15 april, 2007

I dag er det sundag.

Ja det stemmer det, i dag er det sundag. Eg har ikkje gått i kyrkja, men eg har vore i kinosalen her på huset og sett formel 1-løp på storskjerm, slik me har for vane å gjera her. Det er umåteleg stas, og løpet var ikkje så verst heller.

Dagen byrja dog ikkje så storarta. Eg tillet meg å fortelje. Det har i den siste tida vore avvertert med små oppslag at på grunn av vedlikehald skulle elektrisiteten vera borte frå 6.30 til 12 i dag, derfor måtte ein liggja unna heisar og denslags. Ingen fare, i helgene er eg ikkje ute av rommet mitt før 11-12 uansett, og eg ville ikkje merka noko til denne mangelen på elektrisitet. Det eg derimot la særdeles godt merke til, var at når straumen forsvann byrja brannalarmen på huset å gå. Eg ser inga logisk samenheng, men eg har gått på almenn så kva veit eg. Det einaste eg veit er at lydnivået låg i grenselandet rundt 120 desibel og gjorde det vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg å sove. Eg brukte knappe 10 sekund på å konkludere med at det var brannalarmen som gjekk, og så byrja eg å kle på meg for å liksom evakuera, slik som me gjorde på barneskulen på Ljøsne (sjølv om me ikkje akkurat vart tekne på senga av alarmen dengong, ettersom ho Marit tilsynelatande umotivert byrja å knyta skoa sine 2 min før. Alle som var der hugsar dette). Deretter byrja eg å resonnera, og kom fram til at sidan klokka var fem over halv sju måtte det vera pga. dette straumbruddet. Dessutan var det tilsynelatande ingen som forlot romma sine og om ein ser bort frå den helsikes ulinga frå alarmen var det stilt og rolig. Derfor la eg meg igjen, men det kunne eg spart meg: klokka var nesten 7 når alarmen vart slegen av. Dermed enda det opp med at eg sov til klokka var omtrent tolv, og på den måten har eg ikkje berre teke att søvnen som eg missa i morgontimane, men også lagt ting til rette for å ikkje få sovne i kveld. Det å sovne er vanskeleg uansett, for no er det varmt her og hybelen min er som ein autentisk italiensk pizzaomn.

Apropos: no skal eg ut og kjøpa meg ein pizza frå ein liten og tilsynelatande små-shabby pizzeria som lagar den beste pizzaen eg har smakt. Dette meiner eg i fullt alvor.

Ingen kommentarer: