04 november, 2008

Installasjon

Det vil seie at eg no såvidt har installert meg i Piazza Scotti i bydelen Trastevere i Roma, og eg har vore så heldig å fått installert meg trådlaust nett som ein av naboane her eig, og det var litt over forventing. I utgongspunktet har me internett berre på instituttet, men å kunne nytta Skype etter klokka 21.30 er berre kjekt. Her og no er eg halvveges i koma, et kjeks med nostalgisk preg og drikk vatn med litevetta kolsyre i, medan eg følgjer presidentvalet i USA (sjølv om det eigentleg bryr meg akkurat der...).

Eg trur det mest omsynsfulle er å ta føre seg dagen kronologisk, mest av alt for mi eiga skuld.
Eg var i seng ved midnatt og vakna brutalt kl. 03.55 (deretter kl. 03.59 og kl. 04.10, for å vera sikker), stod opp og åt ein kjapp og ikkje altfor omfattande frukost, drakk kaffi og forbetra munnhygienen, før eg sa adjø og gjekk. Flybussen var eit kvarter forseinka. Eg hadde ikkje overvekt. Kjøpte meg sudoku-bok til flyturen (eg er god). Flyturen til København var overraskande fin, det vart dagslys ein gong mellom Bergen og Skagerrak, og det var ikkje verst å sjå. Eg kan rapportera om at høgareliggjande fjellområde i Rogaland og Agder-fylka er godt snødekte.
I Danmark var det eit par hakk keisamare, trass i fin flyplass. Eg fann meg til slutt ein dyr kafè der dei hadde frukosttilbod, rugbrød og "mælk", og ikkje altfor god kaffi. Eg betalte med euro, men fekk att veksel i danske kroner, 60 DKK. Eg prøvde å verte kvitt desse utan å vera direkte ufornuftig, men enda berre opp med ei dagsfersk utgåve av La Reppublica, italiensk riksavis som eg i skrivande stund ikkje har lese i enno. Flyet frå Danmark var 20 min forseinka. Turen var prega av ein god del turbulens. Eg var oppteken med sudokuen då dei nedsminka flyvertinnane kom forbi med mat-tralla si, og dermed fekk eg ikkje brukt dei 50 danske kronene på lunsj, for dei var effektive og såg seg aldri tilbake. Eg kom iallefall fram til flyplassen i Roma, men den er litt lei å orientera seg i, og då eg hadde fått bagasjen (og då eg vippa kofferten opp på hjula, kom der ein lyd som ikkje kom då eg gjekk heimefrå - ingenting var øydelagd, fann eg ut, men det var ei einaste røre inni) brukte eg ei god stund før eg fann ut kva tog eg skulle ta for å enda opp på stasjonen i Trastevere og ikkje på hovudstasjonen.
Vel framme i Roma sentrum tok eg taxi til Det Norske Instituttet og vart teken vel imot. Eg hadde inntrykk av at det var eit særs fint institutt, men eg hadde svinlågt blodsukker. Tok taxi til leiligheita eg er i no. Helste på to kunst-studiner som bur her òg. Fekk roa meg litt og skulle ut og handla meg etterlengta italiensk pizza, då torevêret sette i gang med ei slik styrke at eg knapt har sett liknande, det piskeregna og var lyn overalt. Eg måtte venta til det roa seg og gjekk og tok ut peng og kjøpte 800 gram pizza og ein cola (!) som eg fortærte på eit kvarter. Då var det kanskje 6-7 timar sidan eg hadde ete sist. Så gjekk eg ein runde og handla litt naudsynte ting, dusjesåpe og sjampo, samt banan og nokre småkaker eg åt eindel av i Padova og som eg har sakna sårt. I morgon skal eg følje dei andre til instituttet slik at eg lærer vegen av dei andre før dei reiser (småpikene reiser fredag).

No er klokka 21 og eg tenkjer på å ta kvelden. Slå den!

Ingen kommentarer: