11 april, 2007

Venezia

Eg startar likegreit med eit bilete av tidlegare nemnte Wendeler-øl. Eg har ikkje planar om å drikka denne, dessutan er ikkje øl så dyrt at eg ikkje kan kjøpa og kasta (evt. gje vekk). Denne lekre boksen kosta 0,75 euro, altså 6 kroner.

Nok om øl. På mandag var det store planar om å reise til Venezia, som jo ligg ein liten halvtime med tog unna. Først på mandag slo tanken meg om at det også er påskeferie her i landet, og dermed har ting ein tendens til å vera stengt. Dermed vart turen utsett ein dag og istaden åt me is. Det er fordømrade godt.
Dagen etter, altså i går, reiste me til Venezia. Om eg skal beskriva byen med eitt ord må det bli oppskrytt. Visst var byen fin, og det var nærmast surrealistisk å sjå at halvparten av gatene bestod av vatn, og ekstra stas var det når eg såg blålys og ein ambulanse-båt kom putrande. Men!! og eg gjentek men!!! Det var så sjukt mykje folk der, i hovudsak amerikanarar som prøvde å uttala italienske ord med den amerikanske aksenten sin og tyskarar i bermudashorts og solbriller at det tok motet frå meg. Gata var stappande full av folk og alle hadde særs god tid, så om ein hadde vore styggeleg kaffitørst eller rett og slett måtte på ramma og gjera ein strøjobb kunne det lett ha gått ille. Kanskje hadde den vetle ambulansebåten komme tøffande og.

Eg skal ikkje lata vera å framheva det som var positivt, nemleg at det er ein fin og svært merkeleg by, og det er det absolutt. Ein av dei finaste bygningane i byen, som eg trudde var ei kyrkje, var faktisk ikkje mindre enn eit sjukehus... Bruene var og påkosta og fine og det var masse fine gater med sære butikkar. Små var dei og, butikkane.
Diverre var det for mykje folk (eg tør ikkje eingong tenkje på korleis det er når turistsesongen set inn) og det var sjølvsagt for dyrt. Det siste merka eg eigentleg ikkje så mykje til, for eg snakkar italiensk og kan forhøyre meg. Dessuten er det smart å gå dit italienarane går for å drikke kaffi. Byen er rett og slett alt for turistprega til at det faktisk verkar som ein by, det er meir som ei rekkje maleri ein kan vandre i.
For å konkludere: fin by, men ikkje interessant.

Eg tok sjølvsagt ein heil del bilete med kameraet mitt, men om eg får overført desse til pc-en er ei anna sak. Det hastar ikkje uansett. Om nokon skulle få lyst til å reise til nord-Italia og oppleve denne vidgjetne byen, kan eg komma med anbefalingar: hald dykk i Padova og ta ein dagstur til Venezia. Toget kostar 2,70 euro kvar veg (altså ca. 22 kr.) og etter 6 timar i Venezia er du så lei at du vil vekk fortast mogeleg. Pass berre på at du har peng nok til togbilletten heim!

Ellers er det lite å melda: forelesingane byrjar att i morgon; det er veldig varmt; eg har litt vondt i halsen.

Ingen kommentarer: