19 juni, 2007

Hæt!

Jau, i dag hadde eg eksamen i italiensk språk, og det gjekk eigentleg heilt greitt. Iallefall første delen. Eg hadde blitt advart av andre som bur her om at det var ein vanskeleg eksamen, og det var delvis korrekt. Men no er det gjort og eg har ikkje behov for betre enn ståkarakter, så då er det eigentleg det same. I gårkveld lada eg opp med å sitja utanfor her med ein heil gjeng medbebuarar og prata, eller i hovedsak høyra på, pisspreik av variert slag. Ganske kjekt, men det er også slik at det ein ikkje har lært dagen før eksamen det lærer ein ikkje til eksamen uansett, så då var det berre å ta det med ro. Ikkje gadd eg lesa heller. Dessuten har grammatikk-eksamen, som eg og skulle ha i dag, blitt utsett til i morgon. Det passar meg utmerket, då kan eg lesa på det mest umogelege i dag som eg har fått unna den fordømrade språkeksamen. Grammatikken er ganske komplisert og grusom, men med sognamål kjem ein heilt til Istanbul (om ein i det heile tatt vil dit).

Eg har skamma meg litt over å ha forsømt fotografering av byen så langt, alt eg har er nokre små bilete frå Venezia og noko anna skrap. Men no har eg skjerpa meg og faktisk putta kameraet i sekken når eg har gått på forelesning og eksamen, sånn i tilfelle. Problemet har og vore at minnekortet mitt ikkje er så stort: det er 128 mb, eg kjøpte det saman med kameraet. No har teknologien gått framover også dei siste fire åra, og i dag kjøpte eg eit minnekort på 1024 mb til 200kr. Det skal eg fylla med bilete. Når eg er ferdig med eksamenane, forhåpentlegvis torsdag neste veke, skal eg på bilturar med Mattia og ta bilete av alt eg kjem over. På max-kvalitet har minnekortet plass til over 600 bilete. Fantastisk.

Og bra var det at eg hadde med meg kameraet i dag. Frida frå Sverige var ferdig med eksamen kl. 10, eg var ferdig kl. 11 (eg tok begge modulane, ho tok berre ein), så etterpå stakk eg ned til ho på besøk. Ho fortalte at ho hadde truffe på ein annan student som budde i samme bygning som ho, nærmare bestemt i 11. etasje. Frida sjølv bur i 1. etasje. Han hadde hatt eksamen han også, og hadde fått toppkarakter. I sin gledesrus sa han at ho måte ta seg ein tur opp og ta ein etter-eksamen-øl og sjå utsikta derfrå. No skal det seiast at Frida er i likheit med meg avholds, men før me gjekk ut tok me ein tur innom hjå han. Det var leiligheita si, det. Utsikta var forbanna bra, og sjølve boarealet var fint (men dei kunne ha teke oppvasken...). Eg tok bilete som ein annan turist og slo av ein kort prat. Artig nok traff eg ei som budde der som tok litteraturkurset med meg. Etterpå gjekk me til byen og eg kjøpte meg ein slags omelett-pai med skinke. Ja, det var godt.

No får eg det til å høyrast ut som om alt er tipp topp her, men det er ikkje heilt sant. Eg er særs plaga av myggen, og den er ikkje nådig her. Det er ein mygg som heiter Tigermygg (fordi den er stripete) og den stikk skikkeleg. Og ikkje berre det, den er så frekk at den kan stikka 5-6 gonger, den er ikkje nøgd med berre ein. Eg trur det er den som har vore på lekamen min i det siste, og eg er eit lett bytte når eg ligg utildekka i 30 varmegrader og søv. I dag fann eg eit stikk heilt ytterst på peikefingeren, eit på handbaken, mange på ryggen og skuldrane, eitt i tinningen, og trur de forsyne meg ikkje eg har eit stikk på hælen og. Det var nytt for meg, og heilt utruleg plagsomt.

Ingen kommentarer: