08 juni, 2007

Småting

Eg klarar ikkje tvinga meg til å dedikera ein halvtime i 30 grader framfor pc-ar som knapt fungerar så ofte, noko som resulterar i litt dårleg oppdatering her. Eg er ikkje meir skvetten enn at eg krev forståelse. Men så har eg jo litt meir å fortelje når eg først skriv her!

Den 5. juni, altså for tre dagar sidan, tirsdag, var det konsert i kinosalen/konferansesalen. Dit skal eg i morgon kl. 19 òg, då er det Formel 1 på storskjerm! No sporar eg av: konserten vart framført i hovudsak av studentar som bur her, men nokre andre også. Blandt desse ein eg studerer litteratur med. Eg skal beint ut innrømma at eg ikkje hadde dei heilt store forhåpningane til dette opplegget, for eg hadde høyrd på når dei øvde. Det er umogeleg å ikkje høyre når dei øver og ein prøver å lese tung, symbolsk litteratur... Eg vart likevel overraska og tykte det var kjekt, men det var mest pga. den gode stemningen. Salen var faktisk stappfull, og konferansieren, ein spradebass som bur på samme etasje som meg (han som knekte beggje armane i april) laga temmeleg bra show. Heile konserten vart opna med noko etnisk-inspirert opplegg som vart veldig stemningsfult med bruk av naturbilete frå Australia på storskjerm og små bjeller, bongotrommer. Og studentbolig-sjefen spelte på didjeridoo. Det var lågmælt og følelsesrikt med mjuke lydar, avbroten av ein mobilringetone, slik som seg hør og bør. Det tok lufta litt ut av ballongen reint musikalsk, men stemninga tok seg opp. Etterpå var det framføring av gamle svisker (heldigvis ikkje CC Cowboys og DumDumBoys!) som iallefall eg hadde høyrd eit par gonger for mykje. Med eit klart unnatak av slagverket som var ustemt og til de grader urytmisk og på toppen av det heile altfor høgt i forhold til alle andre instrument, var det ikkje så gale. Etter dette var det ei rekkje andre framføringar, blant anna ei heimelaga ballade på temmeleg dårleg engelsk, noko klassisk gitar-greier med to spanjolar som tydelegvis hadde spelt ei stund, og til mi store overrasking ein tyskar eg kjenner her på huset som spelte diverse klassisk musikk på tangentar, og han spelte dei bra. Eg visste ikkje at han spelte i det heile tatt, faktisk. Etter konserten var det jam-session, og den skippa eg greit ettersom han som spelte slagverk greidde å radbrekkja klassikaren Chameleon. Dei jamma ganske lenge og eg sovna ganske seint pga. høg lyd. Det er heilt vanleg for tida.

Eg høyrer det er heitt heime i Noreg, og det er heitt her og. Det regnar eindel likevel, og då blir det fuktig og varmen vert enno meir påtrengjande. Likevel føler eg at eg har blitt meir tolerant overfor varmen, og det kan kanskje høve ettersom eg skal til Spania før eg reiser heim. Der er det ofte heitt. Eg har nemleg bestilt flybilett frå Barcellona til Oslo og vidare til Bergen for den nette sum av 960 kr inkludert skattar og avgifter, og landar såleis på Flesland tirsdag 16. juli klokka 17.55. Eg veit enno ikkje når eg reiser til spania, men det blir den 11. eller 12., alt etter korleis eg ser det går på eksamenane den 19. juni. Fly frå Milano til Barcellona kostar ikkje meir enn 76 euro, så det er ikkje så ille. Eg byrjar å bli bereist no.

Eg fekk ei stor pakke i posten i går, nemleg ein haug brosjyrer frå Aurland og Lærdal Reiselivslag. Eit par personar har vore litt nysgjerrige på korleis det ser ut der eg kjem frå (dei let seg fascinere av at eg er frå fjord-Noreg) og Frida frå Sverige har veldig lyst til å reisa til Vestlandet. Ho har ikkje vore i Noreg før. Difor ba eg om eindel informasjonsmateriell som eg kan distribuera her nede og laga god reklame, og det fekk eg altså i går. Postvesenet hadde ikkje vore heilt nådig med den feite konvolutten, men innhaldet var uskadd. Eg fann og eit postkort med ei kjapp helsing på frå Tanna. På postkortet var det bilete av han som bur på Gudvangen og kler seg ut som viking i sommarhalvåret, og det bildet var så tøft at eg hengte det opp på døra mi. Alle har noko på døra si, fotballklubb-klistremerker, belgiske vitseteiknigar, ein tyskar har eit norsk varselskilt med ein elg i og skrifta Norwegen under (!!) og no har eg altså ein viking på døra mi. Det kunne ikkje ha passa betre.

Ellers er det lite å seie. Det einaste kurset eg framleis har forelesningar i er kontemporær italiensk litteratur, og det er i praksis diktanalyse. Dritkjedeleg. På dagens forelesning mista eg tråden med ei gong forelesninga byrja og eg sette meg til å skrive ei liste over ting eg må kjøpe med meg frå Italia når eg reiser. Det dreier seg om bøker, nokre souvenir-greier, ein haug espressokaffi, kanskje ein liten ost, og meir hugsar eg ikkje no. Vifta mi skal eg gje vekk, den er for stor til å ta med. Kjøkenutstyret er ikkje verd flettekorga eg oppbevarar det i, så det går direkte i boset saman med den mildt sagt elendige mokka-kanna eg kjøpte. Den er så dårleg at eg har berre brukt den 5-6 gonger og eg har for alvor lært at kaffikanner som lagar god kaffi ikkje kostar 4 euro.

No skal eg setja meg framfor vifta mi og lesa på desse grammatikk-greiene. Det er mildt sagt avansert, og svært lite inspirerande.

Ingen kommentarer: