09 november, 2008

Røvarkjøp

Desse røvarkjøpa hender titt og ofte, men det varierar korvidt det er kjøpar eller seljar som er røvar. I det siste verkar det som om det er eg som har gjort det kvast, men det gjenstår vel å sjå. Det byrja med her om dagen, trur det var fredag, då eg og Wilhelm, han eg deler leiligheit med for tida, var på veg heim frå instituttet. Ikkje så agaslaust langt frå der leiligheita ligg kom me over ein staseleg kaffibutikk, og det var ikkje småtteri dei dreiv med der. Dei brenn kaffien sjølv, ein kunne sjå eit svært kaffibrennarmaskineri bak ein glasvegg og ei halvgamal kjerring som dreiv og sysla med den. Lukta var særs fornøyeleg og dei hadde ein glasdisk med kaffihyller fulle av ferskbrend kaffi. Eg ville vera storkar og gjekk for dei dyraste bønene, dei som kosta € 1,60 pr. hekto, noko som vel mest er for spottpris å rekna, ein skal ikkje mykje ned i pris før det er like dyrt som Friele kaffe, og om nokon argumenterar for at desse kan konkurrera på smak skal eg personleg amputera smaksløkane på vedkommande med forskjærskniven som høyrer til leiligheita (og den er ikkje mykje skarp). Nok om det, eg kjøpte eit hekto i fyrste omgang og seinare komma attende og kjøpa meir om det fall i smak, og eg vil i høgste grad sei at det gjorde nettopp det, eg trur knapt eg har drukke noko meir velsmakande enn det her. Eg skal i morgon gå til innkjøp av ei artig liti kaffimaskin og leggja ut bilete av den.

Det var fredagens røvarkjøp, laurdagen gjorde eg nokre kjøp òg, men det var meir av ordinær sort: bøker. I dag var dagen for fleire røvarkjøp, eg og Wilhelm la planar dagen i førevegen. Eg var oppe tidleg til sundag å vere, og så inntok me frukost på ein kaffibar nær ein trikkehaldeplass. Så tok me trikken til ei gate som går langs vestsida av Tevere der det er marknad kvar sundag. Det er ei gate på godt og vel ein kilometer og er ikkje dårlegare enn Camden, sjølv om det er mange bodar som sel akkurat same skiten. Eg freista å finne meg ei setlabok, men trass i sikkert 10 bodar eller meir som selde slike fann eg stort sett dei same alle staden. Dette gjaldt ikkje alle bodane, eg fann sågar ei bod der dei selde bøker som var av det meir eksklusive slaget. Eg kika på ei som såg ut som den hadde vore igjennom nokre krigar, og riktignok, den var frå 1657. Prisen var € 250, så eg la den kjapt attende. Ein annan stad selde dei kaffikokarar og anna brukt (og reingjort) kjøkenutstyr frå 40-åra, men ikkje alt såg ut til å vera i forskriftsmessig stand så eg la ikkje att pengar der. Derimot la eg att peng i ein bod der dei selde brukte jakker, dressjakker og tilsvarande, eg fekk meg ei dressjakke som ikkje er av nyare dato men som ikkje er meir brukt enn at lommene framleis er sydde att. Denne kosta € 35, og det er bra. Eg kjøpte meg òg det styggaste slipset eg har sett sidan eg var på bingo i Ljosheim på byrjinga av 90-talet. Bilete ligg nedanfor.
Ellers kjøpte eg eit metallfilter til eine kaffikanna i leiligheita, den måtte bytast ut, og eit latterleg billig og lite kamerastativ, kva eg enn skal med det. No sit eg heime og et turre småkaker og drikk vatn, i morgon har eg tenkt å atter berika instituttet med mitt nærvær. Eg må og finna ein universitetsbokhandel, men det blir seinare i veka. Eg må spørja meg fram fyrst.

Eit utandørs reklameskilt eg tok bilete av, sjå om de ser kva som fanga merksemda mi
Eg tok eit bilete medan eg venta på trikken, slik ser det ut der
Her hang dressjakka eg kjøpte, no heng den i klesskåpet mitt
Ein bod med mopeddelar, rustningar, sverd, og desse kjekke skytevåpna her
Il gran finale: slipset eg kjøpte, sjå kor stygt det er då!

Ingen kommentarer: