Og ikkje så reint lite heller, har eg erfart. Med himmelhøge temperaturar (26 grader i skuggen i dag) treng lekamen min meir vatn enn heime i Noreg, der mitt inntak av vatn hovudsakleg kjem via kaffi. Og koffein dehydrerar så det skulle jo berre mangla at humoren ikkje blir litt turr. Her nede må eg drikka mykje meir vatn, og takk og lov så er det mykje billigare enn i Noreg. Eg veit ikkje om italienarane drikk vatn frå springen, men eg gjer det ikkje for alt i verda etter den no så famøse skjærselden eg var i etter turen til Russland.
Eg har iallefall sett meg føre å drikkja mykje vatn for å unngå den dundrande hovudverken ein får om ein ikkje gjer det. Eg er som ein Suzuki - som skapt for norske forhold. Det betyr at her nede må eg gå og supa i meg vatn heile tida. Det finst to typar vatn i butikkane, med og utan kolsyre. Eg held meg til sistnevnte, fordi det er litt sparsommeleg med kolsyra og det smakar litt, tja.. salt. Og det er forfriskande. Eg kjøper desse flaskene i halvlitrar, helst i ein sekspakning. Trur dei går for 2 kroner flaska, kanskje litt meir. Eg bankar lett nedpå fire-fem av desse i døgnet, og eg må ta toalettpause både titt og ofte for å kvitte meg med overskotet.
Her i dag oppstod det såleis ei lita krise: eg var praktisk talt tom for vatn. Klokka var då ca. 11 og eg hadde nyleg stått opp og ete litt, og skulle lesa om ein fyr som heiter Bembo og som daua allereie på 1500-talet etter å ha skapt ein slags språkleg standard i landet på den tida. Men han drit me i. Eg kjente at det pulserte litt inni hovudet og forstod at her var det bruk for vatn. Og sidan kjøleskåpet var tomt måtte eg ned i førsteetasje og kjøpa meg ei flaske på automaten der. Då viste det seg at eg ikkje hadde småpeng att, berre setlar. Automatane her i landet tek ikkje sedlar (men du verda som dei et myntar), og då hadde eg ikkje anna val enn å snøra skoa mine og stikka bort på ein liten butikk rett borti her som stort sett held ope heile tida, inkludert søndag. Denne søndagen var dog ikkje inkludert, og det passa meg uhyre dårleg. Difor gjekk eg likegreitt ned til sentrum for å ordna meg myntar og samtidig få meg noko som minna om frisk luft. Eg kjøpte meg ein is (kvit sjokolade og mørk nougat, fy faen), og gjekk heim med myntane. Vel heime henta eg meg to flasker frå automaten og drakk dei kjapt opp. Ei flaske i kvart kne. Etterpå gjekk lesinga greit, men gubbevaremevelkara så kjedeleg.
Seinare i dag, når eg hadde vore og kjøpt meg pizza på ei lokal pizzasjappe, oppdaga eg at den vetle butikken plutseleg hadde opna. Eg benytta sjansen og kjøpte meg ein seksretters. No skal eg på urinalen, og så skal eg leggja meg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar