20 april, 2007

Fleire diverse saker

I ettermiddag sat eg nesten åleine på "data"-rommet og leste sogn avis på internett, då ei som jobbar på erasmus-kontoret kom innom og lurte på om eg ville late meg filma i eit par sekund. Årsaka var at utvekslingsorganisasjonen Erasmus er 20 år i år, og alt eg skulle sei var "gratulerar Erasmus" på mitt eige språk, altså norsk. Eg forstod det sånn at det var andre erasmusstudentar som gjorde det samme. Uansett, eg lot meg filme og for andre gong på under eit år havna eg framfor ei kameralinse. Førre gongen var som kjent (eller ukjent) på turistkontoret i Lærdal der eg jobba i fjor sommar. Eg vart filma av eit tysk tv-team, i den grad ein kan kalle to personar eit team, medan eg stod bak skranken min. Fortset det slik kan Aleksander Zwart venta seg beinhard konkurranse om relativt kort tid. Uansett, eg uttalte dei to orda og det var det. Det heile verka temmeleg amtørmessig. Eg vurderte, i og med at dei som filma jo ikke kan norsk, å dra på litt og sei noko sånt som "Fingøøø ha slek .. eh, grattulera no rao, Rasmus!", men eg fekk meg ikkje til å gjere det. Viss eg vert filma i anledning 30 års-jubileumet lovar eg å gjere det.

Utanom dette opptrinnet har eg kjøpt blad i dag. Eg skal forklara nærare: mykje av studeringa mi her nede går for tida ut på å lese om gammal italiensk lyrikk, Dante og Petrarca og dei karane der, nyare italiensk litteratur, samt diverse bøker eg les på eige initiativ. Pluss eidel grammatikk og sånt. Eg vil nødig bli for finkulturell, det tek seg dårleg ut i Lærdal der det mest finkulturelle som har blitt observert er nyttårskonserten med Wienerfilharmonikarane (observere er ei overdriving her, folk søv under konserten for å greie å halde seg vaken gjennom nyttårshopprennet i Garmisch). Difor har eg altså kjøpt eit blad som heiter Oggi, som skal hjelpe meg med å bli mindre finkulturell og meir type grasrot. Eg skal forklara enda nærare: Oggi er eit slags kulturelt tidsskrift som vart etablert av ein italienar som heitte Longanesi. Kort fortalt var han ikkje berre forleggjar, han var den som i Italia introduserte og etablerte fotojournalistikken. Inntil då hadde tidsskrifta illustrasjonar istaden for foto, men Longanesi sin teft for grafisk design og sånt gjorde sitt til at foto vart brukt istaden, med stort hell. Dette la ting til rette for ein ny type journalistikk, nemleg fotojournalistikken. Og Oggi (som betyr "idag") var eit av tidsskrifta han grunnla. No veit me kva fotojournalistikk betyr i dagens samfunn, og framsida bestod av ei rekkje bilete av Berlusconi med unge og lettkledde kvinner. Dette prega også innsida av bladet, det viser seg at Berlusconi har vore på Sicilia på ein hemmeleg ferie der han hadde selskap av desse damene som var gamle nok til å vera barnebarna hans. Litt tarveleg tekst var det også til bileta. Einste forskjellen eg kan sjå på bladet Oggi og det for oss meir kjende Se & Hør er at sistnevnte har tv-guide bakerst (som jo er grunnen til at folk kjøper bladet), medan Oggi ikkje har det.

Eg kan også kjapt nemne kva som skjer her i helga: det store maratonløpet i Padova. Det betyr at all trafikk stoppar, og at museuma held ope gratis. Eg skal vera heime og lesa i morgon.

Ingen kommentarer: