Eg er altsaa trygt framme her nede, og etter aa ha budd dei tre foerste nettene i ein slags universitets-gjestebolig har eg no faatt rommet mitt. Det held ikkje verdens hoegaste standard, denne plassen, men rommet mitt er bra og beint ut kan det sjaa ut som ein dass her. Eg har trass alt budd i Ovre Ardal og komme fraa det med livet i behald.
Maten her nede er god, kaffien er jaevlig god, og temperaturen ligg jamnt over paa rundt 17 grader har eg inntrykk av. Greit for meg. Men det er nok lett aa sjaa at eg ikkje er italienar, eg er den einaste som gaar rundt ute i tskjorte medan dei innfoedde gaar med vinterjakke. Dei maa ha medfoedde kjoeleelement i innvollane, eg held paa aa daue berre eg spaserar litt fort i sola.
Enkelte ting er sjoelvsagt ikkje paa plass enno, og det kan eg takka den fraaverande ordenssansen her nede for. Det er heilt klin umogeleg aa finne ut naar eg har forelesningar, saa seinare i dag maa eg ta ein runde og forhoeyre meg om dette. Det er heller ingen leik, for alt er stengt mellom 13 og 15. Faen.
No maa eg rydde rommet mitt. Eg skal proeve aa skrive her iblant, men det er saa forbanna fortaerande at tre velkjente vokalar manglar pa tastaturet og pc-ane her maa vera innkjopt under fascistregimet, saa seint som dei gaar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar