21 februar, 2007

Prelude

Dette er ikkje ein seriøst post, berre så det er sagt, det er meir ei prøve på korleis dette dritet fungerar. Og om det ikkje fungerar, så gud hjelpe meg for eit leven det blir då. Det kan no nett vera det same. Eg sit enno heime i Indre Sogn og ventar på at det skal bli sundag føremiddag, då hiv eg meg på første og beste buss til Oslo, og så reiser eg vidare ut av landet dagen etter. Meir enn nok om dette seinare. Eg ser fram til dette, no er eg så lei Noreg at eg får brokk berre eg høyrer kjenningsmelodien til Norge Rundt.

Eg pyntar avslutningsvis opp med eit lite bilete, om eg får faenskapen til å fungera korrekt. Biletet syner på ein utmerka måte at det no er særs kaldt her heime, og det kan eg skriva under to gonger på at det er. Det skjer heller ikkje så mykje, men det er stort sett eit bra teikn...


Ingen kommentarer: