag tillot tilhoeva dette, og eg som skulle gaa fraa studenthybelen min til der eg skal ha forelesing (det skal eg i morgon) gjekk meg vill og havna i ein annan del av byen. Greitt nok med tanke paa at bysentrum ikkje er saa stor og gatene er smaa og mange, men eg presterte altsaa aa gaa i gater eg har gaatt i fleire gonger foer utan heilt aa kjenne meg att. Det ringte iallefall ikkje nokon bjelle, der eg gjekk. Eg fann fram til slutt. For dei som er kjende i byen, eg skulle til Palazzo Malduro som ligg ved Piazza Mazzini, enkelt aa finne (etter italiensk standard) men enda opp ved Basilico del Santo. For dei som kjenner byen seier dette ein heil del om retningssansen.
Naar eg foerst var nede ved denne store kyrkja (del Santo) kjoepte eg meg ein kaffi paa ein fin liten kafè / restaurant. Dette er ein turiststad eigentleg, saa kaffien var bokstavleg talt dobbelt saa dyr som ellers (den kosta 1,7 euro). Men saa var den og dobbelt saa sterk som noko anna eg har smakt, til og med muttra hadde sett den i vrangstrupen om ho hadde drukke den litt vel kjapt. Faen ikkje rart dei smaa espresso-koppane er saa tjukke, ellers ville kaffien ha etsa seg beint gjennom.
No opnar butikkane att snart, og det passar bra. Eg skal ha meg ein liten pizza!

Ingen kommentarer: