25 april, 2007

Rrrrrrr....

Medan eg sat her og venta på at blogg-sida skulle lasta opp, sat overvar eg ein samtale med to spanjolar og ein brasilianar, sistnevnte klarar ikkje å uttale skarre-r. Det er vel noko språkleg heller enn talefeil, men eg studerar italiensk og ferdig med det. Forøvrig både skarrar og rullar dei på r-ane her.

Det er merkeleg kor mykje støv som finst i Italia. Hybelkaninane nærmast sprutar fram, dette er verre enn når eg budde i Nygårdsgata. Der var det ille, men her er det heilt sjukt. Kanskje fordi alle husa er laga av betong og ikkje tre? Det er no berre ein teori, men kanskje støv legg seg lettare på harde overflater. Eg er iallefall lei av å kosta annankvar dag, og kvar gong eg sleng teppet over senga mi om morgonen kjem desse abnorme fnugga flygande. No har dei byrja å blanda seg med nokre løvetann-lignande kvite fjon som svevar omkring i lufta og kjem inn gjennom vindauget. Og vindauget MÅ stå ope, for no er det farleg heitt her nede. Og fuktig, ikkje minst. Eg snakka med ein som er herfrå men som bur i Noreg, på msn. Han hadde høyrd frå familien at det var usedvanleg varmt her nede, mykje varmare enn normalt. I avisene blir det og via eindel stoff til dette, for det er lite nedbør og mykje varme og situasjonen er prekær. Dei store elvene har nesten ikkje vatn og kornet brenn seg. Dette blir spennande. Takka vere varmen klarar eg knapt å sova om kveldane, men det kan jo hende eg venner meg til det etterkvart.

Det er, uansett vêr og vind, nasjonaldag i Italia i dag. Eg kan ikkje sei eg har merka mykje til det og det er eg takksam for. Det einaste må vera at dei fleste butikkar er stengde. Eg sleit i gårkveld med å finna ut korvidt det er forelesningar på nasjonaldagen, for slikt blir jo feira i ulik grad. På lista over fridagar på universitetet sine sider stod det opplista fridagar, jul og påske og det der, men 25. april stod det ingenting om. Til slutt konkluderte eg med at det var forelesning, og på veg opp på rommet mitt spurte eg nattevakta. Han fortalte at nasjonaldag = sundag, og det var det. Eg fekk ein liten forelesning om kva nasjonaldagen betydde og, som rein bonus.

I dag har eg lese eindel. Litt utpå tok eg meg ein rolig spasertur i ukjent lende. Det var lite traffikk og varmt og jævlig på rommet. Eg fekk sjå eit par ting. Først kom eg over ein brannbil og nokre brannmenn som var i gang med å sløkkje ein grasbrann. Det tok eg bilete av.

Deretter fekk eg sjå den meir industrielle delen av byen med breie vegar og gode greier. Og ein heil del minoritetsungdom som såg rart på meg og ryggsekken min, eg byrja nesten å mistenkje dei for å ha lyst til å stele den. Eg gjekk på bestemt måte forbi dei og dei skjønte vel at eg var for tøff for dei. Så gjekk eg langs ei lita elv gjennom eit slags parkområde der eg tok meg ein pause og drakk vatn. På veg heimover, eg gjekk ein slags rundtur, kom eg til eit punkt der eg kunne velje mellom å gå langs elva eller over ein liten høgd. Eg valde høgda og der observerte eg to ungdommar med usunne haldningar som satt ved sida av vegen og lagde seg heroinsprøyter medan samtalen gjekk. Det var eigentleg ei ubehageleg rute å velje, for vegen var full av brukte sprøyter, slik at eg måtte passe på kvar eg gjekk. Omtrent som når ein går tur fram på dalen etter at Inge har slept ut kyrene sine, altså. Men eg vil heller planta dei kvite joggeskoa mine i ein stor drit enn å køyra ein brukt sprøytespiss inn i fakultet-til-fakultet-skoa mine!

Ingen kommentarer: