12 mars, 2007

Kva skjer?

Svar: ikkje mykje.
Eg gàr pà alle forelesningane eg bòr gà pà, kjòper smà pizzaer pà veg heim, slost med "datamaskinene" pà datarommet og les uhòyrt mykje, iallefall ifòlgje meg sjòlv. Ikkje sà mykje nytt sànn sett, men eg har jo mòtt litt folk (det er jo knapt til à unngà her nede, overbefolka som det er).
Tidlegare i dag pà datarommet kom eg i snakk med ein fyr som bur her pà studenthyblane frà Romania. Han vart gild nàr eg fortalde at eg var frà Noreg, for han likte sà godt norsk musikk. Me snakkar sjòlvsagt om norsk metall, som jo stàr hògt i kurs i sòr-Europa. Han snakka om ei gruppe som var veldig bra og han skulle sàgar brenna meg ein cd. Eg glòymte i farten at eg ikkje har cd-spelar, eg har berre ein slek 123-spelar!
Seinare pà dagen, pà fordjupning i lingvistikk-forelesninga (som viste seg à bli fagleg interessant og lovande), fann eg ut at ho eg sat ved sidan av var svensk. Jaggu stas à kunne kommunisera pà skandinavisk att, om ein dà ser bort frà kommunikasjon via internett og sporadiske telefonsamtalar. Eg trur me to utgjorde eit slags nervòsitetselement for den italienske forelesaren, sidan denne delen av lingvistikk-kurset handar om germanske spràk. Eg màtte sàgar uttala pà korrekt vis "faeròyisk", og màtte bekrefta at Noreg làg under Danmark og at norsk skriftspràk dermed har vorte pàverka av danske krefter (konsultér gruppa Dei Nye Norske Vampyrane for meir korrekt informasjon).
Eg skulle gjerne ha skrive meir, men nàr pc-en eg sit pà er sà forbanna elendig og treig (i likheit med dei andre pc-ane her) vil eg heller opp og leggja meg.

Ingen kommentarer: