27 mars, 2007

På politistasjonen

I dag måtte eg møte opp på politistasjonen kl. 8,30 for å formalisera opphaldet mitt i Italia med ein opphaldstillatelse. Eg tenkte at eg skulle sitja på ein stol i ein korridor og venta til eg vart ropt opp, for så å visa fram passet mitt. Deretter kunne eg gå heim og lesa om forskjellane mellom kvinneskikkelsar i dei amorøse dikta til Dante og Petrarca. Men dengang ei (sitat: Jens von Bustenskiold).
Eg vart henvist til ei stor dør som var låst, men som vart åpna rundt halv ni av ein politiansatt som tydelegvis angra på karrierevalet sitt, iallefall der og då. Og eg var slett ikkje åleine. Det var boblejakker og dongerijakker og joggesko og filtersigarettar så langt auget kunne sjå. Rumenarar. Folk vandrar frå Romania til Italia som sogningar vandrar til Bergen etter vgs, og desse to gruppene liknar kvarandre på mange måtar: den litt kvasi-urbane utsjånaden, språket som berre dei sjølve forstår, skit under neglene, etc. Eg benektar ikkje mitt eige opphav, eg berre konstaterar.
No vil eg sjølvsagt unngå å vera altfor fordomsfull, men det er uhyre lett å sjå at desse ikkje er infødde italienarar. I tillegg til ovannevnte trekk kan eg føye til pastellfargar, røykhoste hjå nærmast samtlege, ein tendens til bart hjå mennene, vasskjemma hår, og mangelfull orden i viktige papir og dokument. Sistnevnte tolka eg utfrå kommentarane til han som åpna døra med jamne mellomrom.
Eg stod utanfor porten med rumenarane og to studentar eg kjente igjen frå litteratur-kurset mitt, den eine frå Austerrike og den andre frå Ungaria. Utseendemessig var også desse utmerka representantar for sine respektive land, artig nok. Eg kunne omtrent ha gjetta meg til kvar dei kom frå. Nok om det. Etter ein times venting vart iallefall eg kalla inn saman med ein gjeng rumenske aspirerande arbeidarar som lukta kvitlauk og tobakk (nok ein gong: eg berre konstaterar mine sanseintrykk). Deretter stod eg i kø til det var min tur i skranken. Han som verka litt tverr når han åpna døra tidlegare vart i adskillig betre humør når han såg at eg var norsk og lurte på om eg huksa Mykland. Det gjorde eg ikkje før han nevnte at Mykland hadde skjegg og gjorde rare bevegelsar når han hadde scora mål (han gestikulerte litt). Dette tykte han var "vent" og resten av prosessen gjekk greit. Om ein månad skal eg tilbake og henta eit slags bevis eller noko sånt. I mellomtida kan eg berre takka foreldra mine for at dei ikkje sende meg til Romania, sjølv når eg oppførte meg dårleg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

So Myggen e popp i Italia also? Detta va nytt før meg...

Ein liten ting e lure pao; Kå ete dei italiensek ungdommane etter at dei har våre pao dretfylla? Gaor det i babb og anna grisefor, eller har dei utviklaa seg forbi det stadiet?

Anonym sa...

Ungaria? Ungarn du meina eller , hæ? HÆ?!