Det er ein viss fare for at nokre kanskje har lese i Oslo-avisene og fått inntrykk av at det er mykje dårleg vêr sørover i Europa. Det finst vel dei òg som ynskjer seg til varmare strøk i desse vinterlege månader, og nokre få vil kanhenda reagera med harme over at eg får meska meg ved Middelhavet medan dei sjølve står til knes i ei blanding av snø og vatn og held på å frysa på seg brokk. Då kan denne linken til ei relativt påliteleg vêrmelding for Roma hjelpa på, for å be- eller avkrefta slikt:
Vêrmelding for Roma
I dag er eg på lesesalen som sedvanleg, men i morgon skal eg pakka og lada opp batteria (bokstavleg tala, ein reiser ikkje i nesten eit halvt døgn med flatt batteri på mp3-spelaren!).

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar