Det er difor med tungt hjarte (eller eigentleg ikkje) at eg set foten ned i golvbelegget og gjer ende på denne bloggen ein gong for alle. Eg slettar den ikkje, men eg kjem ikkje til å skrive før eg eventuelt reiser vekk igjen. No reiser eg jo heim til Lærdal for å leggja på meg i jula, men det tel ikkje. Det må minst vera utanfor Skandinavia. Adjø.
22 november, 2007
Epilog
Det er difor med tungt hjarte (eller eigentleg ikkje) at eg set foten ned i golvbelegget og gjer ende på denne bloggen ein gong for alle. Eg slettar den ikkje, men eg kjem ikkje til å skrive før eg eventuelt reiser vekk igjen. No reiser eg jo heim til Lærdal for å leggja på meg i jula, men det tel ikkje. Det må minst vera utanfor Skandinavia. Adjø.
15 november, 2007
Søndre Skogvei 22D (tredje etasje)
31 oktober, 2007
Litt om hausten og anna skit
(Sydnesplassen, der eg har undervisning tirsdagar)

(Dette er hagl!)
16 oktober, 2007
Faen altso!
– Send pakka til postkontoret på Danmarksplass!
– Ok, me sender den til Oslo!
I morgo skal eg pakkespore alt eg orkar og eg går ikkje på postkontoret før eg er bom sikker på at pakka er der. Og er den ikkje der skal eg gje så mykje kjeft at posten må henta inn eit heilt kriseteam med psykologar for sine ansette. Idiotar.
Nok om det. I går gjekk eg til universitetet og i lunsjpausen gjekk eg ned til Bystasjonen og kjøpte meg eit busskort. Eg antek at det er lett å tolke dette. Det er ikkje snakk om at eg gidd å trakka omkring i slik ulendt terreng fram til jul, eg skal ta buss. Det stemmer, fram til jul. Henriette reiser til England rett over jul og flyttar ut frå studenthybelen sin rett før jul, etter eksamenane. Då flyttar eg inn der og blir buande til ho er vel attende. Då kan me heller finna oss ein plass der me kan bu ilag. Me var i dag på Fantoft (!) og skreiv under ein framleigekontrakt, og dermed må eg flytta allereie om to månader. Ganske nøyaktig faktisk, me har planar om den 17. desember. Eg har siste eksamen den 14. og rekk slik sett både å flytte og å hogge grantre heime. Staden eg bur på no er ikkje uuthaldeleg, men det er kjedeleg når det er utetemperatur på gangen, badet og kjøkenet. Eg har ein billig gradestokk, den skal eg henga ut i gangen no berre for å sjå kva resultatet blir. På studentboligane på Gyldenpris er det mykje finare, større og meir moderne, eg har eige bad i leiligheita og dusjen er på same stad (i motsetning til her), og det er billigare. Tilgang til internett får eg òg, og eg slepp å betale nettleige til BKK, eg unnar dei fint lite. Kabel-tv er det dessutan og, pluss at det er mykje nærare fakultetet mitt. Like attmed fakultetet opnar dessutan snart det nye studentsenteret, og eg er sugen på å byrje å trene att. Det er vanskeleg å få til her, ettersom det nærmaste treningssenteret ligg nede på Danmarksplass og kostar ca. 400 kroner i månaden for studentar. Ikkje aktuelt. Hjå studentsamskipnaden kostar tilsvarande 700 i halvåret. Lyspunkt er det likevel, i går traff eg Morten på bussen, han bur maks 50 meter unna meg. Fire gater nedanfor bur Knut, og Jon arbeidar nedi her òg. Men eg flyttar lell!
13 oktober, 2007
Posten skal (på ingen måte) fram!
No sporar eg visst av. Eg stod opp i dag og åt ein liten frukost og fikla litt med Gamle dampen, altså PC-en min. Eg har ikkje internett her så eg har strippa den for alt som heiter brannmur og antivirus og program ein normalt har i samband med internett, og no går den som eit vått såpestykke på ein spegel! Eg har og kjøpt meg ein flatskjerm, 19 tommar, sjølvsagt widescreen og til ein særs overkommeleg pris, og skapplege pc-høgtalarar slik at eg i mangel på fjernsyn, som eg jo ikkje likar noko særleg uansett, kan sjå seriar eg har lasta ned: Seinfeld, Simpsons, etc. Eg har frykteleg mykje. Når eg hadde ete og dusja og styra litt her, gjekk eg ned på sjølve Danmarksplass. Når eg bestilte pc-skjermen og –høgtalarane bestilte eg i same slengen ein DVD-rom til pc-en sidan eg ikkje hadde ein slik ein. Akkurat denne pakka var ikkje å hente på postkontoret på Danmarksplass, den hadde ved eit uhell havna på Minde. Typisk. Ho som jobba der sa at det skjedde ofte, noko som får meg til å lure på om inkompetens er eit krav for tilsetjing i Posvesenet. Uansett ringte ho dit og bad dei om å sende pakka ned slik at eg kunne hente den. Dette var på torsdag og den ville nok ikkje kome på fredag, sa ho. Men laurdag var det berre å komme. Då skulle den sannsynlegvis vere der. Sannsynlegvis, sjølvsagt. I dag er det laurdag og eg var nede for å handla på den o’ store Coop Mega-butikken tidlegare. Ein må vera tidleg ute, for postkontora likar ikkje å halde ope så lenge, det skulle vel teke seg ut. Der fekk eg ikkje overraskande beskjed om at pakka diverre ikkje var komen. Eg sa at det var greitt, eg fekk heller ta ein tur på måndag. Nei… det gjekk ikkje. Dei fekk ikkje pakker på måndagar, eg måtte heller kome på tysdag. Det er faen meg så provoserande typisk. Shabby folk som jobbar i ei shabby bedrift på ein shabby stad.
Som ein rein (i den grad noko er reint i denne delen av byen) bonus gravde eg i postkassa for å sjå om det var noko post til meg når eg var nesten heime. Eg har eige postkasse på andre sida av gata. Der var det ingenting. Eit eldre og ubarbert par passerte meg akkurat i det eg lukke postkassa og mannen kommenterte: ”Issje nåke pængebrev i dag hællær? Ha-ha-ha!” Herleg. ”Nei, det er forjævlig” sa eg berre. Det er ikkje heilt sant, i dag skal eg og Henriette på kino, så ting kunne vore verre. Eg går sjeldan på kino, sist gong var i februar 2001 og då såg eg Exorsisten i ny version. Før den tid skal eg sjå om det går an å koka seg mat på 2 kvadratmeter kjøken.
02 oktober, 2007
"Haustferie"


I dag skal eg lese til går i koma. Det gler eg meg mykje til.
28 september, 2007
Skral helse
12 september, 2007
Master, og ikkje stort meir å sei

Og her sit eg og gjer, strengt tatt, fint lite. Med mindre eg skulle få eit lite raptus...:
Som de kan sjå, er den passeleg stor og har eit visst ikea-preg over seg, ettersom pultane er type heimekoseleg furu (trur eg). Stolane er gode å sitje på, når dei står med beina ned mot golvet sjølvsagt, og eg har allereie fylt opp hylla mi over sjølve pulten. Eg sit utanfor biletet til venstre, heilt attmed glaset. Eg har fylt vinduskarmen med ymse koffeinhaldige produkt og eg har ein fin plass attmed veggen der eg kan kila fast den fordømrade pc-veska mi. Det er i hovudsak historiestudentar her, eg trur det er ein del frå religionsvitskap òg, pluss åtte frå fransk og tre frå italiensk: eg, Alessandra og ei eg ikkje veit kven er som ligg eit år foran i løypa. Dei øvrige språkstudentane sit for det meste der eg sat tidlegare. Det er litt meir shabby der av ein eller annan grunn. Dessutan trur eg inneklimaet her er langt betre. Men eg fekk diverre ein plass nære inngangen, og det kan by på irritasjon ettersom folk kjem og går.
Som ein liten bonus kan eg her syna utsikta eg er belemra med:

Ein ting som har skjedd, som eg nett no kom på, er at eg har fått publisert eit temmeleg aggressivt lesarbrev i studentavisa Studvest. Det er ei gratisavis for studentar i Bergen og høver seg best som toalett-lektyre. Lesarbrevet sendte eg inn berre for eit par dagar sidan, så eg regna med at det eventuelt ville kome i neste nummer, men det kom altså i avisa som kom ut i dag (den kjem ut kvar onsdag). Eg var litt overraska over at dei ville trykkja det, og dei hadde rett nok sensurert nokre ord, men sjansen for at nokon blir provosert er til stades. Sjansen for at nokon nikkar anerkjennande er dog betydeleg meir til stades. Eg reknar med at denne kan leitast fram på websidene til Studvest, men eg har ikkje funne det der enno. Eg skal leggja ut link når eg gjer det.
Ellers er det ingenting å melda. Eg skal lese om manierismen, og det er inga leik!
06 september, 2007
Meir master

Bonus: eit haustleg Gyldenpris.

27 august, 2007
Master

20 august, 2007
UiB
16 august, 2007
Grusomt fine fakta om Italia
Så å seie alle butikkar held stengt måndag føremiddag og onsdag ettermiddag. Det er utruleg irriterande!
Promillegrensa er den same som i Noreg. Dog høyrer promillekontrollar til sjeldanheitene, men om du skulle bli teken har du eit stort problem. Sjå neste punkt:
Kollektivtrafikken er ganske ok i byane men utanfor er den elendig. Alle bussane går innom stasjonen i sentrum, og då tek det lang tid. Trafikkorkar er eit velkjend fenomen.
Ungdom oftast går heim frå bytur i 12-1-tida og drikk vesentleg mindre, og når dei drikk føretrekk dei oftast ”spritz”, ein slags italiensk rusbrus trur eg.
Det er forferdeleg mykje innvandring frå austlegare land som Albania og Romania, og desse utgjer dei lågaste samfunnslaga. Det finst studentar frå desse landa òg, eg vart kjent med nokre av dei, men veldig ofte held dei seg til meir lyssky aktivitetar. Det er jamvel mange frå Afrika, dei er ikkje akkurat meir lovlydige…
Italienarar er jamt over ikkje særleg sterke i engelsk. Nokre av dei snakkar ganske ok sjølv om uttalen er gebrokken så det held, men mange er særs dårlege. Ein kan velje mellom fransk og engelsk som framandspråk i skulen. Sjå dessutan neste punkt.
Dubbing av utanlandske filmar og program er heilt nødvendig i Italia, eller skjønar ingen noko som helst. Ikkje eingong Simpsons får vere i fred, og for ein som er vand med å sjå det på originalspråk er det direkte forstyrrande. Til og med når dei unge set på ein DVD vel dei italiensk audio. Ja, jamvel the Osbornes hadde italienske stemmer. Det forklarar nok i stor grad kvifor dei er såpass svake i engelsk, og vice versa.
Bruk av mobiltelefon kostar tre gonger så mykje som i Noreg.
Det er mindre kaffidrikking, i den forstand at ein berre drikk espresso, som jo er krutsterk og kjem i små mengder. Det er fort gjort å hiva i seg mange koppar i løpet av ein dag, men det blir ikkje mange desiliter uansett.
Italiensk fjernsynsunderhaldning er noko av det dårlegaste som finst.
Italiensk populærmusikk er, som i dei fleste land, heilt forferdeleg. I Italia er det romantiske hjerte/smerte-balladar som er det store, ikkje akkurat noko overrasking. Nesten alle, både damer og herrar, set stor pris på denne musikken og tek seg ikkje fem eurocent for å syngja høgt på dei mest upassande tidspunkt og stader. Dei som ikkje likar slik musikk likar som regel skandinavisk metall, og det er stas. Noreg har særdeles høg status i Italia slik sett.
Ein må alltid skilje mellom ”italiensk” og ”dialekt”: dialektane kan variera svært mykje, også innbyrdes, og mange av dei har status som eigne språk. Grunnen til dette er at toscana-dialekta for lenge sidan vart vald som litterært språk (og på mange måtar erstatta bruken av latin) og dermed har vorte det offisielle språket for heile landet. Sidan undervisning og det meste av media er på italiensk tapar dialektane ofte terreng sjølv om dialektane står ganske sterkt, noko som til dels kan vera eit resultat av den tydelege skilnaden mellom italiensk og dialekt, til forskjell frå situasjonen i Noreg. Dialekta i Padova heiter ”veneto” og er ikkje akkurat ein fryd for øyret. Men det finst verre.
11 august, 2007
Åtvaring!
10 august, 2007
Alt er som før + at eg er forbanna

01 august, 2007
Tilbake på jobb
26 juli, 2007
Fingøøø!!

19 juli, 2007
Approdato a Bergen

Eg venta i halvannan time før eg reiste vidare til Bergen og det var overskya heile vegen. Som forventa, altså. Vel framme henta eg bagasjen min og venta i ein halvtime på flybussen utanfor flyplassen i 15 varmegrader og overskya vêr. Det var heilt greitt, eg har sakna den friske lufta sidan eg reiste, omtrent. Så tok eg bussen til Gyldenpris der Henriette venta på meg. Medan eg dusja av meg 12 timar med reising lagde ho steikte pølser og potetstappe (eg har vore underernært på poteter i lang tid) og det smakte jævlig bra.
15 juli, 2007
Meg som turist
Før me åt var me i kaiområdet. Der låg det mange digre seglskuter og nokre av dei kunne ein til og med vitje. Det var vel 6-7 slike store seglskip frå forskjellige nasjonar, eg trur det er noko som foregår om dagen, men det foregår såpass mykje her no at eg har ikkje brukt hovudet mitt på det. Eg tykte det var interessant å sjå på skipa og korleis dei representerte sine respektive nasjonar, for det var mykje skilnader ute og gjekk. Me var ombord på eitt: det var italiensk og dei spelte slek amore-ballade-drit som eg har fått overdose av under opphaldet mitt i Padova. Skipet ellers var flott, det. Ved siden av låg eit spansk og enda eit italiensk skip, og så kom me til ei skute som skilde seg kraftig ut. Den var frå Ecuador og på dekk var det støyande livemusikk og bånn måk dansing til mellom-amerikanske rytmar. Eg er ikkje glad i slik musikk og heller ikkje dansing, og heile skuta verka som noko jalla greier, ei slags sigøynarskute (om eg skal kalla det noko, eg er vel vitande om at sigøynarane høyrer Sør-europa til). Ved sidan av låg den rake motsetninga - ei russisk skute. Der var det ingen på besøk ombord. Matrosane stod og stirra tomt utover land frå rekkverket (eller heiter det ripa?) og det var ikkje mykje som minna om festen på nabobåten. Personleg hadde eg vald den russiske båten om eg måtte velje å gå ombord i ein av desse to. Den siste båten var nederlandsk og svært uformell. Ingen overraskingar der heller, altså.
Eg la kameraet att heime denne kvelden og det er fortærande. I dag tok eg det med når me var oppe i ein park over byen, designa av den genierklærte (og vel så det) arkitekten Gaudì. Den var stappfull av turistar, men den var fin likevel. Kva som skjer i kveld veit eg ikkje, men det blir ikkje særleg seint for Vigdis må på arbeid i morgon og dessutan går flyet mitt 12.30. Eg minner og om at eg ikkje er å nå på mitt italienske nummer lenger. No skal eg krangla til meg ein boks leskande tonic water.
Redigert: No var eg nær ved å gløyme gårsdagens store hending!! Etter ar me hadde komme oss tilbake til leiligheita sjekka eg eposten min medan Vigdis vatna blomane på terrassen (bostavleg tala, altså) og Gemma gjorde eit eller anna. Etter kvart vart me merksame på at det var eindel støy i trappeoppgangen (leiligheita ligg i 4. etg) og nokon prøvde å ringje på utanfor leiligheita under, og det mange gonger. Etter kanskje 10 min. ringte det på her oppe og Gemma åpna. Det var ein flokk brannmenn. Ho slapp dei inn og fire brannmenn og ein politimann masjerte resolutt ut på terrassen og lempa utover tau og klatreutstyr. Dei skulle klatra ned til leiligheita under, fordi ho som bur der ikkje gav teikn til liv. Det var sonen som hadde ringt. Sekund før den eine skulle klatra over og fira seg ned vart det heile avlyst: dama under kom heimatt i grevens tid. I etterkant fekk me vete at sonen, som hadde ringt politiet fordi han var uroleg for mora, budde to minutt unna og hadde nøkkel til leiligheita. Og det var det heile.
14 juli, 2007
Bellede

Temperaturen i Barcellona
Torsdag kveld var det grilling på verandaen her. Det var bra grillmat, det må eg seie. I går var eg og Gemma på tur og såg ei kyrkje som var påbegynt i 1882 men enno var langt frå ferdig. Slik går det når fagforeininga får styre løpet. Sagrada familia heitte kyrkja. Den var fin, iallefall på innsida. Så gjekk me til det gamle sjukehuset, og det var flotte greier det òg. Så returnerte me. Om kvelden gjekk me ut og tok trikken til havneområdet, som var OL-landsby for 15 år sidan om eg hugsar korrekt. Så åt me tapas, det var snadder, og så var det heimatt. I dag er det roleg og i morgon veit me ikkje enno: det er ikkje tradisjon å planleggja ting her nede. Måndag er det hutt heimatt, flyet går allereie 12.30.
12 juli, 2007
Italia -> Spania
Frå Milano tok eg flybuss til Malpensa, der strena eg inn og sjekka inn bagasjen. Alitalia tillet som SAS 20 kg bagasje. På veg ned vog kofferten min 16 kg, og når eg leverte kofferten denne gongen vog den pinadø 26,5! Eg veit godt at ein regelen seier 8 euro for kvar kilo overvekt og var allereie i gong med å tenkje ut kva eg skulle kaste, men dama i skranken sa ingenting og dett var dett. For å vere på den sikre sida vurderar eg å kvitta meg med enkelte ting før eg reiser vidare, men det tar eg seinare. Etterpå dinerte eg på flyplassen, tok ein kaffi, leita i ein halvtime (!!) etter toalett, og etter ytterlegare venting tok eg flyet til Barcelona. Grei tur, fin utsikt, eindel turbulens og gratis mat! På flyplassen i B. måtte eg leite nokså lenge for å finna ut i kva terminal bagasjen havna, og etter bagasjen møtte eg tante Vigdis og Gemma. Vigdis hadde eg ikkje sett på 10 år. Me tok tog til leiligheiten deirast som ligg ikkje langt frå Torre Agbar i ein fin del av byen. Eg fekk mat (etter bestilling). Dei har ein katt som heiter Sirius, ein hankatt med traumatisk fortid som hatar menn og det inkluderar dermed i høgaste grad meg. Eg sov på rommet der sandkassa hans tidlegare stod og har dermed trengt meg inn på hans territorium og det er upopulært. Resultatet er at eg må totalt ignorera han. Får me augekontakt går han til angrep. I dag tidleg sat eg i stova og sjekka epost. Så kom han snikande opp i sofaen ved sidan av meg, tilsynelatande med gode intensjonar. "Pus-pus-pus" sa eg, og han reagerte med å hogga etter meg og hvesa som eit punktert dekk. Eg måtte bokstavleg talt springa vekk og ropa på hjelp. Men så lenge eg ignorerar går det greit.
I dag var Vigdis på jobb og eg og Gemma tok ein rundtur i Barcelona sentrum. Det er ein av dei finare byane eg har vore i (men ingenting slår St. Petersburg), og metroen er rein som eit privatsjukehus. Gatene også, stort sett. Me såg på diverse ting som eg ikkje heilt kjem i håg no, men som eg har teke bilete av, og det til gangs. Utpå ettermiddagen sette eg og Gemma oss på ein uteservering for å ta ein kaffe. Medan ho bestilte såg eg gjennom biletene på kameraet, og då kom ei særdeles godt påsegla dame (av den typen som ikkje er så nøye på utsjånaden men heller prioriterar det å få seg noko å drikke, om de skjønar) og spurte om eg hadde ein sigarett. Dette er noko eg har resonnert meg fram til i etterkant. Eg forklarte på italiensk-spansk at det hadde eg ikkje, og da heldt ho eit valdsamt leven og påstod at eg hadde fotografert ho og dei forfylla rennesteinskollegaene hennar, som om eg under nokre omstendigheiter liksom skulle ha interesse av å foreviga ein gjeng søreuropeiske drankarar som aldri har sett ein tannkost utan emballasje og som har drukke større mengder rein sprit enn eg nokon gong kjem til å drikka vatn. Ho fekta med armane og peika og prøvde å gripa etter kameraet på eit tidspunkt, men eg utkonkurrerte ho lett når det gjaldt bevegelegheit og koordinasjon. Ho resignerte litt og når Gemma kom gav ho opp, men slengde frå eg eit par kraftsalver før ho gjekk tilbake til murveggen sin der kollegaene hennar sat. Me drakk kaffi og tok det med ro før me returnerte til leiligheiten. No har vertane mine teke siesta, og eg har skrive blogg. I morgon skriv eg meir.
10 juli, 2007
Siste dag
I går var det ein såkalla laurea her, ein muntleg fremleggjing av noko som tilsvarar ei bacheloroppgåve, med påfølgjande feiring. Dette har eg vel nevnt før, men eg kan godt gjenta meg sjølv: når ein universitetselev fullfører denne oppgåva og dermed den treårige graden (triennale) får han/ho tittelen dottore(ssa) og det vert feira dugeleg med familie og vener. I tilfellet i går var det ei som bur her som heiter Debora som framførte oppgåva si i psykologi om behandling av narkomane, og me var ein heil gjeng som såg på framføringa. Ho var visst så nervøs tidlegare på dagen at ho bokstavleg talt var sengjeliggjande, men det gjekk over. Ho gjorde det forøvrig sterkt og fekk 110 i karakter, det er altså toppkarakter på treårsgraden. Det må ein vera nøgd med. Etterpå var det uhyre mykje hyling og kauking medan prosessjonen bevegde seg til eit slags offentleg parkområde nær der me bur. Der måtte ho i alles åsyn kle av seg finstasen og ta på seg ei ku-inspirert drakt som var alt anna enn flatterande. Ved desse markeringane har vener, med hjelp av familien og slik, skrive eit såkalla papiro, eit stor oppslag med ein karikaturteikning, heller ikkje den særleg flatterande, og eit langt dikt på rim som omhandlar studenten, ikkje akkurat flatterande den heller. Ho måtte sjølv lesa høgt opp det som stod på den med ei flaske i handa med eit eller anna sterkt jævelskap i, og når ho las feil (og det gjorde ho ofte) måtte ho ta seg ein dugeleg støyt. Lesinga vart stadig dårlegare, sjølvsagt. Og plakaten var lang. Alle fekk ein kopi, eg har min i bagasjen (for analysering). Etterpå vart ho dynka i mjøl, rå egg og tomatsaus, og om ho ikkje var på sitt mest elegante frå før vart ho ikkje betre av dette. Eg må berre for ordens skuld leggja til at dette er heilt normal feiring blandt studentane her nede. Tre år med hard utdanning og dette er det ein får igjen. Slik er Italia, ikkje rart det er tog-/drosje-/fabbrikkarbeidar-/etc.-streik annankvar dag her nede,kanskje...
Etterpå var det bespisning med familien i hallen i 2. etasje, og frå klokka ni var det fest for alle. Me var ikkje så frykteleg mange, men det er jo eksamenstid. Musikken var høg og støyande og ikkje minst dårleg, og eg tok ein time out. Eg kom tilbake i 11-tida og då var det mindre dansing og meir prating, noko som jo passar meg mykje betre. Eg åt litt fingermat, som det jo heiter, og hadde det kjekt. Klokka 1, ein time på overtid, måtte musikken skruast av av hensyn til andre bebuarar (faktisk) og alle hjalp til med å rydda. Inkludert meg.
I dag har eg vaska tre klesvaskar og vaska rommet mitt ganske bra. Direktøren var innom og godkjendte rommet. Han fekk postkortet med viking-motiv frå Aurland som eg fekk tilsendt frå Tanna, han likte det så godt. Eg har og pakka kofferten no og eg håpar at den ikkje er for tung. Den veg iallefall ein heil del. Eg har litt plassproblem så eg trur faktisk eg må leggja igjen eit sengesett eg tok med heimefrå. Synd, men slik er det. Eg har og lest ut den evinnelege boka eg har slite meg igjennom. I morgon på toget (som går klokka ni) skal eg byrje på ei anna bok som eg trur eg kjekkare. Den vart anbefalt og greier. No i kveld skal eg berre slappa av og ta meg ein dusj, eg luktar kjemiske vaskemiddel, kjøpa meg ein pizza ute og henga utanfor og ta farvel. Mange tek lett til tårene her nede, emosjonelle som dei er, så eg er spent på responsen når eg takkar for meg. Det skal de få rapport på seinare. Fint opphold har det jo vore uansett. Eg blir fortalt at denne studentboligen er utan tvil den kjekkaste og mest sosiale, slik sett veg det godt opp for dei noko umoderne fasilitetane og intenettet som er på 1995-nivå.
Eg skal forresten leggja til ein liten ting: i forigårs tok eg pause med mp3-spelaren min, eg dreiv og leste i den tidlegare nevnte boka for å bli ferdig med den, og då høyrde eg lyden av sirener. Det er vanleg at ambulansane flisar forbi heile tid, men det verka som om denne hadde stoppa utanfor. Eg gjekk ut på gangen og stakk hovudet ut, men såg berre ambulansen som køyrde vidare. Eg brydde meg ikkje meir med det. I går fortalde ein at utanfor kebab-sjappa over gata her, eg har faktisk kjøpt både kebab og pizza der ein del gonger, var det to marokkanarar som hadde kome i munnhoggeri, og den eine hadde køyrd ein kniv i magen på den andre. Det forklarar ambulansen. Det er ikkje noko som foregår ofte her i strøket, det må dog seiast.
No skal eg ut og handla meg litt mat og prøva å gje vekk resten av tinga mine som eg ikkje vil ta med heim: eit par rullar teip, knivar og gaflar og skjeier, ein kilo salt og eit dørslag. I morgon er eg i Spania.
08 juli, 2007
Eg kjem ikkje på ei overskrift
No som eg no nærmar meg slutten på opphaldet her har eg byrja å leggja planar, noko eg anser meg sjølv som ganske flink til. I morgon skal eg på stasjonen og kjøpa togbillett, slik at eg har fått gjort det. Eg vil reisa ca. klokka 9 slik at eg er framme i Milano 11-halv 12. Så må eg ta flybussen til Malpensa i omtrent ein time, då er klokka maks halv 1 pluss ein halvtimes slingringsmonn: me seier 13. Så sjekker eg inn og leverer bagsjen, og flyet går 15.30. Om eg må vente eindel går det greit så lenge eg har ei bok å lesa i. I Barcellona skal eg etter planen vera klokka 17.05, og sidan det er Alitalia eg reiser med og ikkje eit billig RyanAir-type-selskap med flybillettar til 1 euro (dei finst ja) så reknar eg med at dette faktisk er realistisk, sjølv om eg jo befinn meg i sør-Europa. Her er alt relativt, særleg trafikkreglar og klokkeslett. I morgon altså togbillett og litt sortering av ting. Kanskje skal eg kasta klede som eg burde kasta, eg må uansett fornya garderoben når eg kjem heim. Kle er omtrent like dyrt her nede som i Noreg så eg gidd ikkje fylla kofferten før eg reiser. Ikkje likar eg å handle klede heller, det er kanskje ikkje eit ukjent faktum. Ellers er det berre å ta det med ro og prøva å lesa ut ei bok eg er lei av.
Tirsdag skal eg vaska rommet mitt og få det inspisert av stutt-tjukken som er direktør her, eg reknar med det skal gå greit, og pakka alt skikkeleg og generelt henga omkring og gjera lite. Eg har ikkje tenkt å koka meg mat sjølv her nede før eg reiser så eg vurderer å hiva kjøkkenutstyr allereie i kveld. Det er jo innkjøpt på marknaden her nede og er så billig og ubrukeleg at det ikkje dug til anna enn å havna i containaren uansett. Dei to siste dagane blir det mat ute. Onsdag går eg herfrå i 8-tida. Då har eg ein time på meg til fots med bagasjen (med hjul på) og det er dobbelt så mykje som eg treng. Det kan vera greitt å ikkje stresse. Eg skal stoppa på ein kjekk og særdeles autentisk matvareforretning borti her og kjøpa meg eit slags smørbrød som dei lagar for to euro. Det er utruleg snadder, eg planlegg å eta det på toget. På toget skal eg og lesa bok, og får eg lyst til å høyra på mp3-spelaren min så gjer eg det og. Eg må berre passa på at det er batteri nok på den. Om kvelden er eg hjå tante Vigdis i Barcellona. Eg satsar på at det ikkje er så høg luftfuktigheit der som det er her, byen ligg trass alt ved havet. Kva eg skal gjera der er ikkje godt å seie, men Vigdis har vel forslag nok. Eg skal ta bilete som ein idiot også her. Eg blir til måndag føremiddag, då reiser eg med SAS til Oslo og vidare til Bergen. Det blir faktisk fyste gong eg flyg over Lærdal, så eg reknar med at det kjem til å vere overskya. Såpass kjenner eg mi eiga flaks. I Bergen skal eg bu hjå Henriette til eg får det for meg at eg skal til Lærdal att, men eg returnerar garantert før den 30. juli. Då skal eg nemleg jobbe på Tristkontoret. I løpet av denne tida skal eg og bestilla meg ein bærbar pc som vil komma til nytte når eg byrjar å studera att. Det er forresten ikkje lenge til: eg har infomøte den torsdag 16. august og eg byrjar med forelesningar allereie måndagen etter. Infomøte trur eg at eg drit i, for å vera heilt ærleg. Det er sjeldan ein får noko veldig stort utav det som ein ikkje kan få orden på seinare, dessutan er eg sett opp på vaktlista heile den veka så eg har orsakingar nok. Så er eg tilbake i Bergen att. Problemet er at eg sannsynlegvis må skaffa meg hybel, men det gidd eg ikkje bry hjernecella mi med no. No skal eg derimot ta meg ein dusj og eta litt pastarestar og lesa bok, og vera godt nøgd med å ha skrive tre lange avsnitt utan eigentleg å ha noko å fortelje.
...Eg kom nettopp på at eg faktisk har noko å fortelje, om enn ikkje noko stort. I går var det ei som bur her som hadde 24-årsdag, og det vart feira av alle som var innanfor rekkjevidde. Eg kom ned i 1. etasje i rett tid, får ein seie. Eg fekk heimelaga tiramisù-kake og brus og alt. Sånn, det var alt.
07 juli, 2007
Eg har vore på tur att!
Å komma seg frå A til B her nede går uhyre mykje fortare enn i Noreg fordi dei har Autostrada her. Dessutan er dei ikkje skvetne i trafikken. Fartsgrensa på Autostrada'en er 130 om eg hugsar rett. Mattia låg kanskje 20 km/t over fartsgrensa og vart forbikøyrd opptil fleire gonger. Eg sat med ope vindauge og tok bilete av absolutt alt mogeleg (for dei som vil sjå er det berre å kjøpa småkaker og komma på besøk fom. slutten av juli. Obs: ikkje FirstPrice-småkaker, då er det hutt ut!). Me køyrde i høg hastigheit i minst halvannan time og så tok me av og køyrde innover i nokre dalstrøk. Minna til dels litt om Gudvangen men fjella var høgare og det skremde meg nesten. Me passerte ein by som heiter Belluno, og køyrde oppover i fjellheimen. Det var flust av fjellandsbyar oppover der, folk tek seg ikkje fem øre for å busetje seg på 2000 meters høgde. Folka som bur her ser litt ut som fjellfolk, eg angrar på at eg ikkje snikfotograferte ein som stod i ein daglegvareforretning. Han hadde slagstøvlar, beige og alt for liten kjeledress, kulemage, bustete koste-bart og null tenner! Her kjøpte me kjøttpålegget: er det godt nok for han i beige kjeledress er det godt nok for oss og. Mattia valde ut tre typar kjøtt som me fekk oppskåre i løvtunne skiver. Eg har ikkje peiling på kva det var. Så køyrde me vidare til neste landsby, og då kom me på at me måtte ha brød. Men då var alle butikkane stengde, slik som er vanleg i Italia mellom 13 og 15. Fortærande. Me hadde ikkje anna val enn å køyra vidare utan brød. Me stoppa ved eit par små høgfjellshotell og spurde om me kunne kjøpa brød, men svaret var resolutt nei.
Til slutt dreit me i det og køyrde til toppen av fjellpasset, Passo di Giao, som ligg på 2300 meter og noko. Det var utruleg fint der, utsikta har eg dokumentert godt med kameraet mitt, ikkje ver redde, men det var litt mange motorsykkelturistar der. Utelukkande nederlendarar og tyskarar. Det var ein liten kafè der, men dei selde mat og øl til blodpris så det var daufødd å be om å få brød der. Me åt ein pakke med fylte sjokoladekjeks og såg på tyske småungar som plaga foreldra sine, og så kom me på at me hadde ein melon i kjølebagen! Dermed vart det melon og skinke, og dei som har ete det veit at det er godt, samt grisete. Det var eit gilde utan like. Eg forstod endeleg kvifor Mattia alltid har ei skjærefjøl og ein kjøken-foldekniv i bilen. Etterpå køyrde me nedover mot neste by: Cortina.
Vegen ned dit var grusomt svingete, og hadde det ikkje vore for at eg tok meg ein tablett mot kvalme før eg reiste hadde eg vore oppi den italienske fjellheimen enno. Køyrestilen til Mattia er ikkje tilpassa dei som har lett for å bli bilsjuke. Cortina er ein fin fjellby, men nokså pampete. Det er stort sett skientusiastar med feit lommebok som bur her, men så er det jo ein OL-by. Eg såg hoppbakken og alt. Her nede fekk me kjøpt brød, endeleg. Eg har forsåvidt gløymt å nevna språket i dette området me køyrde gjennom. I tillegg til italiensk og tysk herskar ein lokal dialekt, på same måte som i veneto, men den er heilt anleis. Det er lett å sjå på skilta som hadde stadnamn i to versionar. Men Italia er fullt av sjølvstendige og uforståelege dialektar. Veneto-dialekta blir forresten snakka heilt inn i Slovenia og til dels på Balkan, visste de det? No var me i fjellområdet og her er det eit slags fjellspråk, medan veneto er eit kystspråk kan ein seie. Når me hadde handla inn brød og eg hadde fått teke bilete køyrde me vidare.
Me køyrde ei sløyfe og endte opp att i Belluno. Her køyrde me til ein stad som heiter Longarone. Denne landsbyen vart på 70-talet teken av ei enorm flodbølgje ei natt, som eit resultat av eit valdsamt steinras som endte opp i ein demning, Vajont-demningen, som ligg bokstavleg talt over landsbyen. Heile byen vart utsletta, det var ikkje så mykje som eit husdyr igjen. "Bakdelen" av denne flodbølgja traff sågar ein liten fjellandsby som ligg eit par hundre meter i høgde over demningen, så ille var det. Her vart og mange skylde vekk av vatnet. No bur det ikkje meir enn eit par gamle personar der og byen ser ut som om tida har stått stille sidan før krigen. Eg tok bilete som ein idiot her oppe. Etterpå tok me ein matauk som var av dei sjeldne, og etterpå køyrde me tilbake til Padova att. Trass i Autostrada'en tok det to timar herfrå, og når eg omsider var heime oppdaga eg at eg hadde vore på tur i ca. 10 timar, stort sett i bil heile tida. Eg var fysisk sliten, svært svolten, og før eg la meg oppdaga eg at eg var blitt solbrend gjennom bilvindauget. Festleg. Eg la meg før midnatt og eg trur eg somna før midnatt og. No har eg dusja og stelt meg og føler meg som eit nytt menneske.
Kart over reiseruta, iallefall ein veg...
Wikipedia (engelsk) fortel om Vajont-katastrofa. Kos dykk.
04 juli, 2007
Posten SKAL fram!
Dama hadde eit uttrykk i anletet som ikkje kunne tolkast på norsk som noko anna enn "herregud", og så forklarte ho meg at "slike pakker kan ein ikkje senda, ikkje i den storleiken og det heile, ein må bruka ein annan godkjent emballasje og slikt, det er i det heiletatt eindel stress. Om du då ikkje skal senda den til utlandet, då er det enno verre".
"Den skal faktisk til utlandet..." sa eg, og ho svarte med eit stooort "huff".
Så henta ho ei stor gul pakkøskje som eg putta bøkene i etter beste evne. Pakka vog 15,6 kg, så eg plukka ut tre bøker for å få vekta ned under 15 kilos-grensa og spara litt peng. Etter eindel om og men fekk eg stabla bøkene fint oppi, men avis-dempinga og det heile måtte eg drita i. Ikkje kunne eg henga på ein lapp om at pakka skulle behandlast fint og ikkje snuast på heller, då måtte eg vera fast kunde eller noko sånt. Greitt nok. Så måtte eg velje sendemåte, og den dyraste måten valde eg vekk. Då tek det 2-3 dagar og eg har ikkje hastverk. Eg brukte 5 euro på å senda den med flypost istaden for med tog, for togposten er grusomt langsam. Eg spude faktisk kor lang tid det ville ha tatt og ymta frampå med 2, kanskje 3 veker? og då lo ho faktisk litt. Det var fly ja. 15 kilo med bøker med fly frå Italia til Noreg kostar 64,62 euro inkludert ei gul pappøskje som er godkjent av postverket, og det er litt meir enn eg rekna med. For dei som ikkje er euro-vande vil det seie omtrent 500 kroner. Eg er norsk, så for meg er jo dette småpeng, men likevel...
No skal eg ut og eta is med Frida frå Sverige. Eg anar torden i anmasj så eg må hiva meg rundt. Turen i dag vart utsett til i morgon.
02 juli, 2007
Fjelltur igjen
Me køyrde først på Autostrada til Vicenza, ein av nabobyane til Padova. Fin stad med litt meir fjell og eg har fjell-abstinens no så det passa meg brillefint. På Autostrada'en kan ein køyre i heile 130 km/t, men Mattia la på litt til. Han er jo italienar. I Vicenza (provinsen, ikkje byen) køyrde me til ein by som heitte eit eller anna med Grappa. Her produserast det mykje grappa, det er ein brennevin av druesteinar som visstnok er god, men det har eg ikkje tenkt å finna nærmare ut av. Me fann eit grappadestilleri-museum med gratis inngang, og eg tok bilete av nokre heftige destilleringsapparat, så avanserte at ein må til Valdres for å finna tilsvarande. Dette området var eit godt herja område under 1. verdskrig og eg fotograferte hus med 90 år gamle kulehol i veggane. Skal sei tida flyr. Etterpå køyrde me til toppen av eit fjell der det var eit krigsmonument av dei heilt store. Fjella her stod ikkje tilbake for mykje eg har sett i Noreg, det minna litt om Gudvangen, men det var sanneleg ikkje heilt det same (det var for mange hus i området). Vegen opp var eit helvete, den bukta seg i alle retningar og dette slår fjellvegen over til Aurland med mange poeng. Eg måtte be Mattia om timeout to gonger for å samla krefter, siste gongen var ganske nære monumentet. Då var me på nesten 2000 meter og trur de sanneleg ikkje me såg skodda og uværsskyene komma sigande over toppane i ei helsikes fart. Me køyrde vidare og køyrde beint inn i ei tåke som var så tett at eg aldri i mine 25 år har vore vitne til noko som eingong er i nærleiken! Mattia måtte pent ta det med ro for det stod italienske mjølkekyr og prøvde å finna vegen heim midt i vegbana. Det var heilt drøyt, og når me endeleg var oppe på parkeringsplassen nedanfor monumentet byrja det å regna slik som eg hugsar å ha sett det i Bergen. Då stod me midt inne i eit torevêr, gitt. Me vurderte å gå ut når det roa seg, men då kom det alltid ei haglskur som skremte oss innatt. Me var begge iført klede berekna på 35 varmegrader og høg luftfuktigheit og der oppe var det nokså kaldt, så me heldt oss i bilen og høyrde på Black metal ist Krieg-albumet. Symbolsk.
Etterpå roa det seg litt, sjølv om tåka ikkje forsvann, og me såg på monumentet som består av diverse systematiserte murar med graver i og metallplater utanfor som syner navnet og graden på soldatane. Nokre stader var det store graver, utanfor stod det "500 ukjente soldatar" og slikt. Eg tok ikkje bilete for det var ikkje ideelle forhold. Så reiste me nedatt. No kan eg ikkje skrive meir for eg må ta klesvaska. Onsdag skal me på tur att.
30 juni, 2007
Sør-amerikanarar (stort sett)
Etter ein litt døll laurdag, med Formel 1-kvalifisering (åleine) i kinosalen og ein telefonsamtale litt seinare på dagen som høgdepunkt, hadde eg sett meg ned for å lesa i ei bok eg kjøpte etter siste eksamen, ein slags premie. Den heiter Coraggio del pettirosso og er god men litt tunglest. Det skal eg ikkje gå nærmare inn på no. Eg vart avbroten av særdeles høg søramerikansk musikk og lukta av grillmat, og det var altså ein skokk (bokstavleg tala, ein skokk angjev ein mengde på 40, faktisk) søramerikanarar som festa noko eg ikkje har forstått kva er. Ein slags konfirmasjona, er det vel. Det er mykje rart som luskar rundt med kjeften full av filtersigarettar og ølboksar, ringar og smykker og pastellfargar og slikt. Ein gjeng sicilianarar har slege seg saman med dei, kanskje mest for å snylta øl, kva veit eg. På terassen utanfor, der me vanlegvis heng og drikk automatkaffi, satt ein liten gjeng bebuarar frå nord-Italia og rista på hovudet: musikken var i høgsaste laget og litt masande, og ingen var i stand til å studere i dette bråket. Og det er eit godt poeng: kvifor vert det arrangert slike ting på sein kveldstid midt i tjukkaste eksamensperioden?! Desse italienarane fortalte meg forøvrig om at alt nedan for elva Po er utmark, ifølge dei som bur nordanfor, bebuarane kallar dei for terroni, eit slags semi-skjellsord. Det er vel litt som Finnmark er i Noreg, berre at området nedanfor Po utgjer over 50% av Italia. Eg har vore utanfor og prøvd å halda gåande ein samtale, men sambaen er for høglytt. Blir mykje diskant med alle desse trompetane... Eg har heller observert dei som går fram og tilbake og det er mykje 5 dagars-skjegg, kvite skjorter som er oppknappa ned til navlen og gestikuleringa held høgt nivå. Det er mogeleg at dei faktisk må ty til teiknspråk med den høge musikken.
No skal eg okkupera meg på rommet til sambaen og heiaropa har roa seg, og snakka litt i telefon. Kven veit. I mellomtida kan eg nytta høve til å minna om at det ikkje berre er her nede det er ordensforstyrring på høgt nivå: http://www.ba.no/nyheter/article2856924.ece
29 juni, 2007
Tigermyggen og sikadane
Eg har tidlegare nevnt at ein annan som bur her var uheldig og braut begge underarmane og måtte gå med gips frå under skuldrene og ned til fingrane. Det er no 70 dagar sidan. Han heiter Salvatore og er ingeniørstudent. Gipsen på høgrehanda forsvann etter 40 dagar, og i går var han på eit sjukehus eit par timar nord for Padova for å ta gipsen av venstrearmen og, altså over 2 mnd sidan han braut armen under ein fotballkamp (han ramla bakover og tok seg for). Dette hadde han gleda seg til som den ungen han er. Når eg i går kom midlertidig tilbake til Ederle, eg måtte jo komma tilbake etter lunsj for å gjera min eksamen som de jo kan lesa om nedanfor, var Salvatore nett attendekomen og han var ikkje blid. Han må gå med gips på venstrearmen i 20 dagar til, og det var han ikkje førebudd på. Han gjekk rundt i sirkel utanfor og røykte filtersigarettar og banna skikkeleg høgt på siciliansk. Det var nesten så eg tykte synd i han, men eg hadde eksamen å tenkja på. No er han derimot i godt humør att.
Avslutningsvis vil eg komma med ei oppmoding til folk som les dette og som jobbar med telefonsalg og liknande (sjølv om det kanskje er usannsynleg): venlegast gi faen i å ringja meg, iallefall med hensikt å selgja meg ting eller for å få meg til å bytta abbonnement eller faen veit. Eg gløymer ofte at mobilen med norsk mob.nr ligg her og tek imot samtalar, eg har nemleg skrudd av lyden ettersom det kostar meg 8 kroner berre å ta telefonen. Denne var tom for batteri førre veke og då lada eg den opp. I løpet av ei knapp veke har folk frå telefonsalg av diverse art (eg har sjekka nummera på internett) ring omtrent 10 gonger, minst 5 forskjellige nummer. Samt ein privatperson som har ringt feil (eg kjenner ingen på Lillehammer).