Som tidlegare nemnt har eg fått tilbod om eit nytt studieopphald i Roma, med stipend og det heile. Det har eg høfleg akseptert, og pengane skal etter sigande vera på full fart inn på kontoen min. I dag fekk eg bekrefta plass i ein leiligheit der nede, og eg bestilte fly. Obs: SAS har i løpet av dei tre siste dagane prestert å dobla prisen på fly frå Bergen til Roma (via København/Oslo), så eg sparde nestan halvannan tusen på å lata Norwegian transportera meg. Så får eg berre håpa at dei ikkje er altfor stramme på bagasjevekt-reglementet sitt.
I Roma skal eg bu på den andre av dei to leiligheitene som instituttet eig. Førre gongen budde eg på Piazza Scotti, no skal eg bu på Via Spinazzola. Leiligheitene er vel mykje det same, men eg hadde føretrekt nabolaget eg allereie har vent meg til. Fordelen med Spinazzola er at den ligg mykje nærare trikken og ein park som er fin å mosjonera i, så det er greitt. Eg skal jobba med masteroppgåva medan eg er der, slik som sist, og får eg gjort like mykje som eg fekk gjort i november i fjor, kan eg sjå fram til ei rolig avslutning på utdanninga mi.
Ein annan ting eg skal ta meg av der nede er å etterlysa pakka med bøker eg sendte der nedanfrå i byrjinga av desember for den nette sum av € 56. Den har eg ikkje sett snurten av, og den har heller ikkje hamna på instituttet. Då må det vera lov å spørja seg om ikkje det italienske postverket er fullstendig inkompetent på det som skal vera den primære oppgåva deira: å senda ei pakke frå A til B. Det er nestan verre enn det norske postverket, og dei har eg slost med før. Den gongen vann eg, men kjenner eg Italia rett skal eg få arbeida hardt om eg vil ha att bøkene mine. Forbanna amøbar!
Om nokon ynskjer å leggja inn bestilling på kaffikokarar eller liknande, får dei ta kontakt. Eg veit at den napolitanske kanna mi fekk god omtale i visse kretsar heime.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar