Overraskande nok har det ikkje skjedd noko spennande eller revolusjonerande her nede, så eg har ikkje noko valdsamt interessant å fortelje om. Det eg derimot kan tilby er små opplysningar av triveleg art som ein kan tenkja på og filosofera over, om ein ikkje har anna å gjera. Etter mi meining burde ein verkeleg ha betre ting å gjera enn det, men no er jo ikkje alle så nedgravd i bøker som eg er. Sympati mottas med takk.
For halvanna veke gjekk eg, som tidlegare omtala, på marknaden og kjøpte meg eit Bonsai-tre. Eit ekte eit, vel å merka. Skitbillig og ganske stilig. Det har vore i ferd med å daua i ei veke no, og no gidd eg ikkje vatna det eingong. Eg har leika med tanken på å potta det om, men det blir liksom litt for dumt. Først tenkte eg at det ikkje hadde godt av å stå inne på rommet heile dagen, fordi det er litt tørr luft innandørs og aldri så lite mangel på sol. Difor satte eg den utanfor vindauget mitt, og då daua den omtrent tvert. No ser den tusken ut, men det skal den få lov til å gjera. Eg skal plukka av alle dei små blada og la den stå på rommet mitt som eit slags skjelett. Det ser ikkje pent ut, men eg slepp å vatna det.
Samme dag som eg kjøpte bonsai-treet kjøpte eg meg ei slik kaffikanne som eg har heime i Noreg, berre i ein litt mindre og mykje billigare version. Det kunne eg verkeleg ha spart meg, for kaffien som kjem ut av den er så vond at eg kvir meg for å slå den ut i vasken. Det har sikkert å gjera med at den er billig og svært lite brukt, men eg trur mest av alt at det er fordi eg har blitt vand med italiensk krut-kaffi, og då smakar alt anna sølevatn. Uansett, den kosta 4 euro og det har eg råd til. Den skal få ein sjanse til på å laga noko drikkande, og hvis den mislykkast skal eg høgtideleg arkivera den i containaren.
Om ikkje utgiftene på kaffikanne og planter er så høg, har eg brukt eindel pengar på bøker. Eg er avhengig av å lesa noko på senga før eg sloknar, ellers sloknar eg ikkje. Eg har tidlegare lest romanar me har som pensum (eller anbefalt litteratur) i moderne litteratur-faget, og det har vore fornøyeleg, men eg har måtta kjøpe fleire bøker ettersom dei vart leste ut. Eg held no på å jobba meg gjennom den svært velkjende boka av Moravia som heiter Gli indifferenti, på norsk veit eg ikkje kva den heiter. Det er ein debutroman, forfattaren skreiv den som 18-åring, eg slit med å lesa den som 25-åring. Den er litt tunglest, men bra. Eg har tidlegare byrja å lesa Una vita av Italo Svevo ("Eit liv" på norsk), men den er rett og slett for tung og kjedeleg. Bøker i pocketutgåve kostar sjeldan meir enn 9-10 euro her nede (1 euro = 8,12 NOK). Til trass for all lesinga om kvelden har eg i det siste slite med å sovna, noko som gjer at eg har slite like mykje med å vakna om morgonen. Eg legg skulda på varmen.
Ellers har eg brukt kjøkenet til å laga meg middagar sånn av og til, som regel rundt klokka 18. Då er det folketomt der nede, eit par timar seinare er det overbefolka. Nokre har lurt på kvifor eg et middag så fordømt tidleg, og då har eg måtta forklart at i Noreg et me som oftast middag før kl. 18. Det vart motteke med undring.
Når det gjeld eting har eg byrja å gå innom fruktmarknaden i byen på veg heim om dagane, for der sel dei frukt som er både god og billig. Nam, nam. Særleg plommene fell i smak. Fordøyelsen min har sjeldan vore så bra som den er no. Jordbæra ligg eg derimot unna, sjølv om dei er skitbillige. Det smakar berre surt vatn uansett, og då er det likegyldig om ei korg kostar 5 kroner.
No har eg ikkje meir å fortelje, difor skal eg ut og handla mjølk og pastasaus. Etterpå skal eg lesa. Om nokon har spørsmål vedrørande italiensk lyrikk på 14-1500-talet er det berre å spørja. Koz.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar