28 juni, 2007

Ferie!

No er det endeleg ferie for meg og, det var på høg tid og særdeles fortent. I dag hadde eg siste eksamen, C-modulen i moderne litteratur. Professoren var særdeles rundhanda, men eg trur han var litt beæra over at nokon frå utlandet ville studere ein sær italiensk poet som døydde allereie i 1907. Når eg valde faget var eg ikkje klar over at det skulle innebære så mykje turr diktanalyse, men eg rodde det heile mesterleg i land med karakteren 26. Gjennomføringa av eksamen ligg derimot nærmare strykkarakter frå mi side: eg kom klokka 9.30 som eg skulle og så gjekk han gjennom lista over frammøtte. Eg var nr. 23 og måtte gå heimatt for så å returnera etter lunsj, som varte frå 13 til 15. Trass i at det var ein eksamen verd 3 fattige studiepoeng tok professoren, som er ganske sympatisk, seg tid til å eksaminera kvar enkelt student i 20-30 minutt. Eg tykte det var litt i overkant men han får vel timebetalt og ein treng vel alle timane ein kan få når lønna er litt under halvparten av kva ein tener i Noreg. Kva skal eg gjere no, tru? Jau, eg skal reisa litt omkring både på eigahand og med min innfødde guide Mattia. Og eg skal lesa bøker i eit forrykande tempo.

Det er litt mindre varmt no, det gjer meg ikkje noko som helst og ingen andre klagar i overkant mykje heller. Skjønt, ein eg tok eksamen med i dag fortalte at han vakna opp med ei lett forkjøling i dag tidleg. Dei er meg nokre skjøre blomar desse søreuropearane. Ein ting som kom saman med varmen og som ikkje har forsvunne er sikadane. Desse bedritne skapningane held på å drive meg til vannvidd med den ubeskrivelege lyden sin. Det er heilt utruleg at insekt er i stand til å bråka så ille! Dei innfødde seier at ein blir vand med det men eg har langt igjen trur eg. No har eg heldigvis ikkje eksamenar å plagast med så det skal gå.

Ellers er det ikkje noko nytt å melda. Dei finske snøballane reiste heimatt i dag, om eg skal tru på rykta. Det var dett. Nok ei gong god bedring til ho tante: God bedring.

Ikkjeekstraordinær oppdatering:
Eg tok eit snikfoto under eksamen i går som eg prøvde å senda til meg sjølv på epost, men Italia og mobiltelefonar er ikkje stort å skryta av. No har eg fått ordna det, og slik ser det altså ut under ein muntleg eksamen ved universitetet i Padova. Merk dei dekorerte veggane, ikkje noko tull altså. Den vetle mannen med kvitt hår og usedvanleg runde briller er professoren. Biletet kan klikkast på, då vert det større.



Ingen kommentarer: